Gå til innhald

Diktsamlinga er klar til å sendast

juni 28, 2011

Nå skal eg bare printa ho ut og lesa ein siste korrektur før eg skriv brev til forlaget. Eg veit at det er langt vanskeleg å få gitt ut dikt nå enn då eg sist gjorde det for meir enn tjue år sidan, men skam få den som gir seg. Her skal det i alle fall gjerast eit ærleg forsøk. Nå er eg kome til det stadiet ein kvar ærleg oppgåveskrivar truleg vil kjenna att, det stadiet der du ikkje veit om produktet ditt er riktig bra eller verkeleg dårleg… Det er i alle fall fint å vera så langt. Tittelen på boka har blitt «Det er bare livet ditt», men eg har og vore inne på tanken å kalla ho «Fortel meg at det er her eg høyrer heime.» Eg tek gjerne i mot synspunkt.

Det blir lite tid til å kvila på laurbær, for nå skal me mala stova. Eg som ikkje blunkar når det gjeld å setja i gang ein del uhorveleg store prosjekt, er ei skikkeleg pyse når det gjeld husopppussing. Men det er vel bare å gå i gang, så kjem me i beste fall i mål etterkvart. Familien er i ferd med å rotta seg litt saman mot meg. Eg likar at ein del ting er ca som dei alltid har vore, så slepp ein å bruka meir energi på dei. I stova er det ein peis med mur av raude murstein. Dei er ekte 70-tals byggeskikk, men familien står nå samla om at muren skal malast kvit… Raude murstein er då vakkert? Og maling av mustein tek sikkert lang tid…

Og femtitalsskjenken etter bestemor…Med lys i og mønstra glasruter på. Resten av familien vil ha han ut av huset. Eg ser at han har fått eit visst preg av livets gang etter å ha budd i stova vår i femten år etter å ha budd hos bestemor i sikkert femti, men det er jo ein del av barndomen min… Og gamle møbler har då litt sjel…

Her vil nok skarpe lesarar ha slått fast at eg er ein håplaus bakstrever når det gjeld oppussing… Eg vil gjerne ha det gjort, men kvir meg frykteleg for å gå i gang, og eg er forferdeleg dårleg til å kasta ting. Nå er nådetida ved macen snart forbi, Leif og Halvard kjem heim med maling, og så er det bare å gå i gang. Eg skal stå for veggvasken med varmt salmiakvatn… Dei har allereie begynt å ta bilete ned frå veggene… Og eg som hadde så fine blomar på bordet…

I går vaska eg mest mogleg klede fordi det var så god klestørk med vind og sol, og veldig mykje hang framleis på snorene ute då eg la meg i går. I dag har regnet hølja ned akkompagnert av toredrønn. Men dei melder opphald att på torsdag, så eg håpar dei blir tørre då.
På laurdag pakkar me med oss heile gjengen minus Oscar som ikkje vart rabiesvaksinert i tide, og dreg til Danmark, der me har leigd eit sommarhus ikkje langt frå Skagen. Dessverre er ikkje langtidsvermeldinga på yr særleg oppløftande. Det ser ut til å bli ein del regn og ikkje temperaturar over femten grader… Men Danmark er dejlig uansett. Me får nok bare finna oss i at sommar  Skandinavia er noko anna enn sommar i Spania.

Til pumpene, rattet og salmiakkflaska…

Heidi

 

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Håller tummarna för att den blir antagen och utiven. Det måste ju vara lite lättare när du är publicerad förut, väl? Jag har tyckt mycket om dikterna även om jag inte kommenterat så mycket. Jag har haft lite svårare att greppa dikterna än när du skriver prosa, men, som sagt, tyckt om dem ändå!

  2. heidi permalink

    Tusen takk, Tintomara. Når får me sjå koss det går 🙂

  3. emma permalink

    Håper ikkje sjenken er ute…den er veldig fin…

  4. Heidi permalink

    Jo, nå er han dessverre ute. Eg er nedstemd, men såg då me bar han ut at han er blitt nokså skrapete. Kanskje fleire skraper kom under beringa. Men me håpar at Fretex vil ha han, eventuelt den andre gjenbruksbutikken her. Danmark i morgon.

Legg att svar til heidi Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: