Når menneske møter menneske
I dag har eg forkasta den planen eg hadde i går. Då lot eg meg gira opp av ein artikkel eg las i ei avis. Eg hadde finspissa formuleringane mine i hovudet, og hadde tenkt å bruka overskrifta: Helsing frå det mørke vestlandet. Innlegget var lite politisk korrekt, men det fekk stå til tenkte eg. I dag då eg begynte å tenkja på å skriva, kjende eg at nei, det har eg faktisk ikkje lyst til å skriva om lenger. I dag vil eg skriva om gleda og la det andre vera, for på sett og vis er alt det andre bagatellmessig i forhold til gleda. Eg legg likvel ved ei lenke, viss eg får det til:
http://www.vl.no/samfunn/elin-orjaseter-rodvin-er-blitt-den-nye-kaffen/
Og så kan heller dei som kjenner meg lura forferdeleg på kva eg hadde så lyst til å skriva, for nå har eg ikkje lyst til det lenger. Men artikkelen av Elin Ørjasæther er veldig verd å lesa.
Men nå til dagens tekst, for nå har sommaren verkeleg innhenta meg og det er ein fantastisk følelse. I dag ville eg skriva ein ikkje-ekskluderande-tekst fri for moralske peikefingrar. Då vil eg skriva om noko av det finaste eg veit; Når menneske møter menneske. Og som eit underpunkt kunne eg tilføya når sommaren møter menneske. Det er og eit veldig fint tema. I dag har eg vore på det høgaste punktet i det flate landskapet mitt. Eg gjekk opp til Tinghaug. Biletet på toppen av sida er henta der i frå, men det er eit gammalt bilete. I dag var himmelen endå blåare og graset endå grønare. Det blømde tett av smørblomar, gauksyre, raudkløver, kvitkløver, ville kvite nyperoser, blømande grobladkjempar hundekjeks og andre skjermplantar, det flagra påfugløyesommarfuglar der, og på tjelvene på veg opp var det viper. Knappurt og Mari Nøklebånd blomstra mot steingardane og vegen var varm og hard og god å gå på. Oppe på toppen av Tinghaug ser ein nesten heile verda. I alle fall kjennest det slik.
Då me gjekk akkurat der med skulen ein gong, sa ein opprømd førsteklassing til ein kollega av meg: «Nå kan æg sjå at jordå æ ronne!» Ikkje rart at dei valde denne plassen til Tingplass i vikingtida, og ikkje rart at dei valde å leggja gravhaugar for dei fremste i blant dei i både bronsealder og vikingtid. For meg er dette og eit landskap frå barndomen. Opp denne lange, bratte bakken gjekk eg med morfar, ein bitteliten tynn mann, med litt for stor trøye og sixpencelue med trykknapp i skuggen. Om han var lett på foten, så trong han nokre kvileppausar lent mot steingardane, for han hadde nokså dårleg helse, men det bekymra ikkje oss ungar. Eg trur at eg kanskje hadde ei lita brusflaske med saft i den raude rypesekkjen, og kanskje ein pakke Mariekjeks eller ein pose pinfantar. Eg ser heller ikkje vekk frå at bror min gjekk saman med oss, og hadde saft i sin mørkeblå sekk. Kanskje morfar hadde funne seg ein kjepp som han brukte til spaserstokk, og han hadde allereie vist oss skulehuseet nederst i Tubakken der han gjekk på skule, og som nå bare var eit gammalt tomt hønshus. Ein gong lurte me oss til å kikka inn, og då viste han oss kor pultane stod, og at læraren tok fram slirekniven sin og sa at viss nokon kom på skulen med lange svarte negler, ville han hjelpa dei å skjera neglene ned med kniven slik at dei hugsa å klippa dei i framtida.
Det siste var truleg sant, men morfar var ikkje alltid så nøye på det. Lenge trudde eg at eit område på Tu heitte Amerika, fordi morfar hadde sagt det. Då me gjekk heim etter turen den gongen sa han: «Ja, tenk, nå he dokke våre i Amerika!» – Og Amerika hadde me høyrt mykje om, så det var jo greitt å ha vore der. Morfar hadde sånn omtrent to tenner att i munnen. Det var hjørnetennene oppe. Dei andre hadde falt ut. I eit skap i kjellaren hadde han to eller tre gebiss, men han lærte seg aldri til å bruka dei. Med vaksen ettertanke kan eg ikkje forstå at det gjekk an å bruka gebiss før dei to lange tennene i overmunnen var trekte ut. Men då eg var barn tenkte eg ikkje på det som eit problem, så då skal eg ikkje problematisera det nå heller. Morfar var ein liten unseeleg mann som sleit alvorleg med helsa, men me elska han over alt på jorda, og var gjerne med på langturar til Tinghaug eller Amerika. Og det var i grunnen ikkje dette eg skulle skriva om, men det passar jo til overskrifta, så då får det heller vera med… Barnebarn og besteforeldre er jo intense møte mellom menneske, og eg vil tru at kjærleiken sjeldan er så ubetinga som i slike relasjonar.
Det eg mest av alt hadde tenkt å skriva om, var kor fint det er å bare sitja saman med andre menneske, når akslene får synka ned til eit behageleg nivå av kvile. Når verda er himmelblå og bjørkegrønt, og ein har ekstra god tid fordi kveldane gløymer å bli mørke ,og fordi ein ikkje treng vekkjarklokke neste dag. Noko av det finaste med juli månad for oss som har fri frå jobben akkurat då, er at det meste av program kan flyttast på, ein kan rydda tid til bare å vera saman med nokon. På fredag sat me fire venninner på ei hytte ved havet og tok oss tid til å lytta til einannan, med rosa peonar på bordet og store glasvindauge mot resten av verda. Dette må du skriva om, sa ei av dei, og eg sa at ja det kunne eg gjera, når eg fekk lyst eller tid eller begge deler. Eg kunne jo for eksempel bare skriva litt om kor fint det kan vera å sitja saman med nokon ein liker å vera i lag med. Eg kunne jo skriva litt om å lytta til orda og lytta til det som ikkje var orda, men alt dette andre som ikkje har ord eller namn. Eg kunne skriva om måkane som ikkje tidde stille, om plassen utanfor der ein kunne leggja seg ned og få sol på ryggen, eller om å reisa der i frå, litt gladare og litt klokare.
I går hadde me ein travel dag, og fekk rydda såpass at huset me bur i blei til eit koseleg hus att, og ikkje bare ein arena for eit større opprydniingsprosjekt. Eg fekk tak i gule og kvite valmuer og margeritter, som eg fylde i tomroma i bedet framfor huset, saman med rosa og lilla kantplanter. Viss staudene eg sette tidlegare i veka finn seg til rette og begynner å bera blomar, så kan det bli fint. Så laga eg ein god kyllingrett improvisert fram etter oppskrift frå Jan Ivar, og laga smuldrepai med rabarbra skoren i tynne skiver, eple og kanel, havregryn, hasselnøter og kokos. Me skulle få overnattingsbesøk av gode venner me bare ser eit par gonger i året, og eg ville gjerne at ting skulle vera fint og godt. Eg plukka peonar i hagen til onkel, og falt spesielt for nokre enkle kvite eg mest ikkje kan hugsa å ha sett før. Eg trur han må ha fått dei planta nokså nyleg, det er synd at han ikkje får sjå kor fine dei er nå i sommar.
Me rakk å vaska alle golv før gjestene kom, og eg rakk til og med å stryka ein av dei grøne lindukane som ikkje har vore i bruk på år og dag, og å dekkja bord med servietter med bleikrosa roser og grøne lys før dei kom. I det bilen kjørte inn i gardsromet, kjende eg kor søvnig eg var blitt av å bruka heile dagen på intense førebuingar, men me fekk teke eit langt steg framover mot å koma i orden i eigen heim. Og det kjendest godt. Og så opna kvelden seg og alt vart bare fint.
I dag hadde me lang og koseleg frokost med dansk rugbrød, egg, sild og mykje kaffi før dei måtte dra. Eg rydda til radiogudstenesta med Sunniva Gylver som snakka veldig klokt om det å faktisk vera kalla til å gjera ein forskjell i ein verden der ein av og til kan bli heilt overmanna over kor lite ein har å stilla opp med overfor alt som er vanskeleg.
Kjøkkenaltaret mitt…
I dag drypte det litt på meg av alle kjærasten min sine rundar her og der med golfbag og kølle. Han hadde vunne ein middag på eit av hotella her, og medan ungdomane var ute på sine ting, inntok me hotellet for ein sundagsmiddag. Det gjer me elles aldri når me ikkje er ute og reiser, og det kjendest litt som luksus på ein heilt vanleg sommarsundag. Medan me sat og åt kom ei dame bort og spurde om eg var eg. Det er eg jo, og eg er ikkje sikker på kven ho er, men ho ville bare fortelja kor glad ho er i dikta mine. Det varma verkeleg at ho rett og slett gjekk bort på eit innfall for å seia dei orda. Kanskje me skal bli flinkare til å våga å seia fine ting til menneske me ikkje kjenner veldig godt…
Og så vart det tur til Tinghaug, og etterpå bestemte eg for meg sjølv at sidan det var sommar og juli, så kunne eg få gjera akkurat det eg ville, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å «jobba» litt. Det var så varmt ute på terrassen at det var behageleg å leggja seg ned på magen med ei bok. Å liggja på magen ein varm plass med ei god bok og solvarme i ryggen er noko av det koselegaste eg veit. Det liker katten og, så ho la seg tett inntil meg og låg der heilt stille og mol. Veldig sympatisk at ho ikkje insisterte på å liggja oppå boka, for det gjer ho av og til, og då er det ein jobb for spesialpedagogar å få ho på andre tankar. Så låg me der me to i eit par timar og las ein Ferdinand Finne biografi eg tok med frå bokhylla til svigermor. Ho kejnde Feridinand Finne litt frå då ho jobba på Nasjonalgalleriet, og hadde stor sans for han. Eg kjenner at det å unna seg ein skikkeleg sundag/ fridag ikkje er dumt, så nå er tipset gitt vidare. Eg er kome såpass i sommarmodus at eg går utan klokke og nesten utan mobil. Det kan anbefalast det og.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Barndomen min., Bøker, Bestemor og morfar., blomar, Gode venner., Kattar, Kjærasten min, Mat, Natur, sommar, Tru


