Gå til innhald

Det finaste folk har

juni 14, 2011

Slik tenkjer eg ofte når eg står der med ungar rundt meg. Tillitsfulle, mjuke, sårbare og glade ungar. Tenk at nokon har betrudd oss ansvaret for det finaste dei har. Då får eg lyst til å ta av meg lua, bøya hovudet og seia som Kolbein Falkeid: «Å såmenn, vær rene på hendene.» For meg er det eit utruleg privilegium å få omgje meg med ungar, og heldigvis treff eg dei på jobb nå når mine eigne snart ikkje er ungar lenger, eller kanskje endå ærlegare sagt; definitivt ikkje er ungar lenger.

I dag var eg på barnehagebesøk for å møta, og for å observera korleis dei har det der, dei barna som snart skal vera i førsteklasse hos oss. Som ofte når eg er inne i barnehagar fekk eg denne kjensla av å vera i ein ukjend og lukka verden. «Barn er et folk och dom bor i en främmande värld…» som det står i songen om «Det gåtfulla folket». Eg trur eg ville ha likt å jobba i barnehage. Det eg såg i dag var så mjukt og ekte og blidt at det varma meg langt inn i magen. Tenk at ein så viktig jobb som det å vera i barndomen til nokon for å tilrettelegga for alt som seinare skal skje dei. Det er eigentleg ikkje til å forstå at det å vera ansvarleg for ungar framleis blir betrakta som eit slags lågstatusyrke, i det minste kunne lønnssllippane tyda på det. Eg er overbevist om at eg ville ha likt å jobba i barnehage, sjølv om timeslange økter i sandkasse i regnet midt på vinteren kanskje ikje er den mest tiltalande delen av det heile. Sjølv om eg svært gjerne skulle hatt lenger skrivepermisjon, så kjennest det godt å oppdaga at eg faktisk oppriktig gledar meg til å jobba i første klasse frå august av og oppdaga livet saman med desse fantastiske små menneska.

Etter barnehagebesøket hadde eg nokre timar med noko eg ikkje er flink til i det heile tatt, nemleg sommarrydding av arbeidsplass. Aldr får eg vel så mange kreative innfall og tankar som når det skal ryddast nokon plass… Og nå heime, og første langøkta på lenge ved tastaturet. Halvard puggar matte til eksamen i morgon, oppvaskmaskinen har takka for seg med ein liten lekkasje og kjærasten min leitar etter høyreapparatet sitt. Katten malar og stryk seg inntil meg så halve vinterpelsen blir liggande att på den svarte kjolen min med kvite prikkar. Sunniva har vore på audition til ein spelefilm med ein tittel eg aldri kjem til å få munnen  min til å uttala, og syntest det hadde vore spennande. Ho var akkurat innom for å øyra om eg kunne laga vafler til jentene på loftet. Og det kan eg dersom me har mjølk i huset. Eg skal gå og sjekka det akkurat nå. 🙂
Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, första klass! Så roligt och så krävande också förstås. Men redan i andra klass häpnar man över hur mycket de lärt sig och hur mycket de «folkat till sig».
    jag jobbade i en liten byskola när jag var på lågstadiet, och det är en tid jag minns med glädje. Fast att jobba i den stora högstadieskolan mitt i stan var också väldigt roligt! Och helt annorlunda på alla vis! (Fast konstigt nog fick jag många kramar där också.)
    Förstår att du tycker att det ska bli härligt att sätta igång igen. Men först ska du ju ha ett härligt sommarlov!

  2. heidi permalink

    Det skal eg, Tintomara. 🙂 Det er ei stund sidan eg har jobba med små barn, og det gleder eg meg verkeleg til.

Kommenter innlegget