Crazy stupid life ;-)
Av og til spør eg meg sjølv om eg kan vera riktig vel bevart. Nokre gonger er svaret «njaaa, mon det?», og så svaret på ekte sørlandsk: «Men æ de nøye?»
Nå skal eg avsløra noko av det mest utrulege som har funne stad i «familien Glum» i sommar: Sommarleikane Harboelympics. At eldstesonen fekk meg til å stilla i ein idrettskonkurranse med fylgjande greiner: 60 meter, lengdehopp, steinkast, pistolskyting, limbo, armbak, og symjing, må kunna tyda på at han er ein relativt flink pedagog. Då eg for eit par veker sidan gjekk tur med alle på andretrinn, var det nødvendig å springa litt for å tetta «eit hol» i rekkja av barn og vaksne som gjekk to og to frå Sandtangen. Den eine guten, som eg haldt i høgre handa, såg storøygd på meg og sa: «Heidi, eg visste ikkje at du kunne springa!» Med dette som bakgrunn, så er det både komisk og imponerande å stilla til start på 60 meter på ei strand i Danmark, om eg sjølv skal seia det. Eldstesonen poengterte kor viktig det var at alle var med, og at enkelte ikkje måtte ta seg sjølv så høgtideleg at dei ikkje våga å ha det kjekt… Ok då… Me var sikkert eit syn for alle forbipasserande, og såpass får me unna dei. Konkurranseinstinktet var det ikkje noko å seia på.
Første steget var å koma seg ned klitten til stranda via ei bratt trapp, som i grunnen var grunn nok i seg sjølv til ikkje å delta. Var det ikkje farleg mykje erosjon kring festebjelkane, og såg ikkje nokre av trinna ganske skrøpelege ut? Men kva gjer ein ikkje for familien sin? På biletet ser me bare nedste del av trappa, bare for å understrekja at ho er både lang og bratt.
Nede på stranda var det verkeleg vakkert, så eg er glad for at eg karra meg ned.
Der vart det konkurrert i 60-meter, langdehopp og steinkasting. Steinen var rund og tung, så det vart nesten som kulestøt…
Så marsjerte idrettstroppen opp til hytta for å skyta med softgun på ein boks,
før øvelsane limbo, armbak og symjing kunne finna stad. Heilt som forventa tapte eg Harboelympics, men eg fekk ein skikkeleg «High five» frå eldsteguten, som meinte at innsatsen var det ikkje noko å seia på. Ikkje heilt uventa, så vart det Oddvar som fekk gullmedaljen. Som den einaste ikkje-Harboen av alle deltakarane, så bekreftar han kanskje mistanken om at me ikkje akkurat glitrar på friidrettsbanen. Han vann alle konkurransane bortsett frå Limbo, der Sunniva imponerte stort, tett fulgt av Ingrid og Odd Christian.
Morgonen etter var det utvask av hytte og avreise til Hirtshals. Dagen var kald, regnfull og blåsande, så me vart einige om å bruka føremiddagen på Nordsjøsenteret, eller kanskje det heitte Nordsjøakvariet i Hirtshals. Eg hadde sett for meg store akvarium med symjande torsk og sild, og vart veldig imponert over kor fint det var der. Det var veldig bra pedagogisk lagt opp, og eg skulle gjerne ha vore der med skuleklassar. Opplegget var slik at det var interessant både for barn og vaksne. Me var så heldige å få med oss ei feiring medan me var der. Dei feira at dei hadde hatt ein klumpfisk, på norsk månefisk, i akvariet i 13 år. Månefisken kan bli veldig stor. Eg har aldri sett ein av dei før, og det var litt av eit syn. Ein dykkar var nede i eit gigantisk akvarium og mata både månefisken og småhaiar medan han kommenterte alt han gjorde i ein mikrofon. På utsida stod det ei dame som fortalde om fiskane samtidig som ho stilde spørsmål til froskemannen som mata fiskane. Det vart sunge gebursdagsong til klumpfisken:
«Det er ingen vanlig dæææg
for det er klumpfisks fødselsdæææg
hurræ, hurræ, hurræææ.»
Så bar dei inn to gigantiske gebursdagskaker som alle besøkjande fekk smaka på. Danskane er ikkje kjende for å vera puritanarar i matvegen, og det må vera den kraftigaste kaka eg har vore borti: Først eit lag med tjukk søt butterdeig, så eit kraftig lag sjokoladekrem og til slutt marsipan. Det er nok like greitt at vår deltaking i feiringa av klumpfisken etter alt å dømma er ei «once-in-a-lifetime-experience».
Av det litt meir tradisjonelle, var mating av selar som alltid ein populær programpost. Selen merka nummer 16, er tretti år i år. Nå får selane namn i staden for nummer, så ho var den einaste med tatovert nummer på sida. Fleire av selane hadde kome inn som «hylarar». Ein hylar er ein selunge som er forlaten av flokken, og blir liggjande i strandkanten og hyla. Gråselen har vore freda i Danmark, og nå er det ein overbestand. Dei meiner det ligg ei sjølvregulering i at dei svakaste ungane blir forlatt. Nå tek ikkje akvaria i mot hylarar lenger. Dersom ein finn ein slik selunge, skal ein observera han i 24 timar. Dersom mora ikkje kjem for å henta han, skal ein tilkalla dyrlege som kjem og avlivar han. Eg må innrømma at det måtte vera fristande å stilla badekaret til disposisjon for ein forlaten selunge, men det er heldigvis ikkje plagsomt mange hylarar langs jærstrendene.
Vinden tiltok meir og meir utover dagen, så eg begynte så smått å engsta meg for heimturen. Mistanken om at det kunne verta verhardt, vart ikkje mindre av at det vart delt ut bilsjuketablettar i ferjekøen… Me hadde bestilt billettar med den raskaste hurtigbåten som er ein catamaran. På overturen vart eg veldig i tvil om catamaranar på Skagerak er ein god idé… Me vart advarte då turen starta om at det ville bli ein god del vind. Det var ikkje overdrive.
Båten duva som eit lauvblad i bølgjene. Sjøen slo hardt mot botnen av båten, og nokre bølgjer slo heilt over han. Kapteinen valde ei alternativ rute, så turen vart ein time lenger enn planlagd. Etter eit kvarters tid begynte folk å kasta opp. Alle vart beordra til å bli sitjande i stolande. Betjeninga gjekk i skytteltrafikk. Nokre delte ut spyposar, tørre kjeks og kaldt vatn, medan andre gjekk rundt med svarte søppelsekkjer og samla inn brukte spyposar. Forbruket av posar var stort, og solidarisk nok sende folk ubrukte posar mellom stolane når nokon trong fleire enn dei sat inne med. Fire av oss seks kasta opp meir eller mindre heile turen på trass av reisesjuketablettane, og Oscar som måtte liggja nede i bilen hadde kasta opp han og. Når dette er sagt, så er eg full av beundring overfor dei som jobba på båten. Dei gjekk smilande rundt med plasthanskar og var folk til teneste. Minst ei av dei var ganske lysegrøn i ansiktet ho og, og måtte turar inn på toalettet innimellom. I høgtalaren takka dei folk for «godt sømanskap og tålmodighed» og forsikra om at det var «absolut ingen grund til engstelse, disse skibe er bygget nettopp for forhold som dette…» Då me gjekk av så vart setningen «Hope you have had a pleasant journey», erstatta med «memorable journey», og det var det absolutt. Sjølv med hovudet i spyposen kunne eg sjå litt av humoren i det heile. Eg har aldri vore med på noko som liknar litt ei gong. Hundrevis av menneske sat og spydde i takt, med det det måtte føra med seg av lydar… Men eg er ikkje heilt sikker på om me ikkje tek den tradisjonelle danskebåten i staden for catamaranen neste gong… Det var ein stor og udelt glede å kunna kjøra bilen på land etter turen, og senda medlidande blikk til dei som stod relativt intetanande på kaien i Kristiansand, klare til å kjøra ombord på ferga, medan beteninga på båten bar ut eit stort antal svarte søppelsekkjer…
Men som det skrive står: Alle var einige om at det hadde vore ein fin ferie.
Heidi
From → Barna mine, Reiser, sommar, veret