Gå til innhald

Første juledag to tusen og tolv

desember 25, 2012

halvard bok

Eg måtte starta med eit utsnitt av den julegåva som har fått meg til å le og le… , Halvard si bok om sanninga bak livet i familien Harboe. Her får me alle våre pass påskrivne. Boka er grenselaust frekk og utruleg morsom, og eg er rett og slett imponert over kva han har fått til. Eg visste i grunnen ikkje at han kunne teikna ein gong. Dette er familiesatire på eit høgt plan, og me får alle servert sanninga om oss sjølve så pass tydeleg at øyrene framleis flagrar. Det er ei skikkeleg innbunden bok, med stive permar, trykt i eit opplag på fem, som har gitt meg god underhaldning i fleire omgangar i går og i dag.

Dette året var det meininga at storfamilien skulle feira jul hos oss, men dei andre bestemte at me skulle sleppa å stå for arrangering av feiring etter det me har vore gjennom dei siste vekene med svigerfar sin bortgang og bisettelsen rett før jul. Min første reaksjon var at det var klart me skulle gjera det me hadde planlagd, men etter å ha latt meg overbevisa, så må eg innrømma at det var ganske deilig å bare vera gjester. I går var me samla hos mor og far til julefeiring, og i dag hadde me juledagslunsj hos syster. Plutseleg kjende eg at eg er veldig trøytt. Slik er det vel ofte når noko roar seg etter intense rundar med liv. Kjærasten min har vore veldig sliten heile tida etter at me kom tilbake, og det seier eg ingenting på. Dei siste nettene før jul  haldt eg det gåande til tre og halv fire om natta for å prøva å rekka det eg gjerne ville rekka før jul. Eg rakk det nesten,  men har ein del rydding att som eg får ta litt etterkvart. I morgon skal me bare vera heime og feira andre juledag, så må eg i gang med to ganske store oppgåver eg må få gjort i jula: Skrive ferdig tiandeklasseforestillinga og planlegga skikkeleg det kunstformidlingsprosjektet eg skal rundt på skulane med allereie i frå neste fredag av. Det skal gå greitt begge deler, men i morgon planlegg eg å ta heilt fri før eg set i gang sånn etterkvart…

Det var koseleg å vera saman med familien i dag, då me kom heim hadde eg eit stort prosjekt med å flytta telefonnummer over frå den gamle telefonen til den nye eg fekk til jul. Eg vart ikkje ferdig, og har ikkje heilt taket på bruken av telefonen endå, så viss nokon har problem med å få tak i meg eller ikkje har fått svar på meldingar, så kan det skuldast akkurat det…

To andre inntrykk har rørt ved meg i dag. Eg har lese ein artikkel om Maggie Gobran, eller mamma Maggie som eg trur ho ofte blir kalla- Ho kjem frå ein overklasse familie i Egypt, og er gift og har to barn. Nå driv ho eit stort humanitært arbeid for fattige barn i Egypt og Sudan. I artikkelen fortel ho om prosessen ho gjekk gjennom då ho følte seg kalla til å bryta med eit rikt og priviligert liv på solsida for å via livet sitt til dei som hadde minst. Ho fortel at ho ikkje saknar det gamle livet sitt. Ho lever eit travelt liv, men bruker likevel mykje tid på bøn og meditasjon. Så har eg sett ein fjernsynsdokumentar om Ingrid Bjerkås, den første kvinnelege presten i Norge, som vart ordinert då ho fylte seksti år i 1961. Dokumentaren omhandla mellom anna all den motstanden ho møtte frå dei som var mot at kvinner skulle utføra presteteneste. Størst inntrykk gjorde det likevel å høyra og sjå kor sikker ho sjølv var på kallet sitt, kor varmt motteken ho vart i Torsken på Senja der ho fekk jobb, og kor mykje ho kom til å bety for folket der.

Ein periode i livet mitt, sånn omtrent på slutten av vidaregåande skule, tenkte eg faktisk ein heil del på å bli prest eg og. Ein av dei største grunnane til at eg ikkje vurderte det hundre prosent seriøst var at det framleis var mykje kvinneprestmotstand på slutten av syttitalet, og eg ville ikkje orka det å måtta kjempa for retten til å ha eit slikt yrke. Eg hugsar at eg sa til ein kamerat at dersom eg skulle bli prest måtte eg nok få ein engel i hovudet først for å kunna vera heilt sikker på at det verkeleg var det Gud ville. Eg fekk ingen engel i hovudet og har levd lukkeleg med det eg mest alltid tenkte at eg skulle vera, lærar i barneskulen. Eg veit nok om presteyrket til å ikkje ha alt for romantiske forestillingar om kva det inneber, men eg tenkjer framleis at eg trur det er eit interessant yrke som eg kunne ha trivdest godt med å ha.

Likevel kjenner eg at Ingrid Bjerkås og Maggie Gobran utfordra meg litt til å tenkja gjennom kva som verkeleg er viktig i eit liv, og det å heile tida vera villig til å gå inn nye dører dersom det skulle visa seg å vera det som kjennest rett. Nå burde det rett og slett kjennast rett å leggja seg, så eg får kanskje ta fornuften fatt. Eg har den uvanen at eg heile tida prøver å snuska eller sjarmera til meg fleire timar enn dei eg eigentleg har fått. Eg stel gladeleg ein time eller tre frå morgondagen når sjansen byr seg… Og i morgon skal det jo bli den store «Ta det med ro dagen». Det blir spennande å sjå kva ein slik variant av annandagjul kan ha å by på…

Heidi

2 kommentarar
  1. – stela ein time eller to frå morgondagen, ja, slik kan de og seiast, eg og gjer det heile tida… eg frydar meg over tekstane dine – det var berre det eg vill ha sagt 🙂

  2. Så koseleg med eit livsteikn frå deg, Wenche. 🙂
    Takk for gode ord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: