Gå til innhald

Syster Sorg

juli 10, 2013

valmuemann

I dag har me vore i gravferd til ei flott dame eg har kjend i  meir enn tretti år.  Ho vart nittitre år gammal og var sjuk det siste halvåret. Likevel er det alltid rart når eit liv kjem til enden. Sunniva hadde lova å synga i kyrkja. Eg vart heilt tårøygd då ho øvde på kjøkkenet i dag morges. Teksten til Erik Bye er så utruleg vakker:

«Jeg synger meg en blå blå salme, når dagen svinger hatten til farvel, og ror med sakte åretak mot strender, dit alle dager ror når det er kveld.» og «Jeg synger meg en blå, blå salme, og takker for all grøden som ble min. For lyse døgn, for barneskritt i tunet, for dine gode kjærtegn mot mitt kinn. Men og for våkenetter, som aldri unte ro, men gav min dag et dunkelt drag jeg aldri helt forstod…» Det var den salmen ho song i onkelen vår sin begravelse for litt over ein månad sidan, då felde eg ikkje ei tåre, fordi eg skulle halda tale etterpå, og hadde mykje ansvar. Kanskje det var derfor eg gråt i dag morges. Sunniva spurte om eg var allergisk eller trist, og eg sa at eg gråt fordi teksten var så fin.

Kyrkja var pynta med fine blomar, det passa bra for ingen var så glad i blomar som Anna. Ho vart boren til si siste kvile i ekte jærsk sommarver med sol og kald vind. Jasminen blomstra og trea risla med blada sine. Etterpå var me inviterte til minnemøte i frelsesarmeen sine lokale heilt i hennar ånd, med store mengdar heimebakte kaker, og smørbrød, slike som ho alltid laga, der ho til og med hadde laga karbonadane sjølv, for dei hadde dei funne i fryseboksen hennar.  Ho pleide å gå i frelsesarmeen på tysdagskveldane, og ein av soldatane var med på minnemøte og song for henne. Gitaristen hans var ute og reiste, men han hadde med seg komp på CD- plate. «I himlen er det mange ting jeg ønsker å få se, en skjønnhet ingen tunge har fortalt, der glitrer gatens gull, og livets tre og livets vann, men Jesus vil jeg møte først av alt.»

Det vart ein fin avskjed med eit varmt og fint menneske. Tankane mine går nå spesielt til Gerd, Berit, Borghild og Tonje som har mista mor og mormor.

Diktboka som står for tur til å bli sitert frå i dag er skriven av Hanne Aga og heiter Bror Sorg. Det var der i frå overskrifta mi kom i dag. Det passar jo godt å sitera der i frå i dag:

*

sorg stør sorg

eg vil kalle det hender og trær

eg vil kalle det hår mot hår

eg vil kalle det lys

tårer har ingen ord.

*

gjennom natthimmelen,

munnen din,

min nynnande mørke måne

glir Gud stjerner fram.

Hanne Aga

Det siste halvanna året har me lært mykje om å ta farvel. Og mykje om å seia velkomen til Livet.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: