Gå til innhald

Ut og samla solskin

juli 25, 2013

Oscar og eg på sommarkveldstur

På Korsveifestivalen begynte føremiddagen med at alle var samla til «Alle rundt manesjen», og så gjekk barna ut til ulike barnegrupper, medan dei vart sungne ut av Tore Thomassen som song ei og ei linje medan forsamlinga gjentok siste ordet:

«Jeg går og samler solskinn, solskinn. Jeg nynner fuglesang, fuglesang. Jeg har så lette føtter, føtter. Snart legger de på sprang, på sprang.»

Og det er jo ein fin aktivitet å begynna dagen med. Det er nå me må samla solskin i bøtter og spann og koka det på same måten som saft og syltetøy, slik at me har litt å ta av til vinteren. Då kan det trengast. Dagen har vore varm og fin. Eg og Sunniva tok med oss Oscar og reiste til mor og far der me åt graut og drakk kaffi ute i sola. I kveldinga, når lufta vart sval nok for ein litt kortpusta liten mops, gjekk eg og Leif ein lengre tur med han. Mannen min med kamera med macrolinse og eg med hund. Me hadde nemleg planar om nokre bilete me kunne spara til vinteren saman med solskinet…

Og visst vart dei fine? Det er ein flink mann eg har. På same måten som Oscar kviknar eg til om kveldane, så nå har eg tenkt å ha ei lang skriveøkt. Det er ein velsigna tanke at eg ikkje vil bli vekt av vekkerklokka i morgon tidlig. Akkurat det er nesten det aller finaste med å ha sommarferie spør du meg. Kveldar når ein slepp å tenkja på å telja timar til ein må opp neste morgon, det er for meg forbunde med stor fridom og stille glede…

Raud rose i juli

Rosene er på sitt finaste akkurat nå.

vannlijer i juli

Og vannliljene på Tjødnå er minst like fine.

I dag heiter huspoeten min Jan Askelund, og han har faktisk jobba her på Bryne i ei årrekkje. Boka eg skal sitera frå heiter «Klovnens sjeldne yrke». Dei som kjenner meg veit at eg er glad i klovnar og narrar. Det hender eg kjenner meg som ein av dei. Eg seier som Bjørn EIdsvåg:

» Eg lure på om det e klovnar me e

te allmenn lått og løye,

men får me sjå små miraklar som kan skje,

så får det´kje ver så nøye.»

*

Og så nokre fine ord frå Jan Askelund:

Dette er henta frå munnen til Henriette fem år, og er heilt vidunderleg:

Viss du drøymer

om nokon vi kjenner,

så hels frå meg.

(Henriette Askelund 5 år)

 

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: