Gå til innhald

Pakka jula vekk

januar 7, 2013

julekrybbe

Slik  var julekrybba vår i år, med biletet som Sunniva tok av farmor og farfar for eit år sidan som ein del av det heilage. Krybba har danske, ganske humoristiske figurer som eg har kjøpt for eit par år sidan. Eg liker ho veldig godt. Då eg pakka saman julepynten dukka det opp minner frå då eg gjorde akkurat det same i ein heilt annan setting i lag med mi bestemor ein gong på sekstitalet. Minna kjem her:

Nå er det den dagen juletreet blir teke ned, og alle  englane som er bare juleenglar, blir pakka inn i tynne raude serviettar og lagt i plastkassen. Ein gong for lenge sidan sat eg på golvet medan bestemor sat i stolen sin og pakka dei veldig fine knuselege juletrekulene, dei ein ikkje måtte  finna på å ta for hardt i, ei og ei inn i appelsinpapir som det stod «Jaffa» og «Tre musketerer på» . Nå lurer eg på kor tid eg sist såg eit appelsinpapir. På platespelaren ligg det ein liten stabel plater som dett ned ei og ei. Den sprakande stifta dansar runddans med Adios Amigo, Ados my friend, med Jim Reeves, som datt ned i eit fly, men først var han på besøk i Norge. Bestemor liker Jim Reeves best av alle, endå ingen av oss forstår kva han syng om. Etterpå spelar me dei andre platene: «Hvite måke, hils mine kjære» og «Møllerens Iren».

«The road we have travelled, will come to an end, adios amigo, adios my friend. » Det er andre vegar enn Jim Reeves sin som har kome til ein ende, og først nå forstår eg orda i songen. «Adios amigo, adios my friend.»

Eg syg minnene i meg som dei sure appelsinene me skar topploket av og stappa i sukkerbiter oppi heilt til dei var bare søte, og når eg tenkjer etter så  hugsar eg framleis nokre av figurane eg fann i malinga på dodøra i kjellaren.

Dei kvite bokstavane på etiketten midt i plata snurrar rundt og rundt, og ser bare ut som kvite striper medan Nora Brocksted syng  «Det som skjer, det skjer.» Eg spurde bestemor om det same, kva eg skulle bli, og ho smilte tannlaust til meg, og teikna i minneboka mi den same jenta som ho hadde teikna i mor si minnebok, ho som eg likte så godt, som haldt ein stor bamse. Det var uendeleg trist med «Rosen og sommerfuglen». «For sent, for sent for nå var rosen død.» «Nå har jeg selv fått barn som spør,» kanskje eg og skulle få det ein gong, barn som spør, det er ein rar tanke. Då kan eg seia som i songen «Det som skjer det skjer.»

«Den siste rosen stod i dagens blå, da hun den siste sommerfuglen så.»  Og så var det «Jim, Johnny og Jonas» med den fine gitarmusikken. Me tok den store papirstjerna ned frå brystvinduet, og pakka saman papirkyrkja som var i fleire nivå og ein gong var blitt bestilt gjennom eit vekeblad.

Me klipte ut jenter i matroskjole frå omo-pakkane og la dei i ei øskje, bestemor var flink til å finna fine ting å klippa ut. «For sent for sent for nå var rosen død», og den utklipte katten i avispapir kikkar ut frå veggklokka i litlaståvå- Før hadde bestemor mange kattar, men ikkje nå lenger. Eg er fødd for seint til å oppleva kattane. Nå er det bare den i avispapir inni klokka. » There´ll be bluebirds over the white cliffs of Dover, tomorrow, just you wait and see.»

Det snødde i plastboblene med englar og juletre, og ute på ein staur hang det eit julenek. Så stor kjærleik heilt utan atterhald, bestemor visste sikkert ikkje at ho henta magi opp frå dei store forklelommane, og at ho hadde magi på platespelaren sin i det store spelekabinettet. Eg og ho bløytte kavringar i svart kaffi og åt dei med teskei med kald margarin på. Det hender at eg framleis heller kaffi over kavringen.  Og let Jim, Johnny og Jonas «dra i sin eventyrverden til skumringen kaller dem hjem.»

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: