Gå til innhald

We will rock you.

februar 18, 2011

To gonger i løpet av opphaldet i London, var eg på det same store teateret. Begge gongene for å sjå folk strekkja armane mot himmelen, klappa rytmar og ta av frå kvardagen.

Først, på fredagen, såg me «We will rock you», Queen-musikalen der Galilei Figaro og Scaramouche leitar etter musikkinstrumenta det er totalforbod mot slikt i eit teknologisk og totalitært samfunn. Sjølv har eg aldri hatt noko spesielt sterkt forhold til Queen, og fleire av låtane var meg heilt ukjende. Likevel var det flott. Eg lar meg imponera veldig av profesjonell sceneopptreden og dei fantastiske sceneløysingane og scenografien dei alltid har på slike store musikalar. Eg trur at ein del av scenedekorasjonane var lyshologram, som altså var lysskapte illusjonar som ikkje var der på ekte, men heilt sikker er eg ikkje.

Før musikalen begynte, opplevde eg eit lite under; på grunn av sjukdom hadde me nokre billettar til overs, som me gjerne ville selgja. Ho som haldt dei mista den eine ned på bakken, og eg bøygde meg for å plukka han opp, og presterte å mista brillene ned frå nasen og inn i eit hav av trampande føter med sko på. Eg hylte til i forskrekking, og var sikker på at dei i løpet av sekund ville bli trampa i småbitar, og at eg måtte forhalda meg til resten av opphaldet i storbyen i halvblind tilstand… Eg tapte brillene av syne og såg dei ikkje att, men etter kanskje ti sekund så stod det ein mann der og haldt dei like heile framfor nasen min. Ein av kollegene mine meinte at eg måtte ha ei innebygd spesialbeskytting mot at ting eg mistar forsvinn for godt eller kjem til skade, og det er jo i og for seg ein hyggeleg tanke.

Sundag formiddag var eg i det same lokalet på Hillsong-gudsteneste. Me vart tekne meir enn godt i mot av smilande unge menneske i  mottakskomiteen som baud på varm kaffi eller te og så fyldest teatersalen på ny. Denne gong med lovsong, der folk stod ganske lenge, med eller utan løfta armar og lot songen fylla sansane. Eg var litt spent på forkynninga, men syntest talen var veldig fin. Talaren snakka om at det det moderne mennesket slit med er det som på engelsk heiter «Connection». Dette å våga å knytta seg til andre menneske og våga å knytta seg til Gud. Dette å våga å gje så mykje slepp på sitt eige liv og sine eigne behov at ein bli kombatibel til andre. Etterpå snakka han mykje om «gamle dydar» som det ikkje blir snakka så mykje om lenger: Evna til tålmod, til å vera audmjuk, til å stilla opp for andre sjølv om ein ikkje til ei kvar tid får betalt for det. Det er ikkje det same som å vera sjølvutslettande, det er snarare å halda fast på sin eigen substans, samtidig som ein seier, eg er her for deg, same kva som skjer, og eg har styrke nok til å halda ut i det som er prosjektet mitt. Kloke ord spør du meg, sjølv om det eg skriv her sjølvsagt er silt gjennom mine eigne tankar og mitt eige mottaksapparat.

Men eg trur det er rett. Verda treng menneske som ikkje automatisk stiller spørsmåla «Kva har eg igjen for å gjera dette?» Kva har du å selgja meg?» «Kva er du interessert i å kjøpa av meg, og kor mykje får eg for det?» Og verda treng menneske som framleis hugsar kva tålmod er for noko. Då er det ikkje så viktig om ein løftar hendene og rockar laus,  eller ein vel  å takla det meste med stoisk ro.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Høyrest ut som om du har fått mykje påfyll!! Ein gong må me gjera London ilag……

    • heidi permalink

      Eg er klar ehhh, kven skal påkosta neste tur, mon tru… Er så van med studiereiser nå…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: