Dei lysaste nettene
Astrid fyller år ,og Elise har invitert til selskap. Fem trøytte lattermilde lærardamer sit rundt bordet. Me et suppe med kylling og mango og koriander, kokt lenge og vel etter oppskrift frå Thailand. Nyplukka liljekonall blømer midt på bordet. Suppebollen er stor og vid med mønster langs kanten og innsvingning til suppeøsa. Me les dikt og lar orda bli lette og dansande, me drikk av høge stetteglas. Så drikk me svart kaffi frå små solgule koppar og eplekake frå namnesyster Heidi med nøter, mandlar og vaniljekrem. Så et me store raude mogne jordbær rett frå skåla. Det er snart jonsok, og jordbæra har begynt å smaka jordbær att. Me går heim i lag og snakkar om at syrin og rhododendron blømer seint i år, dei er på det finaste akkurat nå. Graset er blitt grønt og himmelen har ikkje tenkt å bli mørk. I diktet står det skrive: «Mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene.»Men framleis er det ikkje sommarferie. Framleis må me opp når vekkjarklokka bestemmer det. Enn så lenge får dei lysaste nettene klara seg utan mitt selskap. I alle fall delvis…
Heidi