Gå til innhald

Mitt liv som kunstformidlar

januar 11, 2013

Klovn

Denne klovnen fekk eg av mi gode venninne Astrid sist eg fylde runde år. Han har ingenting anna med dette innlegget å gjera enn han får vera med her for å representera kunsten i heimen, og fordi eg likar klovnar og narrar, og av og til identifiserer meg med dei i ganske stor grad. Eg seier som Bjørn Eidsvåg: «Eg lure på om det e klovnar me e, te allmenn lått og løye, men får me sjå små miraklar som skjer, så får det´kje ver så nøye…

Men altså: Dei siste sju åra har eg vore så heldig at eg har fått reist litt rundt på skulane i kommunen i diverse kulturelle oppdrag. Først reiste eg og Jan Ivar rundt med forteljarteateret vårt om HC-Andersen i sånn ca fem sesongar gjennom «Den kulturelle skulesekken». Dei siste tre åra har eg fått vist kunstutstillingar frå nasjonalmuseet, det og delvis i samabeid med «Den kulturelle skulesekken», og i fjor hadde eg eit kommunalt oppdrag med å reisa rundt på skulane og fortelja om Arne Garborg sin barndom. Nå i januar bruker eg fem arbeidsdagar på å visa arkitekturutstillinga «Utopi og fantasi», som er seks modellar av arkitektoniskeframtidsfantsiar. Kan framtidas plassproblem løysast gjennom å laga hus under vatnet, laga landskap i fleire etasjar, eller kanskje gjennom å laga  vandrande byar med plass for tjuetusen, som ein kan flytta på dersom katastrofa skulle slå til eller klimaet visa seg å bli umogleg?

Når ein kjem så langt som til formidlinga, så er det heile bare triveleg. Eg liker å koma til naboskulane, og føler meg utruleg godt motteken overalt. På alle skulane er det blide og vennlege kolleger som byr på kaffi på personalromet, som kjem med oppmuntrande tilbakemeldingar, og som gladeleg hjelpar til med beringa av bord og kassar. Det er triveleg å gå på besøk for å sjå korleis dei andre har det, og det er veldig kjekt å låna ei elevgruppe for ei felles oppleving. Erfaringa mi er at dei fleste elevane set pris på at det hender noko utanom det vanlege.  Problema med slike opplegg ligg mest i forkant. På eit eller anna punkt spør ein seg sjølv, «Neimen, kva er det eg har teke på meg nå då?» Så har det heldigvis skjedd  kvar einaste gong fram til nå at oppgåva opnar seg, og at eg plutseleg ser for meg akkurat korleis eg skal gjera det. Så er det bare å leggja ned ein bit av sjela si gjennom å ta seg tid til å laga eit opplegg som ein trur kan fungera, og så perfeksjonera det gjennom å gjera det same veldig mange gonger. Den første runden er kjempespennande, for det er då det vil visa seg om ein har klart å snekra saman eit opplegg som fenger forsamlinga-.

For min del er den største utfordringa noko som sikkert kan forundra folk som ikkje kjenner meg så godt; Eg er rimeleg trygg på formidlingsparten og at eg skal kunna gjera det på ein skikkeleg måte, det som verkeleg kan bekymra meg er det praktiske opplegget, og meir enn noko korleis eg skal koma meg dit eg skal. Så lenge eg og Jan Ivar reiste i lag, var det ikkje noko problem, for då var ham sjølvskriven sjåfør når me bare hadde klart å lasta alle kostymekassane, høgdehoppstativet me spende lakenet til og våre eigne kostyme og rekvisittar inn i bilen. Då var eg lite stressa på ver og føreforhold. Den nye situasjonen når ein reiser aleine ,er at det plutseleg ein morgon kan vera blank holke på dei vegane eg må forsera, eller kanskje ein liten snøstorm på veg?  Eller tenk om eg rotar meg vekk og bommar på vegen mellom skulane slik at eg ikkje rekk fram i tide mellom to økter? Den siste veka har eg lese «www.yr.no» fleire gonger kvar dag for å konstatera kvar gong at det var venta frost, og dermed ein viss sjanse for verkeleg glatte vegar natt til i dag. Minusgradene kom, men denne gongen heldigvis utan det glaserte belegget som i sist veke plutseleg låg som ei livsfarleg hinne overalt. Det eg ikkje hadde hatt fantasi til å tenkja på ein gong var dei låge motsola mellom Lye og Hognestad, som plutseleg var eit resultat av at naturen slo til med strålande vakkert vinterver, men fram kom eg, og fint var det alt saman. Denne veka skal formidlinga foregå på biblioteket der kassane nå er trygt plasserte, så eg treng ikkje bruka bil i det heile tatt.  Det siste er rett og slett ein ganske befriande tanke. Eg blunkar stort sett ikkje for å stå framfor store forsamlingar og utføra dei merkelegaste oppdrag, men be meg om å kjøra ein strekning på ein glatt bygdeveg, navigera i ei ukjend bykjerne eller å kjøra motorvegen til næraste storby, sjå då er det ikkje spesielt mykje guts i meg… «Eg lure på om de e klovnar me e…»  Livet er godt, og det er ufatteleg deilig at det er helg, og at eg ikkje skal bruka vekjarklokke i morgon tidleg…

Dette nederste biletet heng og i stova mi. Gjengjevinga er dårleg, men fargane er flotte- Eg kjøpte det i Roma på Piazza de Navone.  Kunstnaren heitte Morelli til etternamn. Eg vart så fascinert av det namnet at eg nesten må skriva ei biletbok om hr Kunsthandlar og kunstmalar Morelli ein gong… Akkurat som eg nesten føler meg forplikta til å skriva ei biletbok etter at eg oppdaga at det gjekk an å heita Dunkert til førenamn.  Ser du ikkje for deg boka om dei tre små mennene Dankert, Dunkert og Walter? Ein skulle hatt lenger netter så ein kunne fått henta ned alle desse bøkene frå fantasien til tastaturet. God helg alle saman…

Morelli

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: