Sist i september
… og regn lever ein greitt med når ein bare venner seg til det. Her er den obligatoriske allmennpåkledsla regntøy med god hette og gummistøvlar. Paraplyar kan ein bare gløyma, for dei vrengjer seg i vinden før det har gått ti minutt. I løpet av to helger som tilfeldig klimaflyktning har eg blitt minna om at nokre stadar i Norge er hausten årstida med høg blå himmel, klar luft som står stille, med ein snert av kulde, årstida då ein går i joggesko og ullgenser utan jakke over. Nokre stadar i Norge er hausten årstida då trea står fulle av gule, oransje og raude blad. Blada skiftar farge her og, men av og til er det bare snakk om timar før vinden har teke tak i dei og blese dei bort.
Tru ikkje at eg er veldig misunneleg, for det er eg ikkje, -bare litt… Lite ruskar så godt opp i tanke og sinn som ein ekte jærsk hauststorm, og barna blir då ganske hardføre av dette klimaet. Dei sit gladeleg i sandkassen i øsande regn, griller pølsene sine under store paraplyar og flyr i vinden. Eg hugsar godt kjensla frå eg var lita av korleis det kjendest å opna jakken og halda han ut som eit stort segl medan me sprang så fort beina kunne bera oss med vinden som motor. Det gjaldt bare å ikkje snubla i sine eigne bein når vinden var som sterkast.
Me har hatt ei roleg helg her heime. Det har gjort godt. I går var me ute og ordna forskjellig og fekk stukke innom Anne Mette med oransje roser og ein klem. Akkurat nå vinkar eg ivrig til henne og smiler fordi ho sa at ho les bloggen min. I dag var det hausttakkefest i kyrkja der barna kom syklande inn på små tråtraktorar med tilhengarane fulle av frukt og grønsakar. For visst er me midt i beste jordbruksdistriktet, det er bare ikkje alltid me hugsar det. Etterpå vart det blese opp to sånne gigantiske hoppeslott inne i kyrkja som ungane fekk hoppa på. Eg likar konseptet med å ta livsgleda heilt inn i det heilage romet, utanfor kunne ein steikja pølser på bål og inne kunne ein kjøpa vafler, lappar og kaffi.
Arne og Hilde har ete fårikål hos oss. Det smakte riktig godt. Me tende mange stearinlys og let regnet piska mot rutene. Om fem dagar er det haustferie, og Sunniva kjem heim for å vera heime ei veke. Det gleder eg meg til
.
Heidi