Gå til innhald

Etterpå

november 19, 2012

Me låser oss inn i det tome huset. Mykje har blitt etterpå. Her har me vore ofte og med jamne mellomrom, men aldri før aleine. Huset ser ut som før, men likevel annleis. Roma er rydda slik at det skulle vera framkomeleg med rullator, i stolane ligg det høge puter slik at dei skal vera betre å koma ned i og opp i frå. På bordet ligg svigerfar sine mange hugselappar slik at dagane skulle haldast fast. I skapa på kjøkkenet er det framleis ein sirleg orden slike som meg bare kan drøyma om, og i skapet ved vasken ligg strykejernsbehandla koppehandkle og klutar i stablar med nøyaktige teljekantar. Strykebrettet står der det ofte stod, framleis med ei lite bunke strokne handkle oppå. Sysakene står der og på veggen heng bileta av barnebarn i ulike aldrar slik dei alltid har gjort. I eit av skapa ligg det spel og leiker, og på gjesteromet står ei dokkevogn med to bamsar i. Det yngste barnebarnet har rukke å fylla atten, men dei siste åra har det kome tre oldebarn og eit fjerde er nå på veg. På fleire av borda ligg det ubrukte brillepar, og på det runde bordet i stova ligg den same kvite duken, og framleis står det framme ein stabel frukttallerknar med fruktkniver på den øverste. Fruktfatet står der det alltid har stått, men for ein gongs skuld er det tomt. Svigerfar sin kalender ligg framleis oppslått på den fredagen i oktober då han kanskje snubla i eit eller anna og vart liggjande på golvet med brukken lårhals.

Me er trøytte etter den lange bilturen etter endt arbeidsdag og finn fram sengetøy. Halvard, som har øvekjørt meir enn halve vegen, får gjesteromet. Ingen av oss to andre  har lyst til å leggja oss i svigermor si seng. Me innrømmer det for einannan, og reier opp til oss begge på hjørnesofaen i stova. Begge bada er tilrettelagde for uføre med handtak og høge toalettsete. Framleis har begge to tannbørster og kammar liggjande på badet, og svigerfar sin barberkost og barbersåpe står på badet som før.

Dagen etter dreg me til rehabiliteringsavdelinga. Svigerfar er på beina etter operasjonen og klarer å ta seg fram ved hjelp av rullator og god vilje, men framleis ligg det mykje trening framfor han om han skal nå det same funksjonsnivået som han hadde før fallet. Han er glad for å sjå oss, og humøret er upåklageleg, men han vil gjerne heim att. Me hentar Sunniva på T-banen og får oss ein dag saman med alle tantar og onklar. Første er det lunsj hos Joffe og Elisabeth med spansk skinke og spanske ostar, så eit nytt besøk på sjukeheimen før alle kjem til oss, Eva Mari berande på ei stor gryte Brennsnut etter beste Sunnmørsoppskrift, og eg har laga fruktsalat med eksotiske frukter frå Obs, kransekake, krem og vaniljeis. Det kjennest godt at det alt for tome huset blir fyllt av liv og menneske.

Sunniva reiser inn til byen for å møta venninner etter middagen, men andre har ein roleg kveld framfor fjernsynet. neste dag går eg gjennom svigermor sitt klesskap. Eva Mari har allereie ordna opp der, men ho ber meg sjå etter om det er noko eg eller jentene mine kan ha glede av. Det er ei rar kjensle å sjå kleda utan dama som høyrer til i dei. Kleda vekkjer mange minne, og eg kjenner det heilt fysisk som ein lett kvalme og ubehag i magen. Igjen slår det meg kor fint ho har teke vare på alt saman, klesplagga er vaska, rensa, strokne, bretta, hengd fint på bøyler og sorterte og i motsetnad til det ein måtte finna i mine skap, ser plagga like staselege ut som då dei var nye.

Eg kjende ho i nesten tretti år, og aldri sa ho noko sårande eller anklagande til meg. Eg vart alltid møtt med stor varme, sjølv om ho må ha tenkt sitt om mine kaotiske golv og ustrukturerte skap. Det var henne uendeleg fjernt å skriva dikt eller redda verda før ho hadde vaska golv, skrubba poteter og stroke handkle, men ho sa aldri eit skeivt ord om mine prioriteringar. For barna mine var ho ei høgt elska farmor. Så godt dei har hatt det med to sett besteforeldre som sette dei høgast av alt.

På veg heim blir det først eit siste føremiddagsbesøk hos svigerfar. På bordet har han ein orkide og ein bukett roser. På det vesle bordet står eit bilete av han med det yngste oldebarnet i armane, det er teke for bare litt over ein månad sidan då han og Henrik reiste på langtur til Tromsø for å helsa på den vesle nye. Ved sida av ligg eit legetidsskrift og ein konvolutt med påskrifta «Overlege Harboe». Konvolutten inneheld eit gratulasjonskort han fekk til nittitoårsdagen i sist veke, og på veggen heng ein telefon som bare kan brukast til innkomande samtaler.

Så må me ta farvel og finna bilen. Halvard set seg i førarsetet med far sin på sida av, medan eg prøver å finna ein bortimot komfortabel stilling i baksetet. Femtifire mil er langt å kjøra i novembermørke, så det er best å koma seg i veg.

Heidi

+———————

Legg att svar til heidiskriv Avbryt svar