Gå til innhald

Eg klarte det i år og…

juni 13, 2011

Sjølv om eg faktisk er i permisjon frå 75% av stillinga mi, så har eg klart det årlege stuntet å bli skikkelig trøytt når det nærmar seg sommarferie. Det har gått i eitt med selskap for meg og Sunniva, ulike forestillingar og oppstart med nye førsteklassingar som eg skal i gang med for fullt til hausten. På under ei veke hadde me sju store forestillingar av to ulike barneteaterstykke, og elevane på skrivekurset har laga fin bok i lag med dei på kunstfag.  I tillegg så har alle barn og «svigerbarn» hatt ganske store eksamenar, og eg har vore ein del involvert i tre av dei som støtte og samtalepartnar under eksamenslesing, så nå er eg oppdatert på norsk grammatikk, norsk barnelitteratur, argumentasjonsteknikk, teaterhistorie, og nå i pinsehelga matematikk for vidaregåande skule. Halvard må seiast å vera eit skippertaksmenneske, og nå les han matematikk for harde livet. Eg har heldigvis fått brakt på det reine at eg hugsar korleis ein løyser likningar, i alle fall førstegradslikningar. Elles så er Halvard priviligert i og med at både Oddvar og Odd Christian er heime, og begge har hatt mykje meir matematikk enn meg.

På lørdag hadde Sunniva invitert 24 venninner på 18-årsdagsfeiring. Eg kokte tre store gryter indisk kyllingsuppe, og ei gryte blomkålsuppe med brokkoli, det siste til dei som var vegetarianarar eller ikkje likte indisk mat, og innimellom fekk eg bakt eit par kaker. Sjølv spelte ho teater, denne helga var det Askepott, men kom heim med to venninner tidsnok til at dei fekk skore opp to store skåler med fruktsalat med fersk ananas og mango. Eg og kjærasten min var utkommanderte til å styra unna heimen under selskapet. Me hadde tenkt oss på kino for å sjå den siste Lars von Trier- filmen, men svippa innom Anne Mette og Jan Atle på vegen og vart frista med deilig biffmiddag, så me kom aldri lenger enn til å ha ein hyggeleg kveld i lag med dei. Det var lenge sidan sist me hadde ein lørdagskveld saman, og det var kjempetriveleg å sitja saman med dei og kikka ut på robotplenklipparen Bob som haldt hagen fin. På heimvegen reiste me ned til havet for å sjå på junihavet ved midnatt. Det var fint, mensamtidig med oss kom det ei heftig regnbyge, så me kom oss aldri ut av bilen.

Heime var dei siste gjestene i ferd med å gå då me kom heim, bortsett frå dei som skulle overnatta, huset stod like støtt som då me reiste, og jubilanten var strålande fornøgd. Halvard og Odd Christian kom akkurat heim, og me vart sitjande ganske lenge og prata og eta supperestar. Så var det opp relativt tidleg sundag morgon fordi eg skulle ha sundagsskule med noko så pass eksotisk som ei flannellografframstilling av historia om Filip og den etiopiske hoffmannen.  Etterpå reiste me i veg for å få sett Askepottforestillinga til Sunniva.

Etterpå var eg bare veldig trøytt, og innvilga meg ein ettermiddag/ kveld med TV, aviser og bøker. Det gjorde godt. Eg låg på sofaen med boka mi medan eg coacha Halvard med matten, ungdomane spelte kort og drakk kaffi og mopsen sprang fram og tilbake oppå meg og prøvde å slikka meg i ansiktet og Cleopatra mjaua sårt etter middagen sin. Når me er fulltallige bur me sju meir eller mindre unge og meir eller mindre vaksne i huset i tillegg til hund, katt, undulat og gullfiskar. Men eit par av dei har bare vore her i feriane, og nå er dei så smått på flyttefot, så snart er det bare Halvard og Sunniva som deler hus med foreldra sine. Om eit par år er dei kanskje utflytta dei og, så det gjeld å nyta at enn så lenge så er me ein stor og fargerik familie og i tillegg kjem «Spretts slekt og venner» som det og kan bli ein del av til saman…

I dag var det deilig å koma seg ut i skogen ein tur, først saman med Ingrid, Halvard og Oscar, men den siste timen gjekk eg heilt aleine, og det kjendest heilt nydeleg å få tenkja litt i fred under ein stor svart paraply medan sommarregnet silte over meg. Nå blømer det aller meste av markblomar; blåklokker, kløver, tiriltunger, knappurt, gauksyre, smørblomar,  bittekonvall og kjempekonvall. Det luktar gras og jord, lamma er blitt store og lubne, og vipene flyg lågt over markene for å verna reira sine. Eg såg linerler og svaler mellom kråker, skjærer og trostar. Det er fint å vera ute i sommarregn.

Og nå må eg få rydda og ordna litt og prøva å koma i mål med diktsamlinga mi, som eg eigentleg hadde tenkt å vera ferdig med til påske. Det har blitt lite systematisk skriving etter påsle, må eg innrømma. Det har vore så mykje anna å bruka krefter på. Men nå håpar eg å få nokre gode skriveveker i sommar. Sånn innimellom alt…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: