Gå til innhald

Juli, jammen…

juli 1, 2013

Ingrid solhatt LønstrupDenne sommaren har eg verkeleg gleda meg til. Etter eit ekstra intenst år med mange hendingar, og ein vår der alt har skjedd på ein gong, har eg sett utruleg fram til dagar som er romslege med tid til fritt bruk etter eige ynskje. Eg treng tid til å tenkja og til å pusta roleg. I tillegg er det alle desse andre tinga ein alltid skulle ha gjort, kanskje det blir litt tid til dei og. Framleis har me ting etter svigerforeldra mine me ikkje har funne plass til, rom i huset som skrik etter litt systematisk opprydning og oppusning og endå meir som eg ikkje skal nemna for ikkje å bli utmatta på startstreken til ferien. Etter ei flott veke i Danmark er kvilepulsen faktisk på plass, og nå er det tid for litt strukturert flink-jente-arbeid, les Heidi gjer ting ho ikkje kan, innebakt i det frie liv, det høyrest då fint ut. Innimellom skal eg slappa av med noko av det kjekkaste eg veit, lesa bøker og skriva. Det høyrest ut som ein plan til å leva med.

I går var det sundag og første dagen heime etter ein nokså utmattande heimtur med Fjordline, så då var det pr definisjon lov til å ta livet litt med ro. Koss eg har klart å få så morgonfriske døtrer, veit eg ikkje, men før eg var oppe kom Sunniva og sa at Ingrid hadde ringt for å invitera ho og meg til å gå tur med henne og Oscar langs stranda. Det høyrdest då riktig hyggelig ut, for å bruka danske termar, så me la i veg. Det er ikkje så verst vakkert i Norge heller, og faktisk var det varmare på Jæren denne dagen enn nokon av dagane i Danmark. Først gjekk me ein tur, så sette me oss ned i den varme sanden og betrakta livet. Me var einige om at det var vanskeleg å skiljast alt for brått etter å ha vore i lag i ei heil veke, så me handla inn til felles lunsj. Etter ei økt på kjøkkenet, dirigert av Ingrid og hennar oppskrifter, kunne me invitera resten av familien på nydeleg pastasalat, heimelaga pesto og heimebakt foccaciabrød. Det vart kjempegodt, og ein behageleg måte å dra ut ferien på. Om kvelden gav eg meg sjølv til å gjera noko av det eg forbind aller mest med ansvarslaus fridom, nemleg å bli sitjande oppe til langt på natt for å skriva og lesa ei god bok. Den gode boka var «Sortehusene» av Vibeke Marx, ei bok eg plukka med meg nokså tilfeldig frå Superspar,- ein dansk daglegvarebutikk.  Eg likar å kjøpa med meg bøker på originalspråket når eg er er i utlandet, og denne boka var midt i blinken. Det var ei sterk skildring av mor-dotter- dotterdotter-problematikk, ei bok om kvinneliv, om det å sjå livet frå ulike vinklar og om det å bli middelaldrande og gammal. Eg veit ikkje om boka er omsett til norsk, men anbefalar ho sterkt om de får tak i ho. Dansk er jo eit ganske lett språk å lesa.

Og i dag er eg på plass som flink jente. Om ryddinga monnar lite, så er eg då i gang. Kosthaldet er lagt om etter ei sorglaus veke som ubekymra danske, og andre enn meg skal få eta opp pastasalaten i kjøleskapet… Nå er det meir rydding og ein forfriskande trimtur eller noko sånn som står på timeplanen, og viss eg er ekstra flink så skal eg få skriva litt dikt i kveld… Må bare nemna at det er eit element av eit humoristisk skråblikk på seg sjølv i denne teksten. Og ja, eg må innrømma at biletet som smykker teksten er av dotter mi og ikkje av meg… Men ho har då eit fint oppmuntrande sommarsmil, og det kan me alle ha bruk for.

Ha ein fantastisk julimånad alle saman. 🙂

Heidi

2 kommentarar
  1. Hoppas din sommar fortsätter lika härligt som den börjat! Att få uppröjt är också en sorts vila.

  2. Skal prøva å fortelja meg sjølv den setningen medan eg ryddar 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: