Gå til innhald

Kirstine og Lars Kristian

februar 13, 2012

Eg er veldig glad ikunst og i kunstutstillingar.  To gonger den siste månaden har eg kjend meg sterkt berørt av kunstutstillingar og tenkt at eg må skriva om dei.  Den eine såg eg i Oslo då eg var på kunstformidlingskurs. Utstillinga hadde namnet «Formløshetens wunderkammer». Kunstnaren, danske Kirstine Roepstorff. Eit wunderkammer er eit gammalt begrep som eg ikkje kjende til. I tidleg moderne tid var det ikkje uvanleg at rike menneske rigga til eit «wunderkammer», eit rom der dei stilde ut sjeldne gjenstandar som dei på eit eller anna vis hadde fått tak i. Det kunne vera gjenstandar frå andre stadar i verda, gjenstandar av historisk eller vitskapleg interesse eller raritetar som folk kunne le av eller undra seg over. I ei tid før TV, film og fotografi skjøner eg at det måtte vera spennande for både barn og vaksne å få besøkja eit slikt lite privat museum.

I Kirstines wundeerkammer var det ei besnærande blanding av det meste. Fantastiske collagar, ein skog av ekte grantre, montrar med alt frå knappar og glansbilete til små skulpturar, det var fotografi og tekstile installasjonar, og i eit mørkt rom vart det vist ulike inntrykk på ein liten dreiescene medan det vart lese lyriske og merkelege tekstar. Eg kjende meg som ei lita jente i ein stor skog, og let inntrykka invadera meg så eg nesten mista pusten. Gjennom å mellom anna løfta fram objekt som blir sett på som ubetydelege og setja dei inn i ein ny setting, fekk ho fortald nye historiar som eg kjende att utan å vita at eg visste om dei.

I går hadde eg fint besøk av Eva Mari. Me tok bilen ut til Hå gamle prestegård der det var ei utstilling av og om Lars Kristian Gulbrandsen, på våre traktar mest kjent som «Malaren frå Hidra».Då eg var barn var han spesielt berømt fordi han gjekk i kvinneklær, og seinare i livet opptådde han som 70 år gammal mann med ansiktsmaling, Pippi Langstrømpe- fletter , tights og platåsko og under namnet Tatjana. Som fjortenåring var eg påei av utstillingane hans der han haldt foredrag for oss i lang kjole og breibremma hatt over langt svart hår. Eg og ei venninne, på same alder som meg, ramla meir eller mindre tilfeldig inn i lokalet. Eg hadde høyrt om malaren i dameklær og insisterte på at me skulle gå inn. Det han sa var så rart og uhøyrt samanlikna med det folk i heimbygda vår snakka om, at fnisebehovet som i utgangspunktet er ganske stort hos jenter på fjorten tok heilt over. Me vart nærmast kasta ut av lokalet, han sa at viss me lo av han og bileta hans kunne me heller bare gå.

Unnskyld, Lars Kristian. Eg hugsar framleis mykje av det du sa til oss, så det må ha gjort inntrykk… I går fekk eg sjå to filmar om han, og han framstod som eit svært uvanleg, men fargerikt, sårbart og varmt menneske. I tillegg hadde han ei sterk gudstru, men strevde med å bli akseptert i kyrkja. Eg oppdaga at fleire av bileta hans gjorde djupt inntrykk på meg. Det er ikkje lett å vera den som ikkje har sjanse til, eller interesse av å passa inn i A4 format. Sjølv om det nok etterkvart var litt villa outrert og det uttrykket han gjerne ville gje. Han fekk for eksempel ikkje lov å møta det norksekongeparet då dei besøkte byen hans og skulle få overrakt eit maleri han hadde laga. Grunnen var at han insisterte på at om han skulle møta dei så skulle han gå kledd i bikini.

Moralen, kjære lesarar, i den grad ein slik måtte finnast i denne teksten, må kanskje bli: Gå meir på kunstutstillingar, det gjer verda di større. Det har eg tenkt å gjera.

Heidi

From → Utstillingar

2 kommentarar
  1. Jane herigstad permalink

    Heidi jeg ble 14 år igjen.Så koseligt når du huske alle disse gode minnene.Den pusteøvelsen vil jeg låne på jobb.Klem

  2. heidi permalink

    🙂 Det er fint å vera 14 igjen av og til. På ein måte så er det jo det som er vår eigentlege alder. Og eg trur Lars Kristian har tilgitt oss 😉 Stor klem tilbake og pusteøvelsen er absolutt til lån og bruk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: