Gå til innhald

VM-gull og Idas hjelpefond

desember 18, 2011

Eg har ikkje fått med handball-VM før nå, men kunne ikkje gå glipp av å sjå Norge vinna finalen. Eg har hatt ein fin fjerde sundag  advent med føremiddagskonsert på radio. Kjærasten min tilberedte lammelår og mor og far vart inviterte på middag. Så å seia heile storfamilien var samla for å støtta Borghild og Ida si adventmarkering for Idas hjelpefond. Det er fantastisk å sjå at jentene brukar seg sjølv både kreativt, fysisk og administrativt for å støtta fattige funksjonshemma barn i Guatemala. Heia Ida og Borghild. Eg har pådrege meg eit eller anna eg vil senda fort forbi med hovudverk, kvalme og vondt i halsen. Nå går eg tidleg i seng for å kurera meg sjølv. Eg har nemleg nettopp blitt spurd om å spela dodraug på personalavslutninga i morgon, og då kan eg vel ikkje gå hen og leggja meg sjuk. Huset er langt på veg julepynta. Det er koseleg det. Viss det er påfallande mange skrivefeil her, så skuldast det at eg akkurat nå er usikker på kor brillene mine måtte befinna seg, og då er eg dårleg på korrekturlesing.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Sender deg varme og lækjande tanker…… Måtte du verta frisk til vi skal konserta oss (!!) på Sandnes Brygge!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Takkar. Gir meg ikkje så lett og er oppe og går i dag og. Sofaen ropar, men eg må bare… Har ingen planar om å bli dårlegare. Sender deg ei melding når eg finn ut kor tid toget er på Sandnes i morgon 🙂

Legg att svar til heidi Avbryt svar