Gå til innhald

Fire sommardikt

juni 20, 2011

Eg har vore på ein herleg venninnetur på ei hytte ytterst i havgapet der svaberga er rosa. Eg let dikta eg skreiv fortelja om turen:

***

Kjærlighet
fra Gud
springer like ut
frå kulpane
og einerkratta
frå kulpane og
jettgrytene
frå skuringsstripene
frå tiriltungene
som en kilde klar og ren.
Han går i eitt med svaberga
og er i måkane
som ligg lågt over havet
der livet pulserer taktfast,
i dens stille bunn,
i dens dype grunn.
Strandnellikane vippar med hovuda
og klarer seg med lite
bare tærne er festa
i bergsprekkene.
Der smørblomane lyser som soler
mot sommaren
finnes livets edelsten.

***

Kveldsregnet kjem
kjærleg på tå
før du har
fått tid å tenka tanken
kjem det
mjukt under regnbogeparaplyen,
under
den vennlege kveldssola.
Kjem og vil lukka døra
bak dagen,
vil opna opp
for natta,
natta med det milde lyset
og dei ettertenksome
skuggane
over dei kvite nyperosene.
Kveldsregnet kjem forsiktig
for å
gjera det det må.
Kanskje det hugsar
å slippa ut katten.
***
Duken på bordet,
markblomar i glaset,
fuglevikke, storknebb,
lysande gule tilriltunger,
og raudare kløver enn nokon gong.
Dei første myggande
under ei symjande makrellsky
på veg over himmelen,
medan glupske måkar
lengter etter
å få velta vinglasa
og stikka lange grådige nebb
i fløytemugga,
før dei truleg gjerne kvitterer
med måkeskit på det
grå ullteppet.
***

Kvinnene blir eitt med svaberga
fyllar alle holroma i fjellet
med mjuke runde
kurver
blir rosa og grå
som fjellet
med ryggen mot varm stein,
medan
lyset kjærteiknar
lukka auge og runde bryst,
medan sola gir varme
til
gamle draumar
og nye håp
mellom tiriltunge
og strandnellikar
der
pulsen til havet
er dei enaste merkbare hjarteslaga.

Heidi

 

2 kommentarar
  1. emma permalink

    Herlegt min venn!

  2. Heidi permalink

    Tusen takk 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: