Gå til innhald

Dette lyset i juni

juni 14, 2013

sko i sand

«Du må skriva meir blogg», seier Jane til meg. «Eg liker så godt å lesa det før eg legg meg om kvelden. Det er akkurat som om eg ser for meg det du skriv om.» Då får eg lyst til å gjera akkurat det, skriva meir blogg. Det er fint å tenkja på at nokon liker å lesa det eg liker å skriva. Ofte blir det litt stille her frå meg i travlaste juni etter at eg har anstrengt meg for å skriva kvar dag i mai. Dei første vekene i juni er dei vekene der alt skal avsluttast, avrundast, ordnast og ryddast.  Det er dei vekene ein kjenner kor trøytt ein er, og tenkjer at nå skal det bli godt med nokre rolegare veker.

I dag har eg hatt fri. Eg begynte dagen med å vakna halv elleve etter å ha sove i strekk i nesten tolv timar. Slikt skjer jo aldri, så det var nok velbehøveleg, som det heiter i eit gammalt fint ord. Eg hadde eigentleg tenkt å begynna dagen tidlegare, for husarbeid har vore eit mildast talt nedprioritert område dei siste vekene, og i kveld skulle eg ha barndomsvenninnene mine på besøk. Dagar som eg i tankane har møblert som effektive husmordagar frå morgonen av, blir som regel aldri slik. Eigentleg burde eg kjenna meg godt nok til å kunna vita på førehand at slik kom det til å bli. Eg var tidleg ute med å gjera i stand ein kyllingrett til kvelden, men så skjedde ting slik dei alltid skjer her i huset, det meste kan nemleg avleia meg frå ein god omgang husarbeid. Sunniva hadde friføremiddag og ville gjerne prata. Halvard kom opp i norsk muntleg og skulle mellom anna førebu seg på modernistisk lyrikk og ville gjerne ha ein samtalepartnar i temaet. Ingrid og Oscar kom på besøk, og ville gjerne prata og kosast med. Spesielt den firbeinte av dei vil svært gjerne gå gjennom repetoaret sitt av kunstar saman med meg, og står gjerne lenge på to bein for ein bit rå kylling. Oddvar kom innom etter jobb for å henta familien sin heim, og plutseleg hadde eg fått det kjempetravelt. Nå var det fram med støvsugar, grønnsåpe og mopp, strykejern og alle gode hjelpemiddel. For første gongen på veldig lenge fekk eg lyst til å dekka bordet mitt med grøn linduk. Det merktest på duken at han hadde ligge i mange år utan stryking, det var nesten umogleg å få han glatt.

Så bar det til onkel sin hage, som er det reine blomsterparadiset, sjølv om gras og ugras nå får lov til å gro til lengdar som var utenkjelege for han. Eg hadde med meg saks og hausta grådig med meg raude syriner, blå klokkeblomar, gule valmuer, rhododendron i rosa oransje og to ulike raudsjatteringar, og mørkeraude peonar. Blomane ville eg pynta junistova mi med som endeleg var blitt nokonlunde rein og støvfri. Så var det i full fart innom Kiwi for å handla, is, vaniljekesam, ruccolasalat og issalat, tomatar, ananas, honningmelon, fetaost, is vaniljekesam, eplemost, blåbær, bringebær, jordbær og appelsiner. Appelsinene vart for tunge for plastposen sin som revna medan eg stod i kassa og pakka ned varene. Det ende med at eg nærast måtte krypa rundt på butikkgolvet og samla inn store oransje appelsiner, men har ein levd med meg sjølv i femti år, så tek ein i grunnen slikt på nokså strak arm… Eg har gjort liknande ting ein del gonger før…

Faktisk så var maten ferdig, salaten blanda, desserten gjort klar, mandlene rista og bordet dekka då gjestene kom, og vasane var fulle av fine hageblomar. I tillegg så fekk eg fresia og kvite krysantemum av Rita og tofarga nydelege langstilka roser av Jane og Karin, så nå har eg det godt på blomsterfronten. Det er så koseleg at me barndomsvenninnene frå skulen har klart å halda kontakten. Dei siste åra har me prøvd å få til å møtast to gonger i året i alle fall for å vera saman og snakka om korleis livet er og kjennest. Eg tek det som eit sunnheitsteikn at me faktisk snakkar meir om livet me bur i her og nå enn om alt som ein gong var. Så viss dokke les dette, kjære venninner. Eg er veldig glad for å kjenna dokke og glad i dokke alle saman. Og Sissel, viss du les dette, det er synd du bur så langt borte, for eg ville gjerne hatt med deg og.

Eg fekk melding i dag om at nå var boka til skrivekursjentene mine undervegs. Eg kunne spora på internett. Eg gjekk inn og vart overraska over å lesa at boka mi var landa i Oslo klokka ti og var send vidare til Trondheim. Eg såg ikkje heilt logikken i det siste leddet, men eg trur det må ha vore feilinformasjon, for ca klokka tre ringde dei på døra for å levera ein liten kasse bøker. Bøkene ser fine ut, bortsett frå eit par sider der teksten har forskjøve seg litt, men eg håpar at folk vil sjå på akkurat det som ein bagatell.

Eg tenkte at eg nesten bokstaveleg talt ville by på ein smakebit frå boka. Dette diktet er skrive av ei jente i niande klasse.

 

Karamell, sjokolade og jordbær

Hjernen min er laga av karamell.

Alt som blir sagt

blir klistra fast for alltid.

Ingenting blir gløymt.

Ord som er vanskelege å tilgi,

og som aldri forsvinn.

*

Leppene dine er laga av sjokolade,

søte og fulle av sukker.

Farlege i for store mengder,

Ein smakebit av himmelen.

*

Hjarta ditt er laga av jordbær,

søtt, elskande og fullt av glede.

Kanskje du vil dela det meg meg.


Anne Thu

Og eg får visst ikkje lagt meg i kveld… Det er noko med dette lyset i juni.

Heidi

2 kommentarar
  1. Sissel Reierson Brekke permalink

    Enda en dag herjet kunnet begynne med en av dine tekster.Koser meg skikkelig med hver enste en. Og neste gang du samler barndomsvenninnene, er det bare å si fra. 🙂 Det går alltid et fly! Og så har du kanskje en seng å låne bort også.:-)

  2. Ja då, her er det senger 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: