Gå til innhald

I dag passar det med denne songen

juni 29, 2011

som eg skreiv for veldig lenge sidan til eit jentekor. Sigvald Tveit laga melodien, og Eir Inderhaug song han på konserten. Denne songen er eg veldig glad i sjølv. Eg skulle gjerne høyra han framført ein gong til. Sommarregn kan vera betre enn sitt rykte.

Å bare stå i sommarregn

Å bare stå i sommarregn, med håret tungt og vått,

å bare stå og vera til, og kjenna det er godt.

Når dagen angar bjørk og pors og rosmarin og jord.

og alt du veit er sommaren med song i sine spor.

*

Å bare vera sterk og fri, og levande og glad.

Å sjå at vinden leiker blidt med grøne bjørkeblad.

Å stå og frysa lite grann, men stå slik likevel.

Å vera song og liv og lengt når det er seint på kveld.

*

Å stå og kjenna dette att, du kjenner i frå før

ein annan sommar, annan song, ei anna open dør.

Ein bris, ein song, eit bølgeskvulp og varme enkle ord.

Eit anna barn som var deg sjølv, ei tåre og ei mor.

*

Å bare stå i sommarregn, med tankar og med tid,

ein seljefløytetone, og ein mygg på handa di,

ein måne bak ei sommarsky, eit skip langt ut frå land

eit gammalt eventyr du kan, ein melodi du fann.

*

Du kjenner at Gud skapte deg av mold og lengt og song,

at sommarregn og lukt av gras var noko som du trong.

Med bare bein på heilag grunn, ein sommar går forbi,

ein fløytetone stemd i moll mot sommarsjela di.

Heidi

From → blomar, Natur, sommar

2 kommentarar
  1. Jarfeld permalink

    Vakkert, Heidi! Du har ordet i di makt og nær sommarkontakt. Midt i februar skreiv eg dette på blokka mi:

    BARN AV DEN NYE VÅR
    Gled deg ikke bare over at dagene blir lengre,
    heller ikke kun over lovprisningen av lyset.
    Men la fargene som skinner på regnbuen
    danse på dine velsignede kinn
    og ringe den nye vårvinen inn,
    i ditt hjerte og i ditt sinn.
    Til sommeren en gang
    blir din og bare din!

    Ha ein underbar sommar og takk for alt du deler!

  2. Heidi permalink

    Eg får trøysta meg med orda dine om eit halvt års tid 🙂 Og nå skal sommaren vera vår…

Legg att svar til Jarfeld Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: