Dansk midtsommarmåne
Omtrent slik såg månen ut i går, då han hang tung og rund over ein dansk rugåker, like før midnatt. Me pakka oss inn i bilen og kjørde sein kveldstur for å sjå og fotografera. Me kjørde mellom anna heilt ned til den vide breie stranda på Løkken der havet låg mjølkekvitt og sølvskimrande i timen etter solnedgang. Her nede får eg stadig minner frå den sommaren eg var i Danmark saman med familien min ein gong seint i barndomen. Det var første gongen me var i utlandet, og alt var nytt og spennande. Sjølvsagt reiste me med høg oppakning på biltaket. Teltet hadde fortelt med striper og frynser og luftmadrassane, to doble som alle fem låg på, lakk luft. Eg lurer på om me sov andføttes for å få utnytta plassen maksimalt. Eg hugsar at me lo av mor sitt vettskremde uttrykk då ho med begge hender på rekkverket gjekk ned ein stige frå toppen av klittene ned til stranda. Kanskje det var den stigen som er rett her borte? Eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å sjå minst like redd ut, om eg kjem så langt at eg prøver meg på stigen. Det er og rart å tenkja på at mor på den tida var meir enn femten år yngre enn eg er nå. Det er jo ikkje lenge sidan i det heile tatt…
Ingenting er så vakkert som å vera ute på tur når juninettene senker sitt blide nærver over kystlandskapet. Til og med bestemor, som elles bare var i bil når ho absolutt måtte, det vil seia så å seia aldri, kunne ein sein sommarkveld få det for seg at ho ville ut til havet og sjå solnedgangen. Eg som ofte var hos henne nesten heile somrane, skulle sjølvsagt vera med. Onkel kjørde bilen heilt fram til trappa, så ho slapp å gå så langt. Så kjørde me ned til havet og parkerte ein plass der me såg solnedgangen godt, for ho ville ikkje gå ut av bilen. Det var ei særeigen form for høgtid rundt heile ritualet. Morfar, som sjølvsagt og var med i bilen, hadde på seg trøye og sikspencelue med trykknapp på skyggen. Han var kledd slik at han kunne gå ut ein tur, for det passa ikkje han å sitja stille lenge om gongen. Eg meiner å hugsa at me drakk varm kakao, eller sokkerlade, som bestemor kalte det, etter at me kom heim. Til kakaoen hatte me franskbrødskiver med margarin og bringebærsyltetøy. Etterpå gjekk me og la oss. Og dette er i grunnen heller ikkje lenge sidan.
Men nå er det føremiddag, og her og nå. Der er ein blid og blond dansk føremiddag med høg bleikblå himmel og surrande humler i graset utanfor glasveggen i vinterhagen. Eg skriv og drikk kaffi og ser ut på det heilt utrulege landskapet. Ingrid sit og teiknar teikningar som kunne passa i ei biletbok. Me snakkar om den gamle draumen om å laga ei biletbok saman. Oscar ligg og søv mopsesvevnen sin og dei andre har reist for å spela minigolf. Me tre som er igjen heime nyt roa og stilla så lenge det varer. Elles så er huset fullt av liv. Eg vaknar til lukt av bacon og høglytt song på kjøkkenet. Oddvar og Odd Christian syng seg gjennom eit langt repetoar av songar, og Oddvar dreg ein versjon av «We are the world, we are the children…» , der han med stort hell parodierer alle solistane. Så går dei over på «When I find myself in times of troubles,» Ingrid hiv seg med på «mother Mary comes to me, whisper words of wisdom…» eg hiv meg på med eit «let it be», dei andre ser lattermildt på kvarandre og utvekslar blikk… Ok då, eg tek eit lite hint… Er det nøye…
Og nå ville eg helst bare sitja her og skriva medan eg ser vinterbleike par i shorts med badetøyet i ryggsekkjer passera meg ytst på klippen. Dei er truleg på veg til trappa for å bada nede på stranda. Eg vassa så vidt i Nordsjøen seint i går kveld, og trur eg kanskje held meg til symjebassenget. Dette er i fylgje metereologane den soldagen me skal få, så me må nok ut i sola sånn etterkvart. Akkurat nå legg ho ei smal stripe med lys ytst på verandaen. Om ein times tid er det sikkert god plass til å sitja der ute og småhutra i 16 grader varm nordisk sommar. Livet er utruleg godt akkurat nå.
Heidi
Koselig, varmt og kjent 🙂 ei jill lesestund for meg i båten ! Lev fortsatt lurt 🙂