Gå til innhald

Sagt med bilete

juli 25, 2013

Såkornekspedisjonen prest sandalar

Som dei fleste som les det eg skriv har fått tak på, så er Korveifestivalane i Seljord ein stad der eg verkeleg kan sjå og kjenna himmel møta jord.

Det er eit fargerikt, kreativt, modig og spirituelt fellesskap som tek gjer plass til heile menneskelivet, og samtidig hjelper oss til å løfta fokuset vekk frå vår eigen navle og nasetipp.  Dei fire vegvisarane: «Bygge fellesskap, leve enklere, søke Jesus Kristus og fremme rettferdighet», er lette å kviskra ja og amen til. Verre kan det vera når me skal ut og leva kvar i vårt, å hugsa at desse retningsvisarane skal minna oss på kva som eigentleg er det livet me ynskjer å strekkja oss etter å leva.

I år hadde me til og med solskin og fint ver, og for eigen del så gjer det sjølvsagt heile opplevinga eit løft dette at her møter eg både gode vener som bur langt borte slik at eg ser dei alt for sjeldan, og det at eg møter menneske frå heile mitt vaksne liv og ungdomsliv som eg nesten bare møter der. Eg opplever ofte at orda ikkje heilt strekk til når eg skal prøva å forklara nokon kva korsveibevegelsen eigentleg er. Fotografen Lars Verket har lagt ut fantastiske bilete på Korsvei si heimeside, som ein får lov til å bruka dersom ein merker dei med : foto: Lars Verket. Dette har eg nå gjort så godt eg bare fekk det til, og eg anbefalar alle å klikka på linken nedanfor. Eg synest det fortel mykje om det eg nettopp har vore med på. Eg ville gjerne vald ein utsnitt av bileta og kommentert dei, men det fekk eg ikkje til. Sjå og nyt. Dersom du lurer på noko du ser, så skal eg svara så godt eg kan.

 

_L8V4285

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: