Gå til innhald

Sundag i juleveka to tusen og tolv

desember 30, 2012

Juletre engel

Då jula kom, kjende eg at eg var ganske trøytt, så det har vore godt å ta det litt med ro. Mellom anna har eg fått lese tre bøker som eg med dette vil anbefala. Alle tre har gjort sterkt inntrykk på meg. Den første boka fekk Sunniva til jul av meg fordi ho hadde ho høgt på ønskelista. Boka heiter «Uteligger», og er skriven av Ole Martin Holte. Forfattaren, som er sosionom, og i utgangspunktet Fransiscanermunk, har vald å leva tre somrar som uteliggjar. Dei to første somrane var han i Oslo, og den tredje i København. Det var viktig for han å leva akkurat på same måten som dei andre som levde på gata. Den største forskjellen er at dei fleste av dei andre var tungt rusavhengige. Det var både hjarteskjerande, interessant og underleg å lesa om erfaringane hans. Det som kanskje gjorde størst inntrykk var å lesa om kva det gjorde med sjølvkjensla og sjølvbiletet å bli behandla som pariakaste. Av mange forbipasserande og andre ein kjem borti blir ein rett og slett behandla som eit menneske utan menneskeverd, som nokon ein kan kasta ukvemsord til, sparka etter, openlyst visa vemmelse over, og nesten spytta på. Som Sunniva sa det,  ho fekk nesten lyst til å omfavna folka som lever på gata og fortelja dei at dei er menneske med stor verdi. Dette er ei bok som eg faktisk synest at dei aller fleste bør lesa sjølv, kanskje det er det næraste du kjem å koma på innsida av eit menneske nederst på den sosiale rangstigen, ein stige me aller helst vil benekta eksistensen av.

Dei andre to bøkene er skrivne av den svenske frikyrkjepastoren Tomas Sjödin. Han og kona opplever at to av dei tre barna deira viser seg å vera fødde med ein til nå ukjend og progregerande hjernesjukdom, som gjer at barna først er seint utvikla, så gradvis misser det dei har av språk og førligheit og til slutt blir totalt pleietrengjande før dei døyr i ung alder. Den første boka heiter «Når trærne mister bladene blir utsikten fra kjøkkenvinduet bedre.» Dette er kloke og livsnære bøker om korleis det er å leva med aloverleg sjuke og funksjonshemma barn, bøker om sorg, livsglede, pågangsmot, smerte, uro og sjelefred. Eg synest eg er blitt litt klokare av å lesa desse bøkene og. Eg har jobba mykje med funksjonshemma barn, men er veldig klar over at det å vera foreldre er noko heilt anna enn å vera nær dei på andre måtar. Den erfaringen eg deler med Tomas Sjödin er at det å vera saman med funksjonshemma barn fører med seg ei eigen glede som det ikkje er så lett å setja ord på.  Saman med dei er det andre verdiar som tel enn dei ein ofte blir eksponert for elles i livet.

Ei fjerde bok. som eg ikkje hugsar tittelen på, smuglas eg deler av i ein bokhandel for eit par dagar sidan, boka handla om det å utvikla alzheimers sjukdom, og var opplevde erfaringar frå ei dame som eg meiner jobba som prest då ho vart sjuk. Ho har jobba saman med ein forfattar som skulle hjelpa henne å sortera tankar og inntrykk slik at det skulle bli bok av erfaringa med å få ein demenssjukdom. Eg vurderte å kjøpa denne boka og, men lot det venta. Nå vil nokon kanskje tenkja at det var då måte på å oppsøkja det dystre og tragiske. Eg trur det har med det å gjera at eg finn levd liv veldig interessant, og spesielt det lyset som skin i mørke landskap. Då eg var lita las eg alltid dødsannonsene fordi dei hadde så mange fine ord, og til mor sin fortvilelse likte eg å teikna kyrkjegardar. I lys av dette er det kanskje ikkje så rart at eg valde å skriva særoppgåva mi i norsk på gymnaset med tittelen «Døden som litterært tema…»

Utan å knytta det alt for nære opp til boka om alzheimer, så oppdaga eg i går at det var ein dag lenger til nyttårsaftan enn eg hadde trudd. For ei fantastisk oppdaging. Det var akkurat det eg trong. Nå fekk eg skrive ferdig tiandeklassemanuset i går, og har nå bare ei oppgave att å fullføra før ferien er over, dette skal gå bra. For å feira ferien og fridomen, har eg i føremiddag bakt peparkaker av to pakkar ikeadeig me hadde i kjøleskapet. Oppkjøringa til jul vart som kjend litt uvanleg i år, så fleire ting enn vanleg var ikkje på plass. Medan den gode lukta spreidde seg på kjøkkenet, der det brant tett i tett med stearinlys under adventstjerna, høyrde eg på ein fantastisk «samtalegudsteneste» eg hadde høyrt før, men som nå kom i reprise. Aktørane var Rolv Vesenlund, Arhur Arntsen (Oluf) og Per Arne Dahl. Dei snakka om humor og glede i kyrkja, og det vart sagt utruleg mykje fint. Eit sitat av Arthur Arntsen skriv eg her for å hugsa det til sidan: «Mennesket er det einaste vesenet Vår Herre har skapt som er blitt skapt med evna til å le. – Det må han ha hatt ein baktanke med…

Heilt til slutt tek eg med velsigninga til Per Arne Dahl: «Herren velsigne deg og forundre deg…»

vindu med levande lys jul 12

Heidi

From → Bøker, Filosofi, jul, Tru, vinter

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: