La-la-la-la, la-la-la-la, Elmo`s song
Sist sundag lokka Odd Christian meg til å setja meg ned i sofaen midt på blanke dagen for å sjå ein dokumentarfilm med han. Det var noko av det mest hjartevarmande eg har sett på lenge. Filmen handla om dokkeføraren Kevin Clash, som er aller mest kjend for å vera han som gestaltar Elmo i Sesame Street. Elmo er eit særdeles elskeleg raudfarga vesen med eit enkelt og optimistisk livssyn. Han vil alle alt vel. I klippet som eg legg lenke til under kan dei av dykk som vil gå inn og møta både Elmo og Kevin Clash.
Det som gjorde inntrykk på meg var dei utrulege graden av kjærleik, lidenskap og omsorg Kevin Clash hadde for faget sitt og for dokkene han gestalta. Det var så rørande å sjå med kva entusiasme og audmjukheit han utførde jobben sin, og kor stort han syntest det var å kunna leva av å spela med dokker. Det gjorde meg godt å sjå at nokon utøver yrka sine med reine hender og varme hjarte og ikkje bare for å tena mest mogleg pengar på kortast mogleg tid. Verda er rett som det er ein varmare stad enn mange vil ha det til.
Eg har alltid kjend meg tiltrukken av menneske som brenn for ting, av musikarar som forsvinn inn i musikken sin, kunstmalarar som malar om nettene bare fordi dei må, og skodespelarar som utan å blunka øvar på fridagane sine fordi dei så gjerne vil gjera det dei gjer endå betre. Det hender at eg sjølv sit oppe når eg heller burde ha sove fordi eg har så frykteleg mykje meir lyst til å skriva enn til å sova. Heldige er dei av oss som ofte opplever at tida stansar opp fordi me held på med noko som får den mentale klokka vår til å ta ein pause slik at me heilt gløymer av å høyra på den systematiske tikkinga me alltid er utsette for.
I dag har me hatt øvedag i storstova, kulturhuset vårt. Me er i ferd med å stabla på beina den årlege forestillinga for tiandeklassingane i kulturskulen. I år heiter forestillinga «Kor æ me». Manuset er skrive saman med tre av elevane våre, og dei har send dei tre skuletrøytte tiandeklassingane i hovudrollane ut på ei lang reise i tid og rom. I forestillinga er det mykje musikk, song og dans saman med teater. Lista ligg alltid så høgt at det er mest uuthaldeleg spennande å sjå om det let seg gjera å koma i mål med eit resultat på den korte tida me har til rådigheit, me arrangerer musikk, syr kostyme, korreograferer dansar, skriv manus og er på rekvisittjakt til den store gullmedaljen i månadar og veker og så brakar det laus ein kort periode før me må pakka saman det heilage rommet som blir skapt i all forgjengelegheit på ein teaterscene. Eit av spenningsmomenta var om eg ville klara å laga det gigantiske timeglaset som var ein viktig del av stykket. Eg boblar over av idear, men er vel strengt tatt ingen stor handverkar. Men ideen funka, to tome halvannanliters brusflasker utan etikett mot ein annan, og 18 kilo slipesand slept til heimen fordi vanleg sand ikkje var glatt nok. Min gode venn Stig lot seg sjarmera til å hjelpa meg med samanliming, system for siling av sand og eit elegant trestativ. Ein klarer det meste om ein kjenner folk med varme hjarte og litt meir annlegg for snekring enn det eg sjølv er velsigna med.
Og framleis er det uuthaldeleg spennande å sjå om me nok ein gong vil få sjå eit under, nemleg at stykket reiser seg opp og lever. Det meste kan gå galt, men så lenge me har invitert sikkert bortimot tusen skuleelevar til å koma og sjå, så er det veldig hyggeleg om det rett og slett går bra denne gongen og. Helst skulle eg ha øvd heile natta, men det let seg ikkje gjera. Scenen opnar ikkje att før i morgon tidleg. Nå kjem det to dagar til med intens jobbing, og så blir det jammen påskeferie.
I går jakta eg og Sunniva bokstaveleg talt på solnedgangen. Først var sola ei stor oransjeraud blodappelsin nederst på himmelen, så i løpet av mindre enn eit kvarter var ho omskapt til ein jordbærraud melon. Eg har aldri sett sola så stor og vakker og fargesterk. Me såg ho i fem sekund før ho forsvann og snudde bilen for å finna ho att. Då me kom til havet hadde solnedgangen forsvunne inn i svakt rosafarga skodde. Me forsøkte i alle fall. Kanskje blir det ein ny sjanse i påsken?
Heidi
From → Barna mine, Filosofi, Gode venner., påske, Poesi, Teater og film., våren, veret