Gå til innhald

Simona og dei andre

juli 24, 2013

Prestekragar

Eit par dagar før me reiste på Korsveifestival, las eg eit intervju i Vårt Land som gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho som var plukka ut til intervjuet «Min tro», var den unge kvinna Simona Vaduva. Simona er 27 år, er av romfolket, og lever av å tigga på gata i Oslo. Sidan den sommaren me var  i Macedonia, har romfolket lege meg på hjartet. Det gjorde vondt å sjå korleis dei budde i skikkelege slumområde i byane me var innom, og det gjorde vondt å sjå tiggande ungar som tigga på restaurantane, vart kjeppjaga og dukka opp att etter femten minutt for å tigga meir. Eg gjorde meg tankar om kva sjølvbilete desse ungane må få som veks opp på denne måten. Nå har problemstillinga kome ubehageleg nær, fordi det er tiggarar frå Romfolket i dei fleste norske byar, til og med til vår bittelille by har dei kome. Eg er den første til å innrømma at det kan kjennast ubehageleg. Det er audmjukande å sjå nokon sitja på gata og tigga. Skal ein gje dei pengar? Kjøpa mat til dei? Gå bort for å snakka med dei? Gå rett forbi for å visa at ein ikkje støttar opp om tigging? Eg er ikkje betre enn at eg sjølv synest dette er veldig vanskelege spørsmål, og eg er ikkje så naiv at eg trur det er veldig enkle løysingar på denne problemstillinga.

Det var utruleg sterkt å lesa om Simona og hennar tru. http://www.vl.no/helg/guds-tigger/ Spesielt gjorde det inntrykk på meg å lesa at Simona sat på gata og bad for forbipasserande som såg ut som om dei hadde det vondt på den eine eller andre måten. Det gjorde inntrykk på meg at ho fortel om si tru og om korleis ho opplever at Gud går saman med henne gjennom dagane. Eg kjende at det å få møta ein av tiggarane på denne måten gjorde at dei fekk ansikt og blir endå vanskelegare å ignorera. Eg reiv dei fire sidene med intervju og bilete ut av avisa for å kunna visa det til fleire og lesa det om att seinare.

På korsveifestivalen er det alltid tilbod om å vera med på interessante seminar. Eit av seminara i år heitte «Rom for Rom?» og skulle handla om korleis me forheld oss til og møter alle dei fattige menneska frå Romfolket som plutseleg er her, lys levande med pappkrus og trekkspel på gatehjørna hos oss. Det stod annonsert i omtalen av seminaret at me skulle få møta ei romkvinne ved namn Maria. I staden viste det seg å vera tre unge kvinner pluss ein tolk som representerte dei, ei av desse var Simona, som eg hadde lese om i avisa. I tillegg fekk me møta representantar frå Kirkens bymisjon, som møter dei på ulike måtar, og ein vaktmeister i ei av kyrkjene i Oslo. Denne mannen hadde ligge vaken om nettene i fjor sommar, og tenkt på romfamilien som låg utanfor kyrkja og fraus i kalde våte sommarnetter. Han reiste til Ikea og kjøpte telt til dei, men fekk ikkje fred då heller. Han klarte rett og slett ikkje å la vera å engasjera seg, fordi han ikkje klarte å lukka augene for at det rett og slett var medmenneske som låg og fraus i det næraste nabolaget, og at dei fleire gonger kvar natt vart vekte av folk, gjerne politifolk, som jaga dei vekk. Nå var han tett knytta til ein familie, og døtrene deira fekk bu gratis i ein leiligheit han disponerte nå i sommar. Han sa at det einaste han var blitt fattigare på var fordommar, og det var vel ikkje så farleg…

Damene vart intervjua om korleis det var å tigga på gata i Oslo. Dei fleste meinte at nordmenn behandla dei ganske bra, men at dei og opplevde aggresjon. At folk sparka til pappkruset deira og ropte at dei fekk dra seg heim att. Dei fekk mindre pengar nå enn dei gjorde i begynnelsen, og at femti kroner var omtrent det dei fekk i koppen ein gjennomsnittleg arbeidsdag.  Då dei vart spurde kva som var verst, så sa dei alle tre at dei sakna barna sine i Romania veldig, dei vart nå tekne hand om av fedrene og slektningane sine, medan mødrene var tiggarar i Oslo for å kunna forsørga dei og tena til skulepengar. Då dei vart spurde kva ynskjer dei hadde for framtida, sa Simona at hennar draum var at dottera aldri skulle trenga å tigga på gata.

Simona fekk nokre spørsmål i samband med intervjuet i avisa, og ho gjentok at ho bad veldig mykje. Dei som leda møtet spurde om ho kunne tenkja seg å be for alle som var der. Det sa ho at ho ville gjera. Ho vart oppfordra til å be høgt, og prøvde først på engelsk, men då ho vart oppfordra til å bruka sitt eige språk, kom det ei lang, varm og inderleg bøn på eit språk eg ikkje forstod, bortsett frå noko som måtte vera ordet «Jesus».  Det kjendest godt å høyra på. Det vart spontant send rundt ein hatt i forsamlinga, tenk at det tilfeldigvis var ein hatt i rommet, for å samla inn pengar til støtte for eit prosjekt Kirkens bymisjon driv, der dei skal prøva å gje yrkesopplæring til romkvinner medan dei er i Norge. Dei uttalte sjølve at ein av dei jobbane som kunne vera aktuelle er som syerskar ved systover og kledesindustri i Romania. Dei vil derfor få opplæring i saum frå kyndige folk i her i landet.

Då møtet var over, gjekk eg fram til Simona for å takka for det fine intervjuet i avisa. Ho var ei nydeleg jente, på alder med eldsteguten min, men allereie mor til ein sjuåring. Ho likna ei gotisk madonna, der ho sat og smilte eit litt sjenert smil medan ho høyrde på kva eg hadde å seia. Så gav ho meg ein lang og varm klem. Eg sa at eg skulle tenkja på henne og hugsa på både henne og dottera når eg bad til Gud. Då reiste ho seg opp og gav meg ein klem til, og utan at eg heilt forstod korfor, begynte tårene mine å renna.

Eg seier ikkje at eg har enkle løysingar på problemstillingane rundt Romfolket, og eg veit ikkje alt om korleis det er lurt å forhalda seg til dei. Det eg seier er at eg har sett ansiktet til minst ei av dei, og kjend att noko i blikket hennar. Eg veit ikkje om eg kjem til å gje pengar eller mat til alle tiggarane eg møter verken i byen min eller i Oslo. Det eg veit er at eg kjem til å våga å møta blikket deira, og kanskje prøva å formidla noko godt. Eg skammar meg over å ha landsmenn som snakkar til dei med kalde stemmar og sparkar pappkrusa deira vekk med harde skotuppar. Då eg gjekk på sundagsskulen og var ei lita jente, var blinde tiggarar og andre tiggarar noko som bare fantest i forteljingar, på plansjar og på flannellograftavler. Nå har dei fått ansikt og roper så høgt at me høyrer stemmane deira.

korsveiparade

Eg trur på eit fargerikt fellesskap der det er plass til alle og folk tek vare på einannan, og eg trur på Kirkens bymisjon og alle andre som trur at dei kan forandra verda, i alle fall, bittelitt, og eg bruker eit bilete frå folkefestparaden på Korsvei som illurstrasjonsfoto.

*

Og kanskje desse orda frå ei dikt kan ha ei meining i denne samanhangen?

Dagane som kjem er eit vasskilje,

Du må forbetre portrettet ditt av Gud,

og gjera det enklare.

John Ashberry

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: