Skip to content

Julebrød, englehår og heile elgar.

desember 22, 2011

For ei veke sidan var eg utsend av onkelen min som ikkje er så mobil lenger. På handlelista stod det mellom anna: julebrød, smultringar og krumkaker. Eg fann smultringane greitt, sjølv om det var endå lettare å finna amerikanske doughnuts. Krumkakene gav eg nesten opp å leita etter, men eg fann dei til slutt. Det eg imidlertid ikkje fann same kor godt eg leitte, var julebrødet. Eg begynte å lura på om det gode gamle julebrødet var i ferd med å forsvinna for godt. Kanskje ingen kjøper det lenger. Eg må innrømma at eg aldri ville ha kjøpt julebrød sjølv heller. Kjærasten min påstår at han synest julebrød er kjempegodt, men så er då han meir enn eit år eldre enn meg og… Kanskje ingen på under 60 kjøper julebrød lenger? Det er i så fall nesten litt vemodig, men eg føler meg ikkje kalla til å stå opp som den som skal halda liv i julebrødindustrien. I staden kjøpte eg fire julegeiter, han tok fornøgd i mot to av dei og sende dei andre to heim med meg. Julegeiter smakte då litt av anis før? Eller er det bare noko eg innbiller meg? Nå kjennest det ut som om dei blir laga av same deigen som sirupskakene.

I dag hadde eg litt den same kjensla av å vera lettare utdatert. Eg hadde pynta juletreet vårt med kuler og pynt i blått og kvitt og sølv og fekk det for meg at gammaldags englehår hadde vore fint til. Er det fleire enn meg som hugsar englehår? Eg tenkjer på desse krøllete kvite trådane som var ganske kvasse å ta på som bestemødrene våre hadde på juletrea sine? Eg fekk eit nostalgisk lyn i meg og fann ut at englehår ville gjera susen. Eg hugsa at det reflekterte lysa frå julelysa så fint. Eg var innom det eg kunne finna av tenkjelege butikkar der dei kunne tenkjast å ha englehår, men ingen hadde det. Det verste er at eg har ein mistanke om at ingen under femti forstod kva eg snakka om ein gong. Dei såg ut som dei gjorde i butikken den gongen Pippi Langstrømpe ville kjøpa spunk. Eit par av dei sende meg til den kristne bokhandelen som og har ein hobbyavdeling. Dei trudde sikkert eg ville laga englar og trong hår til å ha på toppen.

Føremiddagen brukte eg til å laga kvite kakemenn, eit absolutt julemust frå barndommen. Ungane ville gjerne ha det i år og, det og risbollar. Eg fann ei oppskrift på nettet, for mesteparten av lausarkoppskriftene mine forsvann under kjøkkenrenoveringa. Dessverre viste dei seg å ikkje ha rett smak. Kakemenn skal enten vera tynne og sprø eller tjukke og mjuke. Desse var ingen av delene. Dessverre var eg ikkje fornøgd med smaken på verken risbollane eller kakemennene, det einaste eg har bakt i år, men resten av familien et risbollar med stor appetitt. Kanskje søtsmaksevna mi er litt øydelagd etter fleire år på meir eller mindre streng lavkarbodiett? Eg har teke eit lite avslappande sidesprang i anledning jula, men oppdagar at julekaker eigentleg ikkje smakar meg så veldig lenger. Det er jo kanskje litt trist, men på den andre sida ikkje trist i det heile tatt…

Noko av kosen med kakemennene var å invia dei nye peparkakeformene frå Ikea. Det aller vanskelegaste var elgar og kronhjortar. Dei knakk gevira stort sett alle saman. Kanskje det er lettare å laga peparkakeelgar enn kakemennelgar? Det var nå koseleg å baka litt i alle fall. Spesielt sidan sola skein på kvit snø ute på gata. Viss ingen vil eta kakemenn får eg ta dei med meg på jobb etter jul. Der forsvinn det aller meste… Eg hadde ein tur ut for å handla litt og fleire av førsteklassingane mine kom springande for å få klemmar. Det er noko av det aller koselegaste med å jobba i første klasse; alle klemmane du får når du minst ventar det.

Om kvelden var eg, kjærasten min og dei to jentene våre på ein sjarmerande konsert med Hege Orstad som eg kjenner frå ho var elev i ein av dramaklassane mine. Ho har ein utruleg fin stemme. Til minneom ofra 22.juli og familiane deira song ho ein gravferdssong midt i konserten. Det var ein ukjend song som rørte borti eit eller anna inne i meg som gjorde at eg plutseleg bare kjende tårene koma rennande. Eg skal sjå om eg får til å laga ei lenke slik at de kan sjå Hege synga denne songen. Eg såg at ho hadde ei lenke dit på facebooksida si.

Eg trur jammen eg fekk det til.

Og om nokon vil bidra med statistiske fakta om sitt forhold til julebrød og englehår, så er eg takknemleg.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Ja, du visst känner man sig gammal ibland! Jag vet precis vad änglahår är. (Flaggor hade vi alltid i granen också när jag var liten.) Vi hade med mitt äldsta barnbarn i bilen i kväll fram ochtillbaka till min yngsta dotter, och på vägen diskuterade vi musik, och oj så många av våra favoriter som hon inte kände till. Hon kunde inte ens komma på någon låt av Elvis… hon är 25. Ja, ja.
    Julbröd, är det vad vi kallar vörtbröd, som bara ätes vid jul? Det är det man ska ha till dopp i grytan.
    Ha en fin jul om vi inte hörs innan.

  2. heidi permalink

    🙂 Norsk julebrød er til kaffen. Det er eit avlangt brød med rosiner og sukat i og ein et det i brødskiver. Nokon et det utan noko på, andre har på smør og kanskje ost, gjerne norsk brunost. Då eg var barn var det noko «alle» åt ved juletider, men nå har eg ikkje ete det på mange år. Trur det stort sett er pensjonistane som framleis veit å nyta julebrød, men det kan vera eg tek feil… Me har noko som heiter vørterbrød og som blir ete til jul med vørterøl i deigen og gjerne rosiner. Det brødet fristar meg meir enn julebrød. Ha ei fin jul du og 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: