Nå er dei her
Vannliljene. Dei er så fine. Sunniva og eg starta dagen med ein tur rundt Melsvatnet. Eg hadde ikkje tenkt å plukka blomar i dag, men tiriltungene var så utruleg fine. Eg måtte plukka med meg nokre. Så vart det litt skarprosa klokkelyng innimellom det gule, og blåklokker ser eg ikkje så ofte, så dei måtte eg og plukka litt av. Litt kløver vart det og, og nokre flekkmarihand. Så vart det litt markblomar likevel i eit glas på kjøkkenbordet. Eg klør i halsen og svir i auga, men det er ikkje sikkert det har med blomane å gjera. Det skuldast vel heller alt støvet frå dei to bokhyllene eg har rydda i dag. Etter å ha teke med oss litt for mange bøker frå Bærum, så har bokhyllene vore fulle innerst, og så har det vore stabla minst dobbelt utanpå. Rydda bøker er litt meditativt, og ganske vanskeleg. Eg har end opp med ei stor bunke bøker eg har lyst til å lesa i sommar. Kor skal eg leggja dei, mon tru? Dersom eg stablar dei på nattbordet, vil stabelen gå til taket…
Det positive er at eg faktisk har plukka ned ein sju-åtte bereposar med bøker som me kan gje til ein gjenbruksbutikk. Det sat langt inne, men nå er det gjort… Eg har rydda alle romanane, biografiane og kunstbøkene. I morgon skal eg ordna teologiske bøker, noveller, skodespel og diktsamlingar. Det høyrest overkomeleg ut, men diktsamlingar samlar eg på, bokstaveleg talt… Eg klarer aldri gå forbi slike kassar der dei ligg og er til sals for ein slikk og ingenting. Svigerforeldra mine hadde og store mengdar diktsamlingar. Giss kor dei har teke vegen…
Dersom sommaren skulle visa seg å ha vore i dag, så har eg bare delvis fått han med. Eg har rydda bøker, i fall nokon ikkje fekk det med. Men ein tur vart det som sagt, og Sunniva har servert både smoothies og salat med mozarellaost og rista pinjekjerner ute i sola. Så har eg vore og feira bror min som fyller år i dag, og veret tilsa nygrilla pølser og hamburgarar ute i hagen hans med kaffi, kake og bær etterpå. Om temperaturen ikkje vippar over tjue grader, så er me storfornøgde så lenge det er sol og nokså vindstille ute. Sidan eg har snakka så mykje om bøker, så skal eg finna iet fint dikt i dag og, for her på bloggen vart det viss mykje tomprat. Tove Ditlevsen si bok ligg rett framfor meg, så eg tenkjer det blir noko derifrå. nå når verda er lysblond og sommarleg tåler me nokre linjer i moll?
Med ingen
Med ingen kan
man dele
de inderste tanker.
Det viktigste i verden
er man
alene med.
Det er en varig byrde
det er en sagte glede
at her kan
ingen nå dig
og ingen
lukkes ind.
Tove Ditlevsen
Heilt til slutt eit frukostbilete av Sunniva. Eg nyt å ha henne heime. I kveld har ho og Thea laga seg ein Boliviablogg som dei skal oppdatera under opphaldet i Bolivia. Dei reiser om litt over ein månad. Det flagrar nesten ein sommarfugl og to gjennom min mage og når eg tenkjer på det…
Heidi
From → Barna mine, dans, Natur, sommar, veret