Gå til innhald
Tags

Fastelavnssundag

februar 19, 2012

Huset luktar av nysteikte bollar, og av alle ting av pinnekjøt. Det blir pinnekjøt til middag når Sunniva kjem heim, og i kjøleskapet står det eit stettefat med krembollar til Sunniva, Oddvar og Ingrid sidan dei ikkje var her ved kaffitider.

Døtrer er fine å ha. Dei er ikkje dei små jentene mine lenger, men store jenter er heller ikkje dumt. På fredag ettermiddag tok eg og Sunniva toget til Stavanger der me åt salat og ostetallerken på Ostehuset før me handla litt og drakk kaffi på Sjokoladepiken. Etterpå gjekk me for å få med oss det som var det eigentlege målet for turen: «Fluenes herre» på Rogaland teater.(http://www.rogaland-teater.no/newsread/news.asp?docid=12596&wce=aktuell)

Regissøren Rolf Alme har laga ei spennande og annleis forestilling ut frå den kjende romanen til William Golding. Så vidt eg kunne skjøna, så er deler av forestillinga improvisert fram, og skodespelarane er ni gutar i alderen femten til nitten år. Dei jobbar delvis synkronisert som ei einskapleg valdeleg gruppe, og alternerer mellom å vera i rollen og å vera karakterer i nåtid med sine eigne namn. Stykket er dystert, men samtidig humoristisk, og aller mest imponert var eg over gjennomregisserte synkroniserte sekvensar der vald og slåsting nærmast vert ein slags gjennomsynkronisert dans med lydar, hovudbevegelsar, slag i lufta og armhevingar. Det var og sterkt å sjå når gutane nærast i ekstase sparka ein lakenbylt til blods og bar ut blodige kvite laken. Sjølv fekk dei etterkvart blod på skjorter og bukser. Scenen der dei sparka, slo og mishandla store kosedyr var og sterk og vond å sjå på. Hovudbodskapen til Golding er vel at vondskap, råskap og aggresjon er noko som sit djupt i menneskenaturen og som blir trigga av ekstremsituasjonar som denne der eit fly fylt av skulegutar styrtar på ei aude øy og gutane må klara seg sjølv. Dei må både organisera livet sitt og handtera angsten sin utan hjelp frå vaksne, noko som går veldig, veldig gale.

Måten regissøren hadde laga teater på var veldig spennande. Eg fekk lyst til å prøva meg på noko liknande ein gong. Hodet mitt er alltid stappfullt av idear. Det er bare synd at ein god del av dei aldri kjem lenger enn dit.

I går reiste eg og Ingrid ut til Hå gamle prestegard, fordi eg hadde lyst til å sjå Lars Kristian Gulbrandsen-utstillinga ei gong til. Eg visste at Ingrid og ville bli fenga av det ho såg. Ho er den av barna mine eg verkeleg har halt med meg på kunstutstillingar frå før ho kunne gå, og den av ungane som har vist mest interesse for kunst. Etterpå drakk me kaffi på kafeteriaen med utsikt over havet og såg korleis bølgjene kom og slo tårnhøge og skummande mot fjøresteinane.

Sunniva øver teater heile helga til den store Blackstone- forestillinga om under to veker. ( http://www.ungespor.no/2012/01/blackstone-trailer/) Då ho kom heim frå øvinga i går var ho stuptrøytt, så me hadde ein koseleg sofakveld med fjernsyn og pledd og Oscar som var på overnattingsbesøk og gjerne ville bli klappa.

I dag har eg hatt sundagsskule om å takka. Det var eit kjekt tema å forhalda seg til. Eg hadde med meg årets føsrte snøklokker plukka i hagen til onkelen min. Til slutt sløkte me alle lys i romet som er utan vindu og tende eit stort TAKK forma av telys. Det som nå står på programmet er at eg må få rydda litt i kontorrot og soveromsrot før eg pakkar kofferten for å ta det grytidlege toget til Oslo i morgontidleg saman med Ingrid. Dagens filosofiske spørsmål er: Korfor i all verda er eg så grenselaust trøytt kvar gong det skal ryddast?

Heidi

 

 

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Hei gode Heidi! Livet levest!! Ynskjer deg gode dagar i Oslo!Eg kom heim frå Danmark igår (fantastisk veke med flotte konfirmantar) – og er ein tur innom jobb idag – for å m.a rydda arbeidspulten…… ser snart bordplata!

  2. heidi permalink

    Komen heim att frå Oslo. Gler meg til å treffa deg, det blir sikkert ikkje så lenge til?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: