Gå til innhald

Dette blir nok i full fart

juli 6, 2011

for der me bur har me ikkje internett. Men nokre ord her vil eg gjerne få på plass likevel. Akkurat nå sit eg og kjærasten min på «Kongens bar» i Ålbæk, for her er det nett. Veret har vore over all forventning, me har faktisk hatt sol og varme. Stranda er fantastisk vakker. Vatnet er ikkje like reint som heime, og framleis litt kaldt, men det er perfekt til å ta lange vasseturar i vannkanten. Lyset er fantastisk og kveldane nydelege. I morgon har me tenkt å leia oss syklar og sykla dei to mila til Skagen, i går var me Frederikshavn.

Eg tenkte på førehand at det å dra på familieferie med fire vaksne barn hadde eit element av risikosport i seg, men til nå har det gått veldig bra. Odd Christian har bemerka at det ser ut til å vera svært få personar mellom 20 og 30 år som ferierer i Ålbæk. Dei fleste er pensjonistar eller småbarnsfamiliar, men stort sett er alle glade og fornøgde, og dette er kanskje noko me gjer ein gong i livet. Spesielt er det i alle fall at seks så travle personar, som delvis har budd på kvar vår plass plutseleg er henviste til å vera saman i ei heil veke. I dag har me to ekstra vaksne vore på ein guida fottur i den vesle byen. Det viste seg å vera bare oss to som kom, og guiden hadde sin aller første omvisningstur. Det var interessant og ekslusivt å bli guida rundt og få ein del av dei forteljingane som høyrer byen til. Ein slik jobb kunne eg tenkt meg sjølv.

Og her er god tid til å lesa. På bokutsalet eg fortalde om, fekk eg kjøpt ein Benny Andersen-biografi som eg har lese med stor interesse. Han er eit av mine fremste førebilete når det gjeld lyrikk. I går var eg på jakt etter boka med alle hans samla dikt, men dei var utselde i Frederikshavn. Eg håpar å finna ho i ein bokhandel på Skagen. I går var eg på bokutsalet og plukka med meg bøker av ein annan stor favoritt: Dea Trier Mørch. Eg vil gjerne ha bøkene hennar på dansk. Heldigvis er alle barna våre glade i å lesa og, så viss me blir trøytte av einannan er det bare å stikka nasen i ei bok. Sunniva, som er den travlaste av oss alle, seier at ho verkeleg nyt å ha tid til å lesa bøker.

Nå begynner mannen i mitt liv å bli gankse utålmodig, så eg får slutta her. Planen vidare i dag er å besøkja eit ørnereservat. Nå skal me kjøpa med oss mat heim til lunsj.

Ha ein fin sommardag, alle saman.

 

Heidi

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    ha en fortsatt härlig ferie! Skagen är intressant och vackert. Jag har bara varit där en gång, trots att jag annars varit mycket i Danmark.

  2. emma permalink

    Har sett på album i dag frå vårt bryllaup – atig å sjå kor lik OC er faren sin som då var 25 år. Vi har samanlikna bilete som Leif har lagt på FLICKR og dei gamle bileta.
    Er nesten misunneleg på å sjå bilete frå DK. Skagen må vitjast – kanskje jentetur der til neste år…

  3. heidi permalink

    Jentetur til Skagen høyrest fantastisk fint ut. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: