Gå til innhald

Ord mot natt og tidleg vår

mars 4, 2012

Dagane er viktige og dei krev oss, som Halvdan Sivertsen skriv i kjærlighetsvisa si. Denne veka har vore full av tankar og gjeremål, og plutseleg bikka kalenderen over frå skotårsdag til vår. Brått var vårsola her, og lukkelege vinterbarn, som har budd i heildekkjande regnklede og parkdressar med ullgensar og stillongs under, fekk plutseleg lov av oss vaksne å gå ut til uteleik med bare jakke og sko som ungane uttrykkjer det. Me vaksne gløymde reint å ta dei inn att til skriving og matematikk. Det var forunderleg deilig å kunna stå i ro i meir enn to minutt på same flekken utan å frysa, til og med utan luer, vottar, regntøy og boblebukser. Me har ikkje vore bortskjemde med sol denne vintaren, så det var nesten som eit snartur innom paradiset. Morgonane er blitt lyse nok til å sykla til jobben utan lykt, og ettermiddagane er blitt lyse og fine. For å sitera Halvdan Sivertsen endå meir «Vi e sterk og kan ta ka som helst når det krævest, vi har sola og snart er det sommer.»

I denne veka har eg og Helen fått avvikla kurset om barn og lesing som me har bygd oss opp til i lang tid. Det vart eit litt utan-om-det-vanlege-kurs med dokketeater, dikt og bokpresentasjonar, med kaffi og kaker i pausen, og jammen fekk me ikkje lokka kjærasten min ut på scenen og. Nå står det ein stor og nydeleg hortensia på stovebordet til minne om hendinga, og me har ca hundre bøker som skal leverast tilbake til to ulike bibliotek.
Den andre store hendinga var premieren på eit stort teaterstykke,»Blackstone» som det lokale ugdomsteateret her set opp. Det varer i heile to timar, og både Sunniva og Vilde er med. Sunniva har to rollar, den eine som bestevenninne til hovudpersonen, spelt av den heilt ekte bestevenninna hennar, Irene, som ho har hengt saman med sidan dei møttest i barnehagen tre år gamle. I den andre rolla spelar ho prostituert med korsett og fotsidt skjørt. Vilde er med som ein av hovuddansarane, og eg kjenner fleire av dei andre aktørane godt og. Det er sjølvsagt ei oppleving å sjå Sunniva synga, dansa og spela teater på ein stor scene saman med vennene sine. Neste helg skal forestillinga visast på eit endå større kulturhus nærare byen. Dei skal ha tilsaman fem forestillingar og eg kjenner ei viss dragning mot å sjå dei alle fem, men eg innser at det kan ein ikkje gjera. Foreløpig har eg sett ei av to forestillingar, men eg veit at eg må få med meg ei til.

Ellers så byr livet på små merksnodige smilehol og pustehol. I går kveld var eg heilt aleine på treningssenteret etter at det var blitt mørkt. Som medlem kan ein låsa seg inn dit kor tid som helst. Lydanlegget funka ikkje, så eg fekk slått på radioen. Den kanalen eg fekk klarast inn sende ein konsert for trombone, med delvis ganske modernistisk musikk. I det eine nummeret song solisten på innpust og utpust ein tone over eller ein halvtone under tonane han samstundes spelte på trombonen samtidig som han brukte mute av og på. Det var ganske spennande musikk og stemninga var ein smule surrealistisk. Bare det å finna seg sjølv i ei slik setting, lyttande til eksperimentell trombonemusikk medan ein energisk brukar ulike former for treningsapparat i eit stort tomt lokale med nattemørket utanfor. Av og til blir verkelegheita så snodig at eg tenkjer eg må få skrive eit dikt om det før eg gløymer det av.

Elles har veka hatt eit mjukt slør av sorg over seg. Ein eg var glad i er ikkje her lenger. Det kjennest så definitivt kvar gong nokon går stille gjennom den siste døra utan at me var førebudde på det. I neste veke blir det gravferd. Det minner meg om dette at me må leva medan me har livet mellom hendene. Som det står skrive i Vamp sin norske variant av teksten til Nils Ferlin:

Kim gir meg sitt hjerta så ei glede og ein trøst,
så ein duft så leke med meg øve kinnå,
så eg på mine stiar mot forgjengelse og høst,
ikkje reddast for den ytterste grindå?

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: