Gå til innhald

Her er sol og glede

april 27, 2011

Alltid når eg har vore lenge borte frå bloggen, er det slik at  eg ikkje heilt veit kor eg skal starta. Det er så mykje eg kunne ha skrive om at det liksom blir litt uoverstigeleg å setja i gang. Så eg gjer det som kjennest mest naturleg, startar akkurat her eg sit i ein haug av papir og bøker og kastar meg ut i skrivinga att. Ute er det deilig sol, og både ute og inne er det litt av kvart som skulle ha vore gjort, men nå er eg på skrivejobben min, og då skal det skrivast, for nå går dagane så fort at det ryk av dei. Eg må klora meg fast med negler og fingertuppar slik at eg får gjort noko og halde dagane og sekunda fast.

Før påske var det stor forestilling med tiandeklassingane i kulturskulen. Det var heftig, altoppslukande og veldig vellukka så langt eg kan bedømma. Så kasta eg meg på toget for å feira femtiårsdagen til Sissel, barndomsvenninna mi, som eg heldigvis har funne meir og meir tilbake til dei siste åra. Toget gjekk grytidleg så dei første timane sat eg og duppa fram og tilbake frå vaken tillstand medan eg gjenopplevde forstillinga bit for bit og song for song.
Eg vart møtt på stasjonen av faren til Sissel som såg omtrent ut som sist eg såg han for 25 år sidan eller meir, bare ørlite grann eldre. Så reiste me heim til huset hans, for foreldra hennar hadde spurt om å «få låna meg litt sidan det var så lenge sidan sist». Mora var og omtrent som ho er i minna mine, sjølv om det var meir enn 20 år sidan sist eg såg ho. Dei har nemleg flytta til ein annan kant av landet enn der eg bur, så sjansen for å møta dei på toget eller i Storgata har vore forsvinnande lita dei siste 20 åra. Det var veldig rørande å vera utlånt til dei ein liten time. Dette er menneske eg var saman med omtrent dagleg ein viktig del av barndomen, og eg var veldig glad i dei.

Så var det selskap heime hos Sissel, det var så kjekt å snakak med systrene hennar igjen. Og det er veldig rart at den søte mørke veslesystera som var veldig mykje yngre enn oss, meir enn seks år for å vera nøyaktig, nettopp hadde feira bryllaup for eldste dotter si.

Då festen var slutt vart eg kjørt til Torun og Torbjørn som bur mindre enn ein time unna, og så fekk eg to og ein halv heilt nydeleg vårdag med dei medan den svarte isen gradvis forsvann heilt frå Tyrifjorden og kvitveisen opna seg i skogsbrynet med store teppe av blåveis i bakgrunnen medan linerla tok dei første stega i tunet etter ein lang vinter. Saman med Torun og torbjørn blir livet omtrent som då me var bestevenner på lærarhøgskulen for 30 år sidan.

Etter ein busstur til Oslo møtte eg Linda, som eg besøkte for snart sju år sidan i Tanzania. Ho var i Norge for å ordna forskjellige forretningsmessige ting og for å besøkja Chitu, sonen, som er her for å ta vidareutdanning. Det var sterkt og slott å møta henne. Me fann oss ein kafe med forholdsvis rimeleg indisk mat, og der vart me sitjande i time etter time for å snakka om livet og alt som skjer oss.

Så reiste eg gjennom natta med nattoget, og landa heime tidsnok til ein innkjøpsrunde med Jan Ivar der me kjøpte kostyme og rekvisita til forestillinga «Den store fargeslukaren». Heime var det fullt reir. Med Odd Chrstian og Oddvar heime er me sju meir eller mindre vaksne personar i huset i tillegg til hund og katt og undulat. Eg elskar å ha alle saman rundt meg, men innsåg raskt at med påskefeiringsrituale og fullt hus så var det ikkje tida til å jobba med strukturert skriving. Derimot var det tida for lange frokostar, lange fotturar i nydeleg ver, kaffi og vafler med mor og far og tid saman med venner og bekjente.

Me feira påskenatt i kyrkja med tende lys i ei mørk kyrkje og og song «Deg være ære» på kyrkjegarden midt på natta. Første påskedag spelte eg dokketeater i kyrkja og hadde påskelunsj saman med Arne og Hilde og mange andre trivelege menneske.

Og nå hentar eg meg inn til eit liv med skriving, teater og lange turar slik at eg får mange steg på skritteljaren. På laurdag skal Maren konfirmerast, og eg hadde strengt tatt kunna hatt bruk for ein ny kjole. Om mindre enn ein månad skal eg feira femtiårsdagen min i fleire omgangar med mange gjester.

Det er fint å leva. Eit par bekymringar har sluppe taket, og livet smiler. Dette vart ein referatliknande tekst, ser eg. I mange år har eg pålagd meg sjølv det same livsnære prosjektet: Skriva på Andedrakt kvar einaste dag i heile maimånaden. Eg trur eg går for ein sesong til.

Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Ja! Gläder mig åt att få läsa dig var dag i en månad!

  2. Heidi permalink

    🙂

  3. emma permalink

    Vil du ha sydd kjole til 50 års dagen? Eg syr veit du…

  4. heidi permalink

    Du er ikkje verst Eva mari. Har nettopp vore og kjøpt meg kjole, for eg trong noko i konfirmasjonen og. Ein kvit med rosa roser som eg brukte då, og ein grøn med lang jakke over som eg tenkte å ha i 50-årsdagen.:-) Gler meg til å sjå deg, når kjem du?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: