Gå til innhald

Babettes gjestebud

juli 26, 2013

rast i elva

Ein dag under Korsveifestivalen gjekk eg som vanleg til tunet vårt for å eta lunsj. Der stod Torun og fortalde at i dag inviterte ho oss på picnic. Astrid var varsla, Lars var på møte, og Leif skulle tilkallast til sms. Astrid og Torun var einige om at nå måtte me finna oss ein fin plass i skuggen.
«I SKUGGEN??? » spurde eg sjokkert. Eg som kom frå vestsida av fjella, hadde sett så lite av sola at det kjendest natusrtridig å skugga unna. Men begge venninnene mine var heilag overbeviste om at nettopp skuggen var det einaste fornuftige, så då måtte eg gje meg. Det neste kriteriet var at det burde vera ein sval plass. Torun hadde snakka med ei som sa at det var nokre fine plassar langs elvebredden, eller kanskje det var rettare å seia «bekkebredden», for elva langs Dyrskuplassen var det mest ikkje vatn i. Me fann ut at for å finna den aller beste plassen, så var det lurt å vassa over til den andre sida. Med så lite vatn som det var i elva, så var det heilt greitt, sjølv om nokre av steinane var nokså sleipe å gå på. Eg måtte innrømma at livet på skuggesida med beina dyppa i kjøleg vatn, var ganske paradisisk. Torun diska opp med ost og knekkebrød, med vaniljeyoghurt, moreller, jordbær, varmt vatn på termos og pulverkaffi. Kjærasten min kom etterkvart med ferske bollar og ein dunk med drikkevatn. Eiit fargerikt badehandkle vart picnicduk. Biletet gjer ikkje full rettferd til situasjonen. Det heile var endå meir idyllisk enn det ser ut til å vera.

Åsa Molin, som var ein av hovudtalarane på festivalen, refererte forteljinga om Babettes gjestebud av Karen Blixen. Om korleis dette kjærleiksmåltide,t laga av ei tenestejente som eigentleg var kokke på ein restaurant i Paris, forløyste eit miljø som ytre sett var heilt ulasteleg, men som mangla nestekjærleik og mellommenneskeleg varme. Tenestejenta brukte alle pengane ho overraskande hadde vunne på dette, og dermed vekk å returnera til sitt gamle liv i Paris.

Og, ja, eg er svak for gode måltid saman med andre menneske. Litt meir glad i det enn kva godt er på mange måtar, så nå i kveld nøyer eg meg med fotografisk mat i staden for å eta kveldsmat, og nei, ein blir ikkje mett av det, men bileta er då ganske fine.

lunsj Eva Mari

Denne lunsjen baud Eva Mari på før me skulle køyra over fjellet på tysdag. Som tilbehøyr fekk me varme kvitlauksbaguettar og müslibollar. Kjempegodt.

rømmegraut vest telemark

Utpå ettermiddagen same dagen, ankom me Vest-Telemark folkemuseum, der dei hadde ein restaurant med tradisjonell norsk mat. Me kom der tre minutt før stengetid, og det var eigentleg slutt på servering av varm mat, men sidan dei framleis hadde ei gryte med det dei lokalt kallar varm rjomegraut, så fekk me lov til å kjøpa det. Det var akkurat det me hadde lyst på, så me var glade, svoltne og takknemlege. Flatbrødet var ein slags heimebakt variant, bakt på veldig grovt mjøl, og safta smakte rips.

Som de forstår så er det ikkje synd på meg, sjølv om kveldsmaten min for anlendninga er ein kopp varm buljong… Og kanskje eg lagar meg noko veldig godt i morgon, som kanskje liknar på dette…

Rugsprø med cc og bær

Og sidan eg har slått an tonen, trur eg rett og slett at eg let gjestelyrikar vera gjestelyrikar akkurat i kveld, og heller avsluttar med eit av mine eigne dikt:

Tre ting eg alltid fryktar

badevekta,

likesæla

og min eigen skugge over jorda.

🙂 Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: