Gå til innhald

Jonsok-kvelden, og eg er plutseleg i Danmark

juni 23, 2013

skobilete Danmark

 

Etter nokre intenst hektiske veker, der livet verkeleg har svinga med høgt turtal, har me nå stranda i Danmark, der me har leigd sommarhus i Lønstrup. Det er sant at stranda ligg ca hundre meter unna, bare det at tjue av dei metrane går rett ned. Me ligg ytterst mot kanten av eit klittelandskap, der det er ei smal stripe sandstrand ved botnen av klittene. Eit stykke her i frå er det ei bratt trapp, nesten ein stige, der ein kan klatra opp og ned til stranda. Landskapet er heilt nydeleg, kring huset veks det smørblomar, løvetann, timotei, mareholm og kjerringrokk.  Det er stor terrasse utanfor huset, og inne er det vinterhage med store vindauge mot sjøen. Det er og eit rom med symjebasseng med vindauge både mot stova og mot havet. Langtidsvermeldingane for denne veka har ikkje vore spesielt gode, men nå kjem dei seg faktisk veldig. Akkurat nå skin sola og fuglane syng intenst, men svalene flyg lågt over marehalmen, og det tyder vel på meit regn. Ingrid, Oddvar og Odd Christian kosar seg høglydt i svømmebassenget. Eg, Leif og Sunniva sit i vinterhagen og kosar oss. Eg prøver å la kvilepulsen falla på plass, for det er det tida for nå. Eg veit ikkje om dei brenn St.Hansbål i Danmark, eg ser i alle fall ingen endå. Men det er i alle fall ein av dei lysaste nettene i året, og det skal me nyta har eg tenkt.

Eg har så mykje eg gjerne ville ha skrive om, for det har hendt så mykje i det siste som det kunne vore verd å skriva om. Noko har vore litt vemodig, men det meste har vore veldig fint. Det var litt trist å ta farvel med andreklassingane mine, fordi den store kabalen på skulen tilseier at eg skal i førsteklasse til hausten. Elevane hadde laga bok til meg med teikningar, dikt og fine ord. Dei har erobra skrivekunsten steg for steg, og oppdaga at av og til passar det å ty til dei store orda. Det å dempa dei store orda akkurat passe mykje har dei ikkje lært endå så i dikta står det mellom anna. «Heidi, du lyser like sterkt som sola, og du er snillare enn Gud og Jesus…» Den boka må eg rett og slett ta vare på…

I går var me i eit fantastisk bryllaup. Det gjekk faktisk fjorten timar frå me gjekk spente inn i kyrkja ein gong på føremiddagen, til arrangementet var over ein gong utpå natta. Eg kunne ha skrive om at eg oppdaga at dei svarte skoa eg trong til bryllaupskjolen rett og slett ikkje var å finna. Eg begynte å tenkja på at eg kanskje hadde gløymt dei på Røyse. Eg lurte veldig på korleis eg skulle få tak i nye sko, for eg hadde rett og slett ikkje tid til å gå på skokjøp, og eg har «vanskelege» føter det er vanskeleg å finna finsko til, og det tek ofte lang tid å gå dei inn. Problemet løyste seg på den minst tenkjelege måten. Eg skulle fullføra det uendelege prosjektet rydding av kostymelageret. Der var det rett og slett ei stor plastkorg med gamle sko, som me hadde bestemt oss for å kasta av plasshensyn. Nederst i den korga fann eg eit par fine vagabondsko med passe høg hæl som passa perfekt til antrekket mitt. Det endå merkelegare var at dei passa perfekt til føtene mine og. Nokre gonger er det bare litt for merkeleg korleis ting ordnar seg, og akkurat dei skorne kan eg ikkje hugsa å ha sett før i det heile tatt. Og eg rakk akkurat å pakka ferdig, kjøpa meg strømpebukse og andre småting eg trong, og å baka ei stor marsipankake med stort rosa hjarte, rosa roser og påskrifta; «Men størst av dei er kjærleiken» Eg hadde tenkt å dynka ho med ananasjus, men i eit hus med mange menneske er det ikkje alltid ein har det ein trur ein har. I stadet vart det ein blanding av tranebærjus og fløyte. Det funka som bare det…

Det vart ei veldig kort natt, for me hadde ikkje fått pakka skikkeleg til ferien, og klokka sju var det på tide å koma seg ut og i veg. Det kjendest utruleg tidleg for å seia det slik, og eg er framleis litt fortumla, men nå begynnar sommaren. Kanskje det er ein god idé å prøva symjebassenget? Eg har akkurat feira sommarferieinngangen med å skaffa meg ein twitterkonto. Det har eg tenkt på lenge, og nå har eg lyst til å prøva det ut.

God St-Hans til alle saman. Eg håpar dette mellom anna skal bli den store skrivesommaren.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: