Gå til innhald

Et gammalt epletre

mars 17, 2013

stovebord odd

Biletet over er stovebordet til onkelen min, ferdig dekka til ein venn som gjerne kjem innom, og som kan tenkjast å ta seg ein kjeks eller kanske litt frukt. Dei siste vekene har bordet ikkje vore dekka. Han har hatt turbulente dagar med korttidsopphald på sjukehus, eit seksdagars forsøk på å bu aleine heime, og korttidsopphald på ulike sjukeheimar. Eg håpar livet hans fell til ro på ein god måte, og innimellom har eg snakka med pleiarar her og der, sitte ved ulike sjukehussenger og til og med avlagt tannlegen ein visitt saman med han fordi tennene i overkjeven plutseleg ramla ut. Det  er slett ikkje slik at eg har vore aleine om dette, me er fleire som støttar opp saman, så sjølv om han aldri fekk eigne barn, så har han eitt nettverk rundt seg som støttar opp og vil han alt vel. Men det står ganske klart for meg akkurat nå at det å administrera, og det å bu i sin eigen alderdom nok er den siste store utfordringa i mange sitt liv. Måtte me vera kloke den dagen me sjølv står der, og måtte me behalda ein stor porsjon humor, ydmykhet og livskraft, -det kjem til å koma vel med. Eg har ei ibuande klokkartru på at dei aller fleste dagar kan gjerast gode, men av og til er det nødvendig at me hjelper einannan til å få det til.

Men eigentleg var det noko heilt anna eg ville skriva om i dag. Eg vart bare inspirert av biletet over, som kjærasten min tok ein av siste dagane onkelen min budde heime, og til ein viss grad klarte seg sjølv. I dag ville eg skriva om ei forestilling me held på med å stabla på beina. – Men eg kjenner her eg sit, at det er så mykje eg hadde hatt lyst til å fortelja, det er litt for lenge sidan eg tok meg tid til å skriva her, og då hopar det seg opp. Eg kunne ha skrive eit langt innlegg om sist helg då eg og Ingrid reiste med fly og tre bussar for å besøkja Sunniva på folkehøgskulen langt aust ved svenskegrensa. Ho bur i det området der det visstnok skal vera flest ulvar her i landet, men me såg dei ikkje. Me såg skogar og snø, og våren som allereie hadde kome overraskande langt. Sola strålte over spegelglatte stier på folkehøgskuleområdet, og lenger kom me visst ikkje. Me såg på utstillingar og ei fin forestilling der Sunnivia overraska oss med å koma ut på scenen som første innslag, og synga solo med ein av lærarane støttande på gitar. «Kiss me.» Så drakk me masse te og snakka med dei fine nye venninnene hennar og mødrene deira.

I går kveld hadde eg besøk av Odd Christian, som var i ferd med å koma seg på beina etter eit eller anna influensaliknande. Han var framleis ikkje friskare enn at ein lørdagskveld i stova heime var akkurat passe utfordrande. Me åt ein god middag, og sidan me deler ein litt sær interesse for litt sære dokumentarfilmar, hadde me ein aldri så liten dokomentarfilmkveld. Først såg me ein amerikansk film om ein som ville prøva om det gjekk an å leva utan pengar mat og husrom i heile desember månad gjennom å oppsøka folk på ei internettside som er litt tilsvarande «Finn.no». Det vart ein vakker og hjarevarmande liten film om alle dei spesielle, koselege, hjelpsame og merkelege menneska han møtte medan han var på ei lang rundreise i USA som ein som kunne halda sjåførar med selskap og veksla på å kjøra bilen. På turen feira han jødisk Hannuka, gjekk på gratis breakdanskurs, fekk einetimar i oljemaling og middag hos ein iransk familie. Det var nesten så ein kunne få lyst til å gjera noko liknande. Den siste filmen var endå eit hakk særare og handla om ei handfull veldig spesielle menneske som alle hadde det til felles at dei trente mot det amerikanske meisterskapet i Scrabble… Som de forstår så hadde me ein flott kveld. Det er triveleg å vera saman med vaksne barn, og fint å ha familie også når dei fleste ikkje bur heime lenger.

Men det eg hadde tenkt å skriva om var tiandeklasseforestillinga, som me snart er i mål med nå. Me har hatt øvehelg, og eg er så imponert over kor flinke elevane er, dei spelar syng og dansar på eit nivå som me aldri når opp på når me jobbar med yngre barn, noko eg som oftast gjer. Stykket har eg skrive saman med to jenter i tiandeklasse, det er ein av desse musikalane der songane finst frå før, og me byggjer ein historie der dei passar inn. Denne gongen har eg laga ny tekst på ein del av songane slik at dei passar inn i handlinga. I stykket møter me ei byjente på seksten år som har flytta til ein gard på Jæren fordi mora har forelska seg i ein bonde, ungkar og traktorpullar som bur der. Alt dette er sterkt i mot jenta si vilje, og djupast sett handlar det heile om forholdet mellom mor og dotter. Mora vil ha jenta sin aksept på at ho har vald kjærleiken til Jørgen Håland, den får ho ikkje. Jenta er sint og trassig og føler at mor oppfører seg som ein tankelaus fjortenåring utan å ta det minste hensyn til henne.

Nå høyrdest dette ganske djupt og grundig ut, det er det ikkje. Det er ganske lettbeint og enkelt, men konfliktane er interessant. Og mest av alt så fascinerer det meg framleis djupt å sjå eit manus ein har tenkt ut i tankane saman med nokon gestalta seg og bli verkeleg på ein scene. Det er utruleg kjekt å skriva teater. Eg tek med ein av tekstane eg har forandra på heilt til slutt. Lemontree er ein fin song, men det er lite truleg å finna slike på Jæren. Det måtte derfor bli «Eit gammalt epletre» i staden. Hovudpersonen Lisa kjedar seg og sit og ser på det gamle epletreet dei seier skal vera så vakkert. Ikkje lenge etter sit det faktisk ein gut i det treet, men dei som vil vita meir får heller koma til Storstova og sjå. Nå blir det radiogudsteneste og ei dessverre svært påkrevd rydding av hus…

 

Eit gammalt epletre

(Lemontree)

Eg sitte her i et kjedelig rom,

det regne, det e tirsdag,

det va ingen så kom.

Eg sløse me tid,

det skjer ingeting bra

Eg bor her eg bor,

og eg kjede meg ja…

Mon tru ka så ska skje på denne plassen?

*

For eg går rondt og lure på

på koss det ska bli

og på koss dæ ska gå

Eg håbe det snart skjer noge bra,

For eg e aleina,

og e ikkje glad.

Kan ikkje noge henda, her på Jeren?

*

Eg tenke opp,

eg tenke ned
Men kan eg finna fred og bli fornøyd med det?

Når alt det eg kan se,

det e ett gammalt eple tre?

Eg flytte mitt blikk ned og opp

Eg snurre, snurre, snurre, snurre, heilt uden stopp

Og alt det eg kan se, det e ett gammalt epletre.

Syng: Da dara ra osv..

Eg sitte her,

eg vissne vekk

Eg e ei Tornerose bag ein høge hekk.

Der e ei tunge sky der inni hodet mitt,

Eg e så trøtte,
alt e trist og slitt

Kan ikkje noge henda, her på Jeren?

*

Ver aleina, e`kje bra for meg.
Ver aleine,

vil`kje sitta her med eit epletre
*

Eg subbe rondt,

vettkje kor eg ska hen.

Eg vett jo det må skje,

at eg må få enn venn.
At noge snart må henda her på Jeren.

*

Eg tenke opp

Eg tenke ned

Men kan eg finna fred og bli fornøyd med det,

når alt det eg kan se, det e ett gammalt epletre?

*
Eg flytte mitt blikk ned og opp .

Eg snurre, snurre snurre snurre snurre heilt uden stopp

Og alt det eg kan se, det e ett gammalt epletre
Og eg tenke, tenke

Eg tenke opp

Eg tenke ned

Men kan eg finna fred og bli fornøyd med det?
For alt det eg kan se, for alt det eg kan se, for alt det eg kan se

det e eit gammalt epletre.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    ENDELEG er du her igjen! Alltid godt å lesa det du deler! Stilig at de skal bruka Lemontree …. på vår forestrilling i Aspervika heitte den norsdke versjonen «Kjærlighet på internett»….
    Har du hug til «hytteretreat» i påskeveka?

  2. 🙂 Det passar jo godt inn i konseptet. Det er kjærlighet på internett hos oss og.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: