Gå til innhald

Snakk sant om livet

mai 5, 2013

Jæren påske 2013

Ein av dei julegavane eg vart veldig glad for, var ein bordkalendar frå Odd Christian, der eg opnar ei ny side kvar dag. I dag begynte kalendaren med fylgjande setning: «Snakk sant om livet.»

Dette fekk meg til å gjera meg nokre tankar om kva nå det er då. Livet kan sjåast frå utallege vinkar, og dei fleste av dei er sanne, i alle fall for den som ser. Livet liknar på eit av desse kaleidoskopa, som eg trur dei fleste av oss elska å kikka inn i då me var barn, der nokre farga glasbetar ved hjelp av speglar dannar utallege nye bilete alt etter korleis ein snur og vender på kaleidoskopet. Ein av grunnane til at eg skriv blogg, er kanskje at eg har lyst til å snakka sant om livet. Sant i frå min høgst personlege vesle avkrok i det store puslespelet. Den aller viktigaste grunnen til at eg skriv blogg er kanskje at eg har så forferdeleg lyst til å halda livet fast medan det flyt forbi meg, men det får heller bli ein annan tekst ein annan gong…

Og kva er det å snakka sant om livet? Eit av prinsippa for bloggen min er at eg ikkje skal skriva noko som er stygt eller negativt om andre menneske. Det er faktisk ikkje vanskeleg , fordi eg trur eg har trent meg sjølv opp til å fokusera på det gode. Eg ser stort sett det gode i andre menneske, alt det andre finn eg mindre interessant. I alle fall så lenge eg ikkje set meg ned for å forska på menneskeleg atferd, og det gjer eg jo i ny og ne…

Nokon vil seia at den som vel å sjå det gode snakkar ikkje sant. Det blir som ravnen Kloke i «Glasblåsarbarna» av Maria Gripe, som hadde mista nattauget sitt i ein brønn, og derfor ikkje såg det vonde lenger. Det var fint for Kloke, for nå såg han bare gode ting, men dessverre var han ikkje like klok lenger. Likevel held eg fast på teorien min om å fokusera på det gode. Det blir snakka lenge og ofte om det ondes problem, eit problem eit kvart menneske, og ikkje minst eg, kan gå seg fullstendig vill i. Likevel vil eg våga å påstå at mange ikkje har opne nok auge for alt det gode som finst. At menneske elskar, har omsorg og tek vare på einannan. At det vonde finst, veit me likevel godt alle saman, det finst både i oss og rundt oss, og kan ofte gjera det vanskeleg for oss å velja det gode.

Eg trur det er lett å bli ramma av sjuka «det er mi plikt, og det er min rett å vera perfekt på alle måtar». Då kan det vera farleg lett å bli hengande fast i sitt eige spegelbilete og aldri koma seg lenger. Me blir redde for alt som er svakt, spesielt med oss sjølve, og gløymer å vera rause. Sett på spissen så er det vel viktigare for resten av verda at ein kan smila og sjå medmenneska sine, enn om ein har kort eller lang nase, store eller små øyre eller rett type rumpe. Det siste kan forresten og fiksast på, oppdaga eg før jul. I ein dyrare undertøysbutikk kom eg over truser med silikonputer bak.  Og eg, som har meir erfaring med å leita etter klede med den motsette effekten, skal vita å halda munnen min klokt lukka.

Eg har lyst til å ta med eit sitat frå «Veven» av Lönnebo. På grunn av konteksten i boka, hoppar eg over litt som bare vil vera forvirrande for den som ikkje har lese alt.

Du har trent på å glemme deg selv og leve i trygghet under Guds vern… Kanskje er du nå så fri at du kan forlate speilet for å se din nestes ansikt, menneskets og naturens ansikt»

Dette tek eg som ei utfording for dagen i dag, og sender utfordringa vidare til den som måtte lesa.

I helga var eg og Anne Mette på besøk hos vår gode venninne Astrid. Der fann eg ei fantastisk bok om kristen meditasjon. Mellom anna var det eit avsnitt om kelstisk kristen livsforståing, som går på å sjå livet som eit heile, ikkje delt i det heilage og profane slik me ofte har vore vane med å tenkja. I denne forståinga av livet hadde ein bøner for alle slags kvardagslege aktiviteter. Eg tek med ei bøn som var knytta til det å tenna elden om morgonen. Kanskje me i vår elektrifiserte livssituasjon kan tenna eit stearinlys i fylgje med denne morgonbønna:

*

Morgenbønn fra Iona

I denne morgen,

mens jeg nører opp ilden,

ber jeg om at Guds kjærlighetsflamme

må brenne i mitt hjerte,

og i hjertene til alle jeg møter i dag.

*

Jeg ber om at ingen misunnelse,

ingen ondskap,

intet hat og ingen frykt

må kvele flammen.

*

Jeg ber at om ingen likegyldighet

og apati,

ingen forakt eller stolthet

må skylle som vann over ilden.

*

Måtte i stedet gnisten fra Guds kjærlighet

tenne kjærligheten i mitt hjerte

slik at den kan brenne klart gjennoom dagen.

*

Måtte jeg få varme

dem som er ensomme,

dem som har kalde og livløse hjerter,

slik at alle kan kjenne velværet

av Guds kjærlighet.

Heidi

4 kommentarar
  1. ALL VERDAS's avatar

    Så fin ein tekst! Kan du kanskje og setja om bøna til nynorsk, til hjartespråket? Det krevst ein diktars kompetanse å gjera det bra.

  2. heidiharHeidi's avatar

    Det fekk eg og lyst til å gjera då eg las bøna, så det blir nok ein nynorsk variant etterkvart…

    • ALL VERDAS's avatar

      Å, så flott. Då må eg berre få det med meg når teksten er ferdig. Det er så herleg befriande å lesa om livet ditt. Du inviterer så hjarteleg samtidig som der er tydelege usynlege grenser.

Legg att svar til heidiharHeidi Avbryt svar