Eg hadde ein fantastisk haustferie
Det var så koseleg å ha Sunniva heime. Sidan me begge hadde ferie, og det var bare oss to i heimen, fekk me masse tid saman. Ingrid er ikkje langt unna ho heller, så saman fekk oss diverse treff med besteforeldre og annan familie, ein strandtur saman med Oscar, ein tur i butikkar og ein teatertur saman me tre. Lørdagskvelden sette me av til «jentekveld» der ein heimkomen Halvard vart så integrert som han ville. Me såg ein spesiell og interessant film «Worlds greatest dad,» eller noko sånn, befriande lite Hollywoodsk, filmen kan anbefalast som ei tankevekkande litt småskrudd historie dersom du toler å sjå på filmar som gjer deg pinleg berørt kvart tredje minutt. Som Halvard sa, «Dette er eigentleg ikkje ein film ein bør sjå saman med mor si», men me likte filmen alle fire. I tillegg hadde Ingrid funne noko ho marknadsførte som det mest usmakelege realityshowet ein kan tenkja seg: «Bride plasty». Deltakarane konkurrerte om «The perfect wedding», dei konkurrerte i disiplinar som laging av brudebukett, det å plukka ut den ultimate brudekjolen og bryllaupskakesmaking. Dei som vinn delkonkurransane vinn ein plastisk operasjon og får operert nasen, slipt ned tennene, sett silikon i brysta eller fettsugd overarmane. Innimellom konkurransane stemmer dei ein annan ut, og dei som skulle stemma sat ofte i rullestol, eller hadde bandasjar i halve ansiktet etter operasjonane. Først skulle me sjå ein episode bare for å måpa og le, men trur du ikkje me vart fenga av galskapen, og såg opptil fleire episodar. Eg må innrømma at eg kjenner på at eg ville lika å vita kven som vann til slutt… Replikken «I deserve to look perfect inn my own wedding» gjekk igjen. Tydelegvis var jentene villige til å investera mykje smerte for å koma dit. For ei gal, latterlig og fascinerande verd me lever i… Brudgommane fekk koma innom for å bli testa i løgndetektor, men dei hadde bind for augene slik at dei ikkje skulle få noko glimt av dei komane brudene sine nye nasar og silikonbryst før bryllaupet…
Heidi
From → Barna mine