Gå til innhald

Luke tjuetre to tusen og tolv -Storm på litla julaftå

desember 23, 2012

fjerde sundag i advent

Så har «litla julaftå» kome og gått. Det har vore ein god dag. I går dette eg i gang med slikt eg gjerne ville ha ferdig til jul, og då eg gjekk og la meg klokka halv fire hadde eg nådd ganske mykje. Nå har eg ein litt eigen måte å prioritera kva som er viktig på, så det eg bare har gitt opp å få gjort var å vaska vindua, å vaska sofatrekka, noko eg har tenkt på i heile haust at eg vil gjera til jul, og det aller meste av julebaksten. «La fare hen, la gå…», som det står i songen. Julegavar og julepost og diverse anna har eg klart å gjera nesten likt som eg pleier, og i morgon skal eg bare vaska over golva. Det blir bra. Resten av ryddinga tek eg nå i dei tidlege nattimane. Det blir nemleg rotete etterkvart i dette huset. Det er bortimot sjølvrotande…

I dag har me hatt hyggelege stikk innom-besøk av Gunnar og av Anne Mette, og me tende dei første julelysa saman med dei. I kveld har eg latt adventlysa brenna ned medan eg gjorde ferdig dei siste gavane og pakka inn alt som ikkje var innepakka. Så laga eg ein dobbel prosjon risbollar, det får vera julebaksten for i år.  I kjøleskapet står det meir peparkakedeig frå Ikea om trongen skulle bli for stor, og me har fått heimelaga karamellar av Eva Mari og fruktkake frå Arne og Hilde.

Sunniva har hjulpe meg med dei siste innkjøpa, og sjølv om eg eigentleg er i mot desse sundagsopne butikkane før jul, så passa det meg godt i dag. Me har ete risengrynsgraut med mandel i, og eg har høyrd lyden av ungane mine minus Ingrid som var på jobb, men pluss Oddvar, spela brettspel på spisebordet i stova. Eg likar lyden av ungane mine som ler i stova. Det er ikkje så ofte eg har dei samla her lenger.

Me var heldige som kom oss heim i går, for det har vore store problem med trafikken mellom aust og vest i dag. Toga har stått stille på grunn av storm i kjøreledningane, vegen over fjellet har vore delvis stengd, og det har blåse så kraftig her at folk har hatt problem med å gå oppreiste. På Sandnes, bare halvanna mil her i frå, bles taket av eit bustadhus. Me kjenner i alle fall at me har ver på desse kantar av landet, og er ein innomhus så er det ganske fascinerande å sjå på. Nå har vinden løya litt, så eg håpar alle reisande når fram før juleklokkene ringer i morgon ettermiddag.

God siste innspurt alle saman.  Eg kosar meg med å sitera ein veldig morsom julesong for meg sjølv, den om kjerringa som vart gripen av reine galskapen veka før jul: «… «for nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra…» Pust langsamt inn og ut… Eg sluttar med siste verset av adventsalmen min.

I dag står fire lys og skin
mot himmel og mot jord,
for himmelen er komen nær,
å Gud, kor du er stor.
I deg blir mørkret lyst som dag,
ei himmelstjerne viste veg,
for dei som leitte og som fann,
Gud lat oss alle finna deg.
fire adventlys

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: