Gå til innhald

Leika lyrikar

juli 29, 2013

Du veit den kjensla ein kan ha etter ein eksamen… Er dette verkeleg bra, eller er det heilt hinsides dårleg? Det er litt slik det kjennest å dukka ned i alt det som viste seg å liggja på harddisken min, eller i dei mange notisbøkene mine av dikt og halvferdige tekstar. Plutseleg ser eg att tankar og kjensler eg i grunnen hadde gløymt at eg har hatt, men plutseleg hugsar eg det både med kroppen og tankane. Det merkelege er i grunnen at eg ikkje ante at eg verkeleg hadde så mykje ubearbeida stoff. Eg må ha tenkt, skrive, lagra og gløymt, og det er kanskje like bra? Nå sit eg her og har gitt meg ein føremiddag til å leika lyrikar, det er ganske fint, men altså og ein smule forvirrande…

Landskap med høg himmel

Nå skal eg ta med eit par av dei dikta som eg ikkje er sikker på om er fine eller bare merkelege… For meg seier dei noko, så klart, men kva med andre som les…

 *

Ofte nok
ser du deg forundra omkring,
prøver å finna halvtimen
du høyrer heime i
 før tida forsvinn att.
 
Strikkesjal og varm te
skal du aldri meir forakta.
 
For det finst alltid
ventande rom.
 
Rom du skal inn i
i sommarkjole eller sørgedrakt.
 
Du skal halda deg fast
i alle dine augneblikk
stå med rank rygg
og bu i tida.
 
Du skal ikkje bare
sjå deg tilbake
eller kasta blikket
tankelaust framover.
 Heidi

Eller dette?

Hengekøyer
skulle me hatt fleire av
og heilt sikkert
skulle det vore fleire forunt
å få trillingar
ein eller annan gong i livet,
men ein eller annan stad
er livet er fullt av kransekake,
og bak motbakkane lengst ut mot havet
blenkjar med blondedraperier
av sand og skum.
 
Alltid er det dekka bord ein stad
med levande lys.
med brød og grøne druer.
Heidi

Dei blå stolane
står og ventar.
Gatene kjem springande mot oss
med nye tider på urskivene
høgt heva over fortaua
 
På talarstolane står det oftast
ein ellar annan og brenn,
medan vegvisarar peikar
i forvirra vegkryss
mot stadar
det er alt  for lenge sidan
me har besøkt.
 
Me gret stille
medan me syng halleluja
og bestemmer oss
for å opna oss att
roleg , roleg
mot livet.
 
Heidi

Det siste diktet handlar om det å oppleva sorg. Ein heil del av tekstane gjer akkurat det. Det har vore mykje sorg det siste året. I løpet av fjorten månadar mista me fire nære familiemedlemmar. Dei fleste av dei var heldigvis kome til den delen av livet der det er naturleg å døy. Eg tek med nokre dikt om sorg og.

Sorga
etter deg
ei pute av ordløyse i strupen
ein svart liten fugl bak ribbeina
 
kvalme som fyller halsen
eit veksande tomrom rundt hjartet
 
der tonane skjelv
frå strenger i moll
mjuke, men utan stemme
 
for kva skulle ein vel seia
kva skulle kunna bera meining?
Heidi

*
Det var det året me tok farvel,
stod tårøygde ved kvite kister,
bada i orgelmusikk,
og var på førenamn med dei frå byrået.
Det året me forfatta tekst til kvite sløyfer,
og annonser i avisene,
vog ord på gullvekter,
og leitte hol i salmebøkene.
Det var det året me skreiv talar
fylde kasse etter kasse
med alt ingen åtte lenger
me sov med mobilar på nattbordet
og høyrde ofte englane gråta før frokost.
Det var året for kvite liljer,
roser og gode ord,
då blomsterlukta
nesten ikkje forsvann frå stova.
Men visst snudde me kalenderblada
og visst gjekk livet vidare.
Og aldri har me undra oss så mykje
over det å vera levande.
 Heidi
*
Eit og anna storband
spelte taktfast
ein stad i bakgrunnen.
 
Mennene i prosesjonen
løfta forsiktig og ærbødig
på hattane sine
før spaserstokkane small
taktfast bestemte mot brusteinane. 
 
Me bar deg til grava
og gråt
medan me song halleluja.
 
Me bar deg vekk
og sidan var du her
ikkje lenger.
 
Men likevel
skal me leva
leva i eit bruste halleluja.
 
Du som bur i minnene,
skal rett som det er
vinka til oss derifrå .
 
Me skal tørka tårer,
løfta blikka
og halda oss fast
i eit trassig halleluja.
 
Det er alltid nokon
som vakar
over oss alle,
alltid nokon
som står der
med ein fast arm
om skuldra di
og eit blikk

fullt av engsteleg varme

  • uver Jæren

Dersom nokon vågar å prøva seg som konsulent, og seia kva dei opplever fungerer og ikkje, så skal eg vera modig takknemleg. Eg understrekjer for sikker heits skuld at desse tekstane reknar eg ikkje som ferdige endå.

Men for at det skal vera litt ferdig og bra lyrikk for deg som har lese heilt til hit, så slepp eg nå til dagens gjesteslyrikar, som i følge den alfabetiserte bokhylle mi er,… eh skal sjå etter… ei dame som heiter Kari Bakke. Det er ei diktsamling eg fann heime hos svigerforeldra mine, og som i si tid er utgått frå Bærum bibliotek. Så bra at det går å kjøpa bøker som biblioteka ikkje har plass til lenger.

Ordene
Jeg går med ord i lommene
Holder dem i hånden
for å prøve deres tyngde.
Deres egenvekt.
Da hender det at ett
sprenger seg lysning i meg
Gnistrer til
og viser ansikt
Og jeg blir stående

stum som så jeg et gjenferd.

Kari Bakke.

Då får eg dukka tilbake til alle orda…

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

From → Poesi, Skriving, sorg

2 kommentarar
  1. Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Det er sterke saker dette, Heidi. «Det var det året me tok farvel..- Det året me forfatta tekst til kvite sløyfer,
    og annonser i avisene,
    vog ord på gullvekter,
    og leitte hol i salmebøkene.
    Det var det året me skreiv talar
    fylde kasse etter kasse
    med alt ingen åtte lenge
    me sov med mobilar på nattbordet
    og høyrde ofte englane gråta før frukost.»
    For meg- og truleg for mange av dei som har mista nokon som stod oss nær, gjev orda dine meining- og ikkje minst rom for ettertanke. Eg skal ikkje gje meg ut på anna enn sei takk for alt du deler. Det er kvardagsord her som seier meir enn tusen lange talar. Og desse dikta du la ut i dag, gjekk rett inn. Takk igjen, Heidi, for ord som set ord på det ordlause. Jarfeld

    • Tusen takk, Jarfeld. Eg er kjempeglad for respons. Eg fekk og nokre kloke ord på mailen på facebook. Det er så fint at nokon ser med sine auge, for det er ikkje alltid eg stolar på mine eigne. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: