Gå til innhald

Eg har fått juleferie

desember 21, 2011

og kan derfor ikkje gå og leggja meg. Eg må jo til fulle nyta  tanken om at vekkerklokka ikkje skal få avbryta draumane mine i morgontidleg. I går vart det ikkje skriving, for då gjekk det i eitt til langt på natt med julebrev og diverse. Dagen i dag har vore innhaldsrik og flott. Det var siste adventsamlinga med elevar dette året, før dei kjem tilbake til klasseromet sitt har eg og Helen vore der og pakka vekk julekrubba me har sett opp gjennom adventtida, og me har fjerna adventstake og reinsdyr og englar frå vindauga, perler, pipereinsarar og julepapir har me sjølvsagt og rydda vekk. Eigentleg burde me ha gjort det i dag, men sidan ingen andre sannsynlegvis skal bruka det på lenge, så utsette me hovudvekkryddinga til ein dag i romjula eller ein av dei første nyårsdagane.

Me har ete kake, konfekt og riskrem på lærarromet, rektor har halde tale og ein versjon av Elvis Presley har vore på besøk. Me har delt ut insamla pengar til Idas hjelpefond. Ida har fortalt oss om ungane i Guatemala me samlar inn pengar til, og me har vore på bilete i lokalavisa.

Heime har Halvard teke juleansvar og mekka peparkakehus og sett opp juletre. Odd Christian har fått vita at han stod på eksamen i religionsvitenskap, og eg føler det mest som om eg har vore oppe til den same eksamenen. Eg har teke toget til Sandnes saman med Arne, vore på kaffibesøk i den fine leiligheita til Kirsti, og eg har vore på nydeleg jukekonsert med Randi Egeland på Sandnes Brygge. Eg kjende ikkje til henne i frå før, men det var verkeleg vakkert. Konserten var julepresangen frå Torhild til meg. Det var ein super julegave. Me var der saman, ho, eg og Kirsti. På veg dit snødde det så mykje at det vart kvitt ute, men då eg skulle gå til toget frå konserten hadde det begynt å regna og me vassa i slapsevatn.

På toget sat eg i same vogna som ein mann som sat og leika med lightaren sin. Det såg ut som om han prøvde å setja fyr på både buksa si og sokkane sine. Det lukta svidd nylon, så at han ikkje brant seg under føtene forstår eg ikkje. Eg vurderte å prøva å få denne vaksne mannen til å legga vekk lightaren, men lot det vera. Kanskje det at eg i det heile tatt vurderte å gjera det viser at eg er litt yrkesskada etter 26 år i skulen? Fyren tok heldigvis ikkje fyr før eg gjekk av toget…

Då eg kom av hadde snøvatnet frose til is, men eg kom meg heim med heile handledd og lårhalsar. Av alle ting steiker eg fisk i omnen fordi eg vart så svolten. Det har liksom ikkje vore tid til å eta skikkeleg i løpet av denne dagen. Frokosten vart eit havsteikt egg med kald plomme som eg åt rett frå steikepanna fordi Sunniva forsov seg og måtte kjørast til toget fordi ho skulle opptre og ikkje kunne koma forseint. Vekene før jul går litt på halv åtte. Ein veit aldri heilt koss ting blir. Men sjeldan har eg fått så mange klemmar som i dag… Så sit eg her ein halvtime inn i det nye døgnet og ventar på fisken min. Heldigvis har eg sans for humor.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Haha, det där med yrkesskada känner jag igen! Läste om mannen med tändaren på FaceBook, och tänkte då att det nog var tur att du inte sa något.
    Ha en fin jul ifall vi inte hörs av innan dess. Vi ska åka till min syster (som fyller år julafton) och plocka med pappa på vägen. Det blir första julen utan mamma.

  2. heidi permalink

    Ja, kanskje best at eg ikkje sa noko. 🙂 Ha ei god jul. Håper dei gode minnene om din mamma er sterkare med dykk enn sjølve sorgen. Ha ei god jul, Tintomara.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: