Gå til innhald

Rør meg med din hanske eller med din nakne hånd

mai 4, 2013

dans meg gjennom kropp og ånd

tango Hå

I dag har eg vore saman med mange damer for å feira ei flott dame som nettopp fylde år. I ly for det kalde veret trygt samla i garasjen som var pynta med fargerike tøystykke på veggene, elektriske lysgirlander og nydeleg dekka bord, sat me saman nesten femti damer og åt nydeleg mat laga av vertskapet. Det var til og med delt ut kvar sitt teppe som låg klar på stolen, bare fordi me kunne koma til å trenga det. Veret likna nemleg meir på november enn på mai, men inne var det lyst og lunt og godt å vera.

Sidan eg høyrde dei danske gatemusikantane synga Cohen: «Touch me with your naked hand or touch me with your glove», har denne strofa sunge i meg, og i dag starta eg med den norske omsetjing av denne songen, som er framført på plate av Somebodys darling.  Håvard Rem stod for dei norske omsetjingane av Cohen-tekstar, og plata heitte «Hadde månen en søster». Eg har tenkt mykje på at det å leva er å våga å berøra eller våga å bli berørt. I dag vil eg prøva å skriva eit kjærleiksdikt som kunne vore skrive til fleire av dei menneska som står meg nær. Dette er eit slags førsteutkast, så eg kan koma til å villa forandra på det…

*

Fordi kjærleiken

ofte er utan hud

og innpakning

berører eg forsiktig

livet ditt

med ømme fingertuppar

og mjuke kinn,

fordi du ein gong rørde meg,

gøymer eg ein hemmeleg plass

eit lukka evangelium,

ein kvit stein

ei fjør frå spissen av ei venge.

For alt som ikkje kan setjast ord på,

går me framleis

ein sjeldan gong

arm i arm i ordlause gater.

For alt som ikkje kan setjast ord på,

ei skål og eit farvel.

*

og for dei som vart meir interesserte i første delen av innlegget:

Heidi

From → dans, Gode venner., mai, Mat, veret

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: