Gå til innhald

Jeg hørte en blues

januar 10, 2012

Eg har sitte her og skrive medan eg har høyrt på Odd Børretzen. «Jeg hørte en blues før jeg visste hva en blues var…» Han har fantastisk fine tekstar som berører meg. «Jeg visste om en blues før jeg visste at det var blues jeg visste om, men jeg visste om blues.» Eg har hatt ei fin helg og feira nok ein dobbel femtiårsdag hos venner og naboar». Og så har eg vore til gudsteneste og møtt dei heilage tre kongane i levande live. Mest av alt har eg levd nært inn på døtrene mine, medan gutane besøkte farmor og farfar i Bærum. Farmor ringte då dei var på toget, og fortalde med entusiastisk og glad stemme kor utruleg fin helg dei hadde hatt i lag.

Mellom mødrer og døtrer er det eit slags hudlaust nervesystem som gjer at bare blikket eller lyden av stemmen er nok til at ein veit korleis den andre har det. Det er fint, men ganske krevjande at ein bare automatisk har det slik. I går kveld delte eg sofa med døtrene mine med tepper og kaffikopper, og isskåler for dei som et is med varm sjokoladesaus til, og føtene i fanget til ein annan, og massering av skuldre og ein hund og ein katt midt i det heile. Me såg ein gammal film: «Breakfast at Tiffanys», med Audrey Hepburn. Eg hadde ikkje sett filmen før, og var overraska over kor fin han var.

Eg har hatt nokre veldig kreative dagar og skrive, skrive, skrive. Det har blitt korte netter og for lite svevn, så i dag sovna eg jammen på sofaen og sov i to timar før eg gjekk på skriveromet for å skriva vidare. Så kom Sunniva heim frå teatergruppa og var varm og glad me steikte egg, og Halvard kom og for å eta. Nå er det viss på høg tid å sova vidare. Eg høyrer framleis på Odd Børretzen:

«Min bestemor hadde aldri sett en neger, og sannsynligvis ikke en gang en svenske . Hun var ganske liten, min bestemor, hun stekte rislapper og sa : «Nå må de vera gilde bodn å eda dokke mette» Hun var rasist min gamle bestemor, men det gjorde ikke noe, for hun møtte aldri negre, og ikke en gang svensker. Min gamle mormor trodde at jorden var flat. Hva tror vi på nå?»

Med dette gode spørsmålet frå broder Børretzen tek eg kvelden.

 


Heidi

2 kommentarar
  1. Scylla permalink

    Jag har inte sett «Breakfast at Tiffanys». Det kanske jag borde då.

    • heidi permalink

      Ja, eg anbefalar filmen. Han var ikkje slik eg hadde trudd i det heile tatt. Veit vel ikkje heilt kva eg trudde, men…

Legg att svar til heidi Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: