Melkesuppe, tørrfisk, gulrøter, flatbrød og sprøsteikt flesk
«I dag skal dokke få skikkeleg bondekost,» seier farmor ivrig, og byd oss inn i kjøkkenet der bordet står ferdig dekka. Far har fått sin naturlege plass på den stolen ved kjøkkenbordet som alltid var farfar sin då farfar framleis levde. Ho ber bort på bordet, melkesuppe med havgregryn som smakar barndom. Eg trur ikkje eg har ete slik suppe på minst tretti år. Tørrfisken smakar salt og glatt av barndom den og. Tørrfisk, som vel eigentleg var klippfisk, var ein av dei vanlegaste kvardagsmiddagane då eg var barn. Eg elska tørrfisk, og gjekk ofte opp i annan etasje hos bestemor og brakk av små salte bitar av uutvanna tørrfisk som smakte intenst av salt og festa seg som lange trådar mellom tennene. Tørrfisken vart ofte servert med gulrøter, poteter, smelta smør og makaroni, men kunne og etast med steikt løk eller steikt flesk. Dagen etter vart restane til plukkfisk, som nærast var potetmos med tørrfiskbitar og som vart servert med smelta smør, masse pepar og knasande flatbrød. Plukkfisk var ein endå betre variant av tørrfisk.
Matvanane har endra seg av mange grunnar. Tørrfisken forsvann ut av livet mitt då eg fekk ein mann som ikkje var van med den slags mat, og barn som bare åt fisk i form av fiskepinnar, fiskebollar eller laks. Derfor er det ei sterk oppleving å sitja ved farmor sitt middagsbord og eta det same som ein pleidde å eta i barndomen med ei lys levande farmor på 95 1/2 år til stades som er oppteken av å fylla raud saft i glasa når dei er tome og å fortelja oss at me må ta meir mat.
Etter maten ville eg hjelpa til med å rydda av bordet og vaska gryter, men eg vart jaga inn i stova for å lesa ein tale ho ville eg skulle uttala meg om medan ho rydda. Etterpå vart det kaffi ved kjøkkenbordet, men først ein lang samtale om livet, kjærleiken og døden. Eg er overraska og takknemlig over at ho framleis kan bu i huset sitt og i seg sjølv, og av at ho framleis har lyst og evne til å sitja i lange samtalar om alt frå politikk til teologi og matoppskrifter. Eg er veldig glad for at eg framleis har deg farmor. Du held framleis ein bit av barndomen min i hendene dine.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Farmor, Kjærasten min, Mat, sommar
Välkommen tillbaka! Det har varit lite tyst från ditt håll – men jag minns så väl hur hektiskt det kunde vara i den nyss gångna perioden.
Takk, Tintomara, nå er eg tilbake. Reknar med å skriva litt her kvar dag i sommar.