Små piler i grusen
Stundom,
når eg leiter etter veg
finn eg dei,
små piler i grusen,
som skeivt smilande
viser kor eg skal gå.
*
Andre gonger
blir eg ståande,
ventande til ingen nytte,
før eg diltar vidare
som best eg kan.
*
Så plutseleg,
når hovudet er fullt
av alt anna,
ligg det
heilt utan førevarsel
ei kvit pil
i graset der eg skal trø.
*
Ein og annan gongen
sit det til og med
ein måke på eit tak
og blunkar lurt til meg
med hovud og nebb
i den leia eg skal.
Heidi

Helen, mi kjære… Eg trur du har rett. Nå har eg teke vekk det ordet du nemnde.
Eg såg d nett,for meg vart d heilt perfekt no
Så bra 🙂