Gå til innhald

Jonsok

juni 24, 2011

Det var det me kalla det då eg var lita. Nå seier eg kanskje mest St.Hans. Begge namna går tilbake til døyparen Johannes. Jonsvaka var til minne om fødselen hans, men samtidig er det ei eldgammal feiring av sommarsolverv, at sola snur og dagane langsomt skal bli kortare att.  Og visst har me feira litt, sjølv om veret har vore kaldt og ganske grått. Først grilla me på terrassen, og nådde akkurat å tygga ferdig før det begynte å regna. Så tok me ein kjøretur ned til strendene, eg, kjærasten min, Oddvar og Ingrid. Me fekk både sjå sola henga høg og raud over havet ein stad mellom skyene, sett fleire bål og fotografert på stranda. Desse lyse nettene er nesten magiske, lyset er så mjukt og fint, og eg elskar at det mest ikkje er mørkt i det heile tatt. Det blir liksom heilt feil å bruka nettene til å sova når det er så fint ute. Eg har skrive eit jonsokdikt i ettermiddag. Det er ikkje særleg bearbeida, men eg tek det med som ein kuriositet og ein bit ferskvare medan natta framleis er her.

Jonsok

Den lysaste natta i året
skal eg vaka
for alle gode tings skuld,
for kattepotar og timian
for marehalm og anger
for fuglevenger
mot lys natthimmel
for tårer,
for bølgeskum
og barnehender

skal eg venta
frå sola
sig stor og raud i havet
til ho står opp att
for alle håp,

skal eg plukka sju slag blomar
og gje dei i vatn
skal eg be til Gud
og til alle englane
for all god vilje
og for mor vår, jorda.

 
*
Elles så er det alltid litt travelt å koma heim att etter ein tur med ryggsekken full av skitne klær og huset fullt av ferdiglagde gjerningar… Eg har pakka vekk vinterkleda og sett sommarkleda mine på vask. Eg vil prøva å ta meg tid til å skriva litt om dagane mine i Oslo / Bærum tidlegare i veka, for dei fortener å bli tatt vare på. «Wenn Jemand eine Reise tut, dann kann er was erzählen.»
 
Heidi
Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: