Gå til innhald

Sykla til Skagen

juli 10, 2011

Faktisk har eg sykla til Skagen ein gong før, saman med ein artig gjeng frå jobben. Det må ha vore for ca 12 år sidan? Då leigde me nokre skranglekassar av nokre syklar i Hirtshals, og tråkka oss iherdig nordover medan kjettingane hoppa av med jamne mellomron, syklane punkterte rundt annankvar sving og den nye overtrekksbuksa mi vart omskapt til bare filler bak på det eine beinet fordi ein eller annan skarp pigg på ramma skar opp buksa kvar gong eg tråkka ned den eine pedalen. Men turen står for meg som eit fantastisk minne med ein del surrealistiske episodar eg aldri kjem til å gløyma. Den gongen tok me forresten lokaltog den siste biten opp til Skagen, fordi me overnatta eit stykke unna på ein stad som eg ikkje lenger hugsar kva heiter.

Aller første gongen me sykla til Skagen var sommaren 1994 saman med Heidi og Per Inge og ungane deira. Den gongen måtte planane leggast litt om frå dei opprinnelege planane, for i dei opprinnelege planane visste me ikkje at eg kom til å vera gravid isjuande månaden når datoen for turen endeleg kom. Derfor måtte me operera med ein følgebil, men eg sykla nå deler av turen likevel, og visst er det vel litt sprekt å vera på sykkelferie med stor mammamage og sykkeltralle med ein femåring og ein eittåring i. Odd Christian var sju og eit halvt år og sykla sjølv saman med Sindre som var litt eldre. Hanne og Åse Marie som var fire og fem og eit halvt år sat i den andre sykkeltralla. Det var ein fantastisk ferie det og.

Denne gongen vart det lettvarianten av å sykla til Skagen, sidan me var i Ålbæk som bare ligg drøye to mil der i frå. Me hadde bestillt syklar dagen før, og vermeldingane var gode, så det var litt nedtur å vakna til lydane av regn som plaska mot asfalten i gata utanfor. Heldigvis så letta veret etterkvart, og då me la i veg klokka eitt hadde det slutta å regna. I staden fekk me med oss den reine gode lufta og dei gode sommarluktene som oppstår når det har regna midt på sommaren. Sykkelstiane i Nord-Jylland er heilt fantastiske. Kaskje dei er det i resten av Danmark og, det har eg aldri prøvd ut. Stien gjekk skiftesvis langs sanddyner og klitter, gjennom små skogholt og gjennom eit flat landskap dekka av lyng og markblomar. Det er så godt som heilt flatt, så ein slepp både slitsomme motbakkar og skumle utforkjøringar. Det lukta godt av honning frå ville blomar, av jord og lyng og hav. Då me kom fram var eg rett og slett overraska over kor fort det gjekk å sykla to mil når forhola ligg maksimalt til rettes for det.

Vel framme på Skagen syntest me me fortente ein betre lunsj, og Sunniva hadde gode erfaringar med Jensens Bøfhus frå ein tur til København i fjor, så der sette me oss. Dei andre åt ulike variantar av biff og pommes frites, medan eg bestilde noko så trendy som fitnes-kylling, som viste seg å vera grilla kyllingfiletar med så mykje salat ein ville frå ein særdeles velfyld salatbar. Porsjonane var slik at me vart stappmette alle saman, og til ungdomane si milde fortviling så orka ingen den desserten dei hadde tenkt å bestilla: Så meget softice du kan spise med frit valg av tilbehør. Tilbehøret var alle former for strø non-stop, m, jordbærsaus, sjokoladesaus, krem, guf, sjokoladesaus og så vidare. I staden vart det kaffi i pappkrus kjøpt på gata ein time seinare.

Heimturen bestemte me oss for å ta i eige tempo. Halvard gav seg litt før oss andre og sykla heim før me var heilt ferdige med byen. Sunniva og Odd Christian sykla og heim kvar for seg, medan eg og kjærasten min la inn ein liten avstikkar frå sykkelstien opp til «Den tilsandede kirke», som ein gong i historien var blitt delvis begravd under ein periode med stor sandflukt. Eg må innrømma at ho i grunnen ikkje var så tilsanda som eg hadde sett for meg i fantasien, men det  var nå kjekt å få sett ho. Me la og inn ein liten ekstra pause med eit glas kald drikke på ein restaurant fordi det etterkvart gjorde litt vondt å sitja på sykkelsetet. Dagen etter då eg skulle levera tilbake sykkelen var eg etter møtet med det nevnte sykkelsetet særdeles glad for at eg skulle sykla 800 meter og ikkje åtte mil… Då måtte eg nok ha kjøpt meg eit sånn fint silikontrekk til setet som eg hadde med meg sist eg sykla i Danmark.

Men turen gav absolutt meirsmak. Det å sykla i Danmark er rett og slett fantastisk.  Og eg er i grunnen fornøgd med å oppdaga at drygt fire mil på sykkel ikkje er noko som helst problem bortsett frå i partiet der kroppen møter sykkelen… Danmark er eit land eg føler meg veldig heime i. Det er noko med det blide, runde, avslappa og tilbakelente som eg kjenner meg veldig heime i. Det var nesten litt trist å reisa der i frå.

Og nå er me heime på mellomlanding før me dreg til Austlandet på onsdag. Her er det sanneleg litt av kvart å henga fingrane i i tillegg til alle kleda som skal vaskast. Me er jo midt oppe i ein prosess med maling av stova, og Odd Christian sitt flyttelass, som er henta i Bergen dekker deler av golvet i gangen nede. I dag hadde eg i grunnen tenkt meg til gudsteneste i kyrkja her heime, men rakk det ikkje på grunn av romtekniske ting som at badet ikkje var ledig slik at eg fekk tørka det lange håret mitt etter at det var vaska. I staden vart det ein hurtigvariant på radioen akkompagnert av Oscar som sprang rundt beina mine, ein katt som prøvde å smiska seg til middagen sin alt for tidleg og Oddvar som spelte gitar i stova. Dette er eit hus for dei levande når alle bebuarane er til stades, og det er fint.

Heidi

2 kommentarar
  1. Scylla permalink

    Det låter fantastiskt med de där cykelturerna! Dessvärre tycks cykling inte riktigt vara min grej. Jag tycker att det är vansinnigt jobbigt, och har så tyckt även när jag i övrigt varit väldigt vältränad – vilket jag definitivt inte är nu.

  2. heidi permalink

    Det er fint å sykla, men om eg skulle ha klart å framstilla meg sjølv som ein spreking, så er det kanskje ikkje heilt i tråd med sanninga. I alle fall ikkje i tradisjonell forstand. (Og her er det lov å protestera.) Sykkelturar bør foregå i eit veldig uambisiøst tempo om dei skal passa meg, men dersom eg får bestemma tempoet og finn det rette landskapet å tråkka meg gjennom, så er sykling heilt fantastisk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: