Gå til innhald

Skilthalding, konditori, svarte blonder og kaffismaking

februar 23, 2012

I går kom me heim att frå storbyen eg og Ingrid. Etter ein dag på toget der eg rakk å nyta innhaldet av nesten to heile bøker, var eg litt forundra over å oppdaga at eg var ganske trøytt. Eg hadde jo stort sett bare site på rumpa og lese heile dagen, og i mitt hovud er slike dagar skikkeleg luksus. Men visst er det tidleg å stå opp for å rekka eit tog som går austover nøyaktig klokka halv sju om morgonen slik me gjorde på måndag, og litt dårleg søv ein natta før ein skal nå eit tidleg regionstog, så kanskje det var underskotet som sat att framleis.

Me fekk ein heil del tid saman med Ingrid sine besteforeldre og mine svigerforeldre, og det var då og hovudformålet med turen. Me sat lenge rundt bordet deira og åt både lunsj og middag, og så sat me i sofaen og fortapte oss i gamle fotoalbum. At eg har høyrt til i familien i snart 30 år er ikkje heilt til å forstå. Me snakka om då svigermor gjekk på Kunst og handverkskulen, og svigerfar nytta venteåra på å få koma vidare på medisinstudiet på å hjelpa til på sjukehuset. Mellom anna hadde han som oppgåve å handdrypa eter på ei etermaske når nokon skulle ha narkose i samband med ein operasjon. Instruksjonen var at dropane skulle drypast i same tempoet som eit barn ville springa… Det høyrest relativt omtrentleg ut… Svigerfar sa fleire gonger at Halvard skulle arva pianoet etter han, og Ingrid sa at viss det var det han ville så burde han skriva det ned ein stad. Han begynner å bli oppteken av det med arv. Kanskje det er naturleg sidan han fyller 92 i år, men det er likevel litt vemodig. Om kvelden vart me henta av Eva Mari for å overnatta på deira eige hotell i særklasse.

Svigermor ville gjerne møta oss på konditori neste dag, nærare bestemt på Baker Hansen. Eg var litt bekymra over at ho ville ta bussen fram og tilbake, for vegane var ikkje heilt frie for snø, men heldigvis gjekk det bra. Gamle damer i Oslo/Bærum er ein tøff rase. Dei kjem på bussar og trikkar med gåstavar og rullatorar, dei balanserer i midtgangen fordi bussjåførane ikkje alltid tek seg tid til å venta til dei har funne eit sete, og dei kjem seg av og på bussane i rekordfart og med fare for eigne lårhalsar fordi dei ikkje vil forsinka bussen sine rutetider. Eg tek av meg hatten i beundring, sjølv om det altså er dei som går med hatt og ikkje eg sånn heilt eigentleg. Heldigvis kom ho seg trygt fram og tilbake. Me hadde eit koseleg treff med te, kaffi, rundstykke og appelsinjus. Ein galant mann me kom i snakk med sa at svigermor var då slett ikkje gammal. Sjølv hadde han ei mor som var 105 år.

Seinare reiste eg og Ingrid og Eva Mari med T-banen til Oslo. Der såg eg siste nytt i sysselsetjing i hovudstaden. Folk stod rett opp og ned på Karl Johan med eit skilt i hendene. Det er viss blitt restriksjonar på det å ha skilt ute i gata, så i staden betaler ein nokon til å stå der og halda skiltet. Cluet er nok å kle seg godt, for det såg kaldt ut. Likevel var denne dagen som ei første kjenning av vår. Det var reine påskestemninga i byen med høg blå vårhimmel og strålande sol. Dei som hadde leigd ei dame til å stå der med eit skilt om billige bøker hadde dei vore storsinna nok til å gje lov til å lesa medan ho stod der…

Indisk mat på restaurant med utsikt ned på livet i sentrum smakte kjempegodt. Utan å ha planlagt det kjøpte eg meg ny kjole. Dagens kreativitet bestod av å kjøpa billige svarte genserar på Hennes og Maurits og svarte blonder i metervare som me sydde på nederkanten. Det vart så bra så.

Medan me venta på Ingrid som drakk kaffi med ein kompis frå folkehøgskulen, kasta me oss ut i eit anna storbyfenomen, kaffismaking. Det er mykje eg ikkje veit om livet i hovudstaden. Eva Mari visste om ein salong der ein trekte eit kønummer og fekk tilgang til ein slags kaffismakarsalong der ein fekk prøva ut eit utall variantar av kaffikapslar. Eit ektepar stod og diskuterte seriøst smakane slik eg innbillar meg ein gjer på vinsmaking. Så kom det inn ei dame som ikkje likte kaffi og gjerne ville ha ein type ho kanskje likevel kunne lika. Glad og fornøgd fann ho fram til ein kaffitype som ikkje smakte kaffi, og frå nå av kunne ho ha ein rull slike kapslar i handveska og dermed vera med i det gode selskap når kaffien skulle serverast i dei tusen heimar. For som ho avslutta med å seia: «Alle folk har jo slike kaffimaskinar nå.» Eg har det ikkje, men til mitt forsvar så bur eg jo ute i provinsen. Det er ikkje første gongen verda har gått i frå meg utan at eg har merka noko som helst…

Og i dag har eg vore på biblioteket med Helen og lånt fire fulle posar med barnebøker. Me skal halda foreldremøte på onsdag for heile skulen der me skal snakka om barn, bøker og motivasjon til lesing. Her er det om å gjera å halda seg sjølv i aktivitet. På eit eller anna mystisk plan må eg vera sterkt utfordringssøkjande…

Heidi

7 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    De där kapselmaskinerna är ju miljöovänliga! Jag kommer inte att skaffa någon. Dyrt blir det också. Särkilt för en som dricker mycket kaffe.
    Visst är det trevligt att vara ute och resa med en dotter! (Antagligen lika trevligt med en son, men det har jag ingen så det vet jag ju inte.)

  2. Lisa permalink

    Tusen takk for alle de fine kommentarene dine på bloggen min. Kjempe koselig:)

    -Lisa, http://www.gjennomilden.blogg.no

  3. heidi permalink

    Enig med deg som vanleg, Tintomara. Så koseleg med helsing frå deg, Lisa. Eg les bloggen din og tenkjer på deg.

  4. emma hotellverten permalink

    alltid kjekt med besøk…Tips til neste bok i litt.gruppa: Ebba Haslunds «Døgnfluens lengsel». Tilfeldig funn i bokhylla i kjelleren – vel verdt å lese.

  5. heidi permalink

    Eg fekk lese ut «Kjerringer»og «Indias datter» på toget. Fine bøker det og. Handlar «Døgnfluens lengsel» om Maisy som fekk kreft kort tid etter bryllaupet? Meiner å hugsa frå langt tilbake.

  6. emma permalink

    Ja, sterkt! litt underfundig måte å skrive på.

  7. encumImmels permalink

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: