Gå til innhald

Mamma meir enn halve livet

september 8, 2012

Odd Christian vart kledd som ein liten hippiebaby. Eg elska å gå på Fretex, å sy og strikka,-  og å farga gamle barneklede lilla i vaskemaskinen.

Frå eg var heilt liten har eg drege på ungar. Heime på Ålgård var det vanleg at jenter i skulealder trilla yngre barn i vogna eit par timar kvar ettermiddag mot betaling. Sjølv begynte eg mi karriere som passejente då eg var åtte år. Øystein var i underkant av to år, og vogna var ganske stor og tung å dra opp dei bratte bakkane på byggefeltet vårt. Eg trur eg fekk to kroner dagen for å passa han i to timar, noko eg syntest var storveges. Ein gong la faren hans ein pose sjokolade i anorakkhetta mi, og eg lurte på om det verkeleg var meininga at eg skulle få den sjokoladen eller om eg hadde misforstått. Så glad var eg i å passa barn at eg faktisk gjorde det kvar einaste skuledag frå eg var åtte til eg var seksten, og Øystein, Skjalg, Elise, Hanne og Siren var i rekke og rad viktige personar i livet mitt. Etterkvart brukte eg og venninnene mine i tillegg ein del tid som barnevakt om kveldane.

Var det noko eg visste eg ønska meg i livet, så var det eigne ungar. Eg kunne ikkje på nokon måte forstå at ein del andre var i tvil om kor vidt dei ville ha barn, og om dei våga å ta på seg ansvaret. Heldigvis fekk eg dette ynskjet oppfyld, det å ha fire relativt små barn samtidig, var som å leva ein draum. Helst ville eg hatt minst to til, men når eg seier det, så trur folk eg er galen.  Det finst alltid  ungar som treng ein vaksen, og eg innser at eg treng ikkje «eiga» dei alle saman. Og at ein ikkje eig barna sine, det har gått kraftig opp for meg om eg ikkje visste det frå før.

Frå Vikingland ein gong på nittitalet. Ingrid er ikkje heilt fornøgd fordi ho ikkje likte kostymet alle måtte ha på seg der inne.

Og nå er den tida på sett og vis over, konstaterer eg med eit visst vemod. Om under ein månad har yngstemann fyllt atten år, og då er dei teknisk sett vaksne alle fire. Frå å ha budd sju personar i huset ein periode for eit år sidan, då i tillegg til hund, katt og undulat, så er det nå bare oss foreldre og ein nesten heilt vaksen Halvard som bur her i tillegg til katten. Det å ha vaksne barn er veldig fint det og. Det er fascinerande å sjå dei utvikla seg til fire vidt forskjellige personar, som er heilt i stand til å ta vare på seg sjølv. Det at dei er såpass ulike gir meg som mor den forsåvidt frigjerande tanken at det meste ikkje er «vår skuld». Dei fødest og utviklar seg til ulike personar trass i oppdraginga som i beste fall har vore tilnærma lik. Likevel er det klart at eldstemann får ei beskytting dei andre må vera utan. For dei yngste var det heilt naturleg at nokon dytta dei over ende medan dei vakla over golvet. Dei reiste seg opp og gjekk vidare.

Sjølvsagt er det eit visst vemod i at det ikkje lenger bur barn her, eg har liksom ikkje oppdaga undervegs at me sjølv er blitt eldre. Framleis drøymer eg regelmessig om nettene at eg har eit nyfødd barn, og det er ein fantastisk draum å bu i.
I denne veka fylde eldstemann 26 år, og sidan han bur bare ti-femten minutt frå oss med sykkel, inviterte me troppene til pannekakefest med store stablar pannekaker, bacon, is, bær og krem. Det slo meg at nå har eg vore mamma meir enn halve livet. Det er ein underleg tanke. Eg har vaska mykje klede, rydda mange jakkar og ranslar frå ganggolvet, plastra mange sår og sitte oppe mange netter og venta på å få dei trygt i hus.

Framleis vil eg gjerne gi råd om både det eine og det andre. Eg ville gjerne ta viktige avgjersler for dei om eg fekk lov, men heldigvis har eg forstått, i alle fall med hovudet, at min viktigste jobb nå er å våga å sleppa og å våga å innsjå at dei vala som skal tast nå må dei ta sjølv. Så får eg heller klamra meg til tanken at Halvard ikkje er myndig før om fire veker…

Medan me er i det småsentimentale hjørnet, skal eg sjå om eg finn eit vemodsvakkert dikt av Tove Ditlevsen eg kan klistra inn under denne teksten…

Børnene

Først var de sød forventning
og stor, unævnelig glæde –
i slægt med skyer og stjerner
og allevegne tilstede.
*
Så blev de levende, nære,
spæde, selvstændige tanker –
to øjne der spejler månen,
et hjerte der ensomt banker.
*
Småbitte fødders trippen
lød over hele huset,
lyder endnu i vort hjerte,
vemodigt i nattesuset.
*
Pludselig løfted de blikket
og glemte de barnlige lege,
fik fjerne, urolige øjne
og længsel mod mørke veje.
*
De rejste de unge nakker
og fik det for trangt i huset –
regnen viskede hurtigt
sporene ud i gruset.
*
Regnen skyllede hastigt
tårene bort fra kinden –
de ru, forandrede stemmer
blafrede bort med vinden.
*
Men fordi de var gode børn
så vi dem ofte siden;
to timer ved søndagskaffen
sad de og spildte tiden,
*
gik så hen under aften,
hvorhen fik vi aldrig at vide –
vi vinkede til dem fra lågen,
stumt, ved hinandens side.
*
Mørket er blidt og varsomt,
regndråber er så rene –
gode børn er en gave.
Det er ondt at være alene.
Tove Ditlevsen

Heidi

6 kommentarar
  1. Så fin text! Så stor skillnad mellan mig och dig när det gäller tidigare tankar om barn. Jag som aldrig varit särskilt barnkär och inga ville ha själv – förrän jag var 38 och började omvärdera det hela.

  2. Eg skulle gjerne ha vore småbarnsmamma i mange år til slik som du får lov til, men nå skal eg altså inn i andre rom. Det er fint det og…

  3. Arild permalink

    Du får i første omgang lov til å være grandtante Heidi for mine snart to stykker, og jeg tror de vil bli like glad i deg som Oscar og jeg er med tiden. Hører at du, mamma og Mariann skal nordover i februar?

    Hjertelig velkomne skal dere være. Gi et pling først så jeg får satt på kaffen og tevannet!

    Arild.

    • Det høyrest fantastisk ut, Arild. Skulle gjerne hatt dokke litt nærmare. Du held kaffien og me held kaffimaten. Eg gleder meg til å sjå dokke.

  4. Verdens beste foreldre 😀 har ikkje ord på kor viktige dokke æ for oss!

Legg att svar til heidiskriv Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: