Gå til innhald

Mitt namn er Kaos

juli 21, 2012

Ikkje bare, bare å koma heim til huset «littavkvartvburdevoregjortforlengesidan». Nå som me er vane med at me kjem til oppredde senger og dekka bord, så er det ei omstilling å begynna å ta ansvar igjen… Far henta oss på flyplassen, og då me kom ut av terminalbygget fekk eg assosiasnjonar til å hoppa ut i ein kald sjø ein varm sommardag. Sola skein, men det var minst 25 grader kaldare enn dei førti veldig varme gradene me hadde i Pennsylvania. Og som alltid etter ei stund i utlandet,  slo det meg kor grønt og frodig og vakkert det er heime i Norge. Me hoppa over ei natt då me sette oss på flyet klokka seks om kvelden, og seks timar seinare var i London klokka sju om morgonen.  Eg la meg nedpå så vidt då eg kom heim, men vart vekt av at eg hadde ein ellevill hund på dyna eit kvarter seinare. Så måtte eg stabla meg på beina til to glade døtre som venta med varme rundstykke, ost og egg. Då eg vakna litt utpå føremiddagen i dag, ringte det ein journalist frå lokalavisa som hadde lyst til å snakka med meg om den salmen eg skreiv etter 22.juli, som skal brukast på gudstenesta i morgon. Eg bad om å få ringa opp igjen, og så fekk eg møtt henne klokka fire.

Eg har lova å laga ei bønnevandring til føremiddagsgudstenesta i morgon, det gjer eg med glede, sorg og ærefrykt, for temaet er å minnast 22.juli i fjor og attentatet i Osko og massakren på Utøya. Eg har tenkt og tenkt, men nå i kveld må eg ta den praktiske delen av det heile.

Eg har fått melding om at andedrakt skal leggjast ned, og det seier eg ingenting på, for det siste året har eg vore nesten aleine her. Tusen takk til snille Andreas som har halde denne plassen oppe heilt til nå. Det har betydd mykje for meg, og dei første åra var det akkurat det eg trong å kunna skriva på ein svensk plass der eg rekna med at ingen eg kjende ville finna tekstane mine. Nå skriv eg for alle som vil lesa, og synest bare det er kjekt at folk les. Akkurat nå ser eg på det som ein kanal for å få bruka generell skrivekløe, og ein kanal der eg kan formidla ting som kjennest viktige for meg. Det eg skal gjera er å prøva å flytta alle tekstane her i frå  over til ein blogg som er bare min. Eg lover å fortsetja å skriva, og håpar at dei som har lese her vil vera med meg til den nye plassen, eg vil gje beskjed i god tid kor eg kan finnast, og kanskje få lagt ei lenke her i frå.

I morgon får eg besøk av gode og langvegsfarande venner, og sidan kjøleskap og fryseboks vansmekta etter vårt fråver, måtte eg ta med meg ei tjukk lommebok og dra på handel. Det vart haug på handlevogna. Eg har ein slags motvilje mot å handla alt for mykje på ein gong, det kjennest liksom så overdådig og overveldande. Eg bestilte seks bereposar, men fekk ikkje oppi alt eg hadde kjøpt, så kom eg på at eg hadde gløymt kvitlauk til suppa eg skal laga, og gjekk for å finna det. Då eg hadde fått pakka sju bereposar med haug på, og stod ved bilen, fann eg ikkje bilnøkkelen. Så måtte eg stå på parkeringsplassen og ta ut varene frå ein og ein pose i håp om å finna nøkkelen. Då eg haldt på med det, kom Elise og Thale. Dei såg det komiske i situasjonen, og det gjorde eg og. Då eg hadde gått gjennom den sjuande posen og ikkje funne bilnøkkelen mellom kanel og bakepulvar, kvitlauk, kveitemjøl, paprika og smør, kom Thale smilande ut med nøkkelen. Nokon hadde funne han på golvet i butikken, etter at han sikkert hadde falt ut gjennom rutene i vogna, og levert han i kassen. Då høyrde eg irritert burting frå ein bil bak meg. Eg trudde nokon irriterte seg over at eg brukte så stor plass til varene mine, men i bilen sat Ingrid og Oddvar og lo av meg. Eg skulle visa meg som eit effektivt menneske, så etter å ha forklart dei situasjonen, kasta eg kjekt den eine posen over i bagasjerommet på bilen, der Leif hadde golfbagen sin. Først spjæra plastposen, så spjæra sukkerposen, og så rant det ca eit halvt kilo sukker ut i bilen… Då eg bar inn varene heime, dryssa det framleis sukker etter meg, og ein liten bataljon maur kom fram frå ingenplass og såg stor grunn til å halda fest…

Nå skal me vaska klær og klippa gras og snu oss, så dreg me til Bærum att, truleg på tysdag.

Eg vart minna om noko eg nesten, men bare nesten hadde gløymt då eg levde Snusmumrikklivet med ryggsekk og munnspel: Mitt namn er Kaos.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Men de små myrorna kan ju verkligen vara värda ett kalas!
    Förstår att Andedräkt läggs ned även om det är tråkigt. Se till att få ett bra bloggställe nu bara! För jag vill absolut kunna läsa det du skriver i fortsättnignen också!

  2. heidi permalink

    Eg lovar både at eg skal fortsetja å skriva og at du skal få vita kor eg skriv 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: