Gå til innhald

Lyrisk sommarjobb

juli 9, 2013

cropped-3656818335_31d6e1bc01_m.jpg

Om nokon hadde spurt, så kunne eg ha sagt at eg har sommarjobb. Ein sommarjobb som går ut på å få eit veldig overslept hus i nokonlunde vater att. Eg kunne ha sagt at det viste seg å vera ein endå større jobb enn eg først trudde, og at av og til hadde det vore fristande å gje opp heile prosjektet.  Løna er det vel så som så med, men eg har eit håp om at dei som bur i huset kan vera litt takksame og glade, og at det nå vil vera enklare å halda litt betre orden enn før.

Sjølvsagt snakkar eg om vårt eige hus om nokon skulle vera det minste i tvil. I dag har eg av alle ting brukt store deler av dagen til å rydda i diktsamlingar. Som eg sa i går så er det mange, og dei skal vera i oversiktlige hyller i alfabetisk orden. Nå er diktsamlingane eg arva på plass mellom dei andre, og eg måtte utvida diktavdelinga for å få plass til det. Eg har langt i frå lese alle desse bøkene, og kjem nok aldri til å gjera det heller, men eg liker å ha dei her og ha sjansen til å bla i dei. I dag fekk eg den ideen at for å mellom anna visa dei eg deler hus med at eg har praktisk bruk av alle desse bøkene, så vil eg så ofte eg kan plukka nokre dikt, vers eller linjer frå ei av dei når eg skriv her. Det blir nok ikkje kvar dag og kvar gong, men det er då ein hyggeleg og lyrisk plan? Kanskje nokon kan ha glede av det og få lyst til å lesa fleire dikt frå denne eller andre forfattarar?

Men eg har fått teke meg tid til andre kjekke ting og. Eg har vore på stranda og gått tur med Gunn. Å gå tur ved stranda er noko heilt spesielt, og med så godt selskap blir det eit verkeleg høgdepunkt. Gunn er eit rasjonelt menneske på mange vis, så ho lurte på korfor i all verda eg gjekk og plukka blomar når ho kunne sjå at augo vart raude og høyra at nasen begynte å renna. Sei det du. Eg klarer ikkje å la vera sjølv om eg veit eg er… eh… litt allergisk mot markblomar. Dei er så fine der dei står i likørglaset sitt at det ikkje gjer så mykje om eg klør litt i nase, auge og øyregangar. Ein skal då kjenna bittelitt at ein lever? Og så fekk eg slik fin fluesmekke av henne beståande av to hender, som klappar saman om byttet. Kanskje slike som meg som ikkje orkar å drepa veps og fluer kan læra seg å sjå på det som underhaldande jakt? Det var til og med ein blink inni klappehendene så ein kan telja poeng.

Nå er dilemmaet om eg skal kasta ungane sine teiknebøker frå dei første skuleåra på barneskulen. Barneteikningar er då så sjarmerande… Eg trur faktisk at mine eigne teiknebøker ligg på loftet hos far og mor framleis, så eg er kanskje til og med arveleg belasta med denne kastevegringa? Men nå skal eg over på det eg lova; Eit lite dikt. Skal me sjå: Sidan eg er ein systematikar på merkelege små felt i livet, så er den første diktboka i hylla skriven av ein person på A: Odd Abrahamsen

St. Birgitta kapell

Det er tåken som stryker over deg

og langsmed det gamle nypekjerret
med de første perlegrå morgenfugler.

Du er alene med din egen elendighet
og det skitne vannet langs bryggen

og noe som kanskje er tyngre,jorden

som blir mørkere i regnfulle netter.

*

Du kjenner hvert sår i sinnet
som før daggryet isolerer deg

og blir bare større og større.

Ingen rører seg i morgentimen,

bare svaleungene utenfor treet,

bare noen gresstrå over bekken.

*

Et sted i din barndom,

i engammel døsig småby, du går

av fra hovedgaten, og du går

inn i et åpent kapell, alene

i det lave rom med ydmykheten

og brødet merket med korstegn

til utfordring og til omfavnelse.

Odd Abrahamsen

 

Eg likte spesielt dei siste linjene: Og brødet merket med korstegn, til utfordring og til omfavnelse.

Nå tilbake til ryddinga…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: