Gå til innhald

Kalde dagar med katt på skrivebordet

januar 18, 2013

vindmøller

Foto http://www.flickr.com/photos/ochristian

Veret har vore stabilt kaldt ganske lenge nå. Dette er slikt vinterver eg kan lika. Sol, blå himmel og minusgrader, med tørre vegar som ikkje er glatte å kjøra på eller gå på. Biletet over er teke av Odd Christian som fotograferte soloppgangen ein morgon. Vindmøller er eit diskutabelt tema, men eg synest faktisk at dei er ganske vakre. Framleis er det mørkt kvar morgon og eg startar dagen med mange levande lys på kjøkkenbordet og eit stort krus svart kaffi. Dersom eg har tid les eg litt og frå bøker som gjer at eg er litt betre i stand til å møta dagen, og som kanskje kan gjera meg litt klokare. For tida er desse bøkene skrivne av Magnus Malm og Martin Lönnebo, og i tillegg har eg nokre lyrikkbøker der. Nå skal eg ikkje skryta på meg å vera ein slik person som er oppe grytidleg for å jogga, rydda huset og gjera andre, sikkert nyttige ting før dagen startar. Tvert i mot så er eg kjempetrøytt når vekkjerklokka kallar til dåd, og min første bevisste tanke kvar einaste morgon er at i kveld skal eg verkeleg leggja meg tidleg. Eg står likevel relativt tidleg opp, for å ha tid til å slusa meg inn i dagen på ein nokonlunde skånsom måte, og stearinlys og svart kaffi er ein viktig del av det heile på same måte som bøkene. Same kor travelt møblert livet mitt har vore, så har eg alltid funne tid til å smuglesa bøker. Eg trur knapt det har vore ein einaste dag i livet mitt frå eg var fem år og lærte å lesa at eg ikkje har hatt fylgje av ei bok.

Denne veka har eg brukt mykje tid på biblioteket fordi eg har teke i mot grupper av barn for å visa og formidla utstillinga «Fantasi og utopi», som består av seks modelelr av ganske kreative framtidsbygningar, teikna av ulikearkitektar. I dag hjalp Guri meg med å pakka saman utstillinga for siste gong etter at eg har vist ho fram i fjorten omgangar. Det er alltid litt vemodig å pakka ned ei utstilling, for etterkvart får ein eit ganske nært forhold til ho. Det er fjerde omgangen eg har fått lov til å vera formidlar for kunst frå Nasjonalmuseet, og det har vore veldig kjekt. Då eg utdanna meg til formingslærar vart kunsthistorie yndlingsfaget mitt, og dersom eg skulle studera vidare nå ville meir kunsthistorie stå høgt på ønskelista. Det er ein veldig fin kombinasjon med kunst og forteljing, og eg må nok innrømma at eg har meir fagleg tyngde i forteljarteknikk enn i kunsthistorie. Det har i alle fall vore ei spennande erfaring å fuska i eit fag eg eigentleg ikkje kan så godt.

Og det nye biblioteket vårt er ein fantastisk plass å vera på. Personalet er positive og kjempetrivelege, og folk kosar seg verkeleg der. I tillegg til dei som faktisk er der for å låna bøker, kjem folk dit for å jobba med studier, surfa på internett, lesa aviser, høyra foredrag eller drikka kaffi på den vesle franske kafeen som finst der. Biblioteket er i same bygget som det fine nye Garborgsenteret, og deler av lokala er sambruk mellom desse to. Inne i sjølve biblioteket står hyllene på hjul og ein kan lett rigga til små opne areal mellom hyllene der ein for eksempel kan ta i mot barnegrupper og visa fram ei utstilling. Det er godt å vera der det finst bøker, og vanskeleg å la vera å bera armane sine lange og ømme av bøker ein får lyst til å kikka nærare på heime. Dersom det ikkje hadde inngått så mykje systemarbeid i bibliotekyrket, så måtte det vera utruleg kjekt å jobba ein  slik plass.

Litt anna har eg då fått gjort i tillegg, for eksempel å vera omtrent som vanleg på dei vanlege jobbane mine. I går fekk eg til og med kjøpt meg nye vintersko på sal. Full av overmot bad eg ekspeditrisa om å kasta dei gamle lilla vinterskorne frå Gudrun Sjöden, som var så skeivgådde etter dagleg bruk i lengre tid at eg når som helst risikerte å brekka anklane på dei. Sjølvsagt angra eg litt etterpå. I dag var eg innom Jane og kjøpte eit fantastisk ullpledd med sauer på. Dessverre klarte eg å sovna framfor idol med ein kaffiskvett i kruset eg haldt i handa, sjølv om eg akkurat hadde tenkt at det måtte eg ikkje gjera… Eg har strevd med å få av kaffien på ein mest mogleg skånsom måte, men det var faktisk ikkje heilt lett… Sikkert bare meg som kjem til å sjå det… trøystar eg meg med.

Det har blitt mindre oppdatering av blogg enn eg hadde tenkt, for dagane er kortare enn eg gjerne ville dei skulle ha vore. Eit av dei få nyttårsforsetta mine, er å jobba litt med diktskriving kvar dag. Eg har fått så veldig fine tilbakemeldingar på diktboka mi, og det er eg så glad for. Det motiverer meg til å gje diktskriving ein større plass i livet mitt, for eg kjenner det er noko eg verkeleg vil. Det er ikkje ofte eg klarer å leva opp til morgontanken om å leggja seg tidlig. Ofte må eg konstatera at det i beste fall kan bli seks timar med søvn før vekkkjerklokka ringjer, og eg trur vel det er litt i minste laget. Korleis få tid til å sova nok er faktisk ei relevant problemstilling, som eg innbiller meg at eg ikkje er aleine om å kjenna på… Det er verkeleg ein kunst å møblera livet sitt. I det siste har eg fått veldig mange spørsmål om å vera med på dei merkelegaste ting. Ordet nei er ikkje alltid like langt framme på tunga, men eg er blitt flinkare. Akkurat nå har eg tenkjetid til mandag med å svara ja eller nei til ei oppgåve som er så pass spesiell at det kanskje er dumt å seia nei… Me får kjenna litt etter… Nå sit eg og held tastaturet i lufta medan eg skriv for å halda bokstavane unna det pelskledde og malande vesenet som absolutt vil skriva litt h0 og. Innimellom skrivinga må eg bruka tid på å ta vekk kryptiske katteord… Korfor får ho ikkje den katten ned frå skrivebordet? spør du hoderystande… Nei sei det du…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: